Koronaåret 2020 gjekk betre enn frykta. Dei fleste forskingsinstitutta klarte seg godt.
LUKK
Annonse
Annonse

Koronaåret 2020 gjekk betre enn frykta. Dei fleste forskingsinstitutta klarte seg godt.

Av Johanne Landsverk

Publisert 9. mars 2021 kl. 22:37

Fleire forskingsmidlar og auka grunnfinansiering vart redninga for mange institutt i 2020.

Spådommane var dystre for forskingsinstitutta då koronakrisa ramma Noreg. Men korleis har institutta eigentleg klart seg gjennom pandemien?

– For prosjekt som har tilleggsfinansiering frå Forskingsrådet, var det faktisk ein svak auke i 2020, seier Vincent Fleischer ved Sintef.

– Takk vere gode støtteordningar og krisepakker har det samla sett gått betre enn vi frykta, seier Vincent Fleischer, strategi- og kommunikasjonsdirektør i Sintef.

– Ved inngangen til koronakrisa såg vi for oss eit fall i dei samla inntektene på 10 prosent, og dette slo til for dei «reine» industriprosjekta som ikkje har offentleg medfinansiering. Men for prosjekt som har fått tilleggsfinansiering frå Forskingsrådet, var det faktisk ein svak auke i 2020, seier han.

Meir pengar å søkje på

Våren 2020 kom regjeringa med ei såkalla grøn omstillingspakke, som blant anna inneheldt ei ekstra løyving på 260 millionar i grunnfinansieringa til næringsretta institutt, 30 millionar til miljøinstitutt og 15 millionar til primærnæringsinstitutt. Dei samfunnsvitskaplege institutta fekk derimot ikkje ekstra grunnfinansiering.

No viser ei kartlegging gjennomført av Forskingsrådet at dei fleste institutta ser ut til å ha klart seg godt gjennom 2020. Ekstraordinære utlysingar av midlar gjennom Forskingsrådet har bidrege sterkt til dette, og for mange har ekstra grunnløyving vore avgjerande. Dette kjem fram i eit brev frå Forskingsrådet til dei fire departementa som bidreg med grunnfinansiering til institutta, og som Forskerforum ha fått innsyn i.

For Sintef har ekstraordinære utlysingar av midlar frå Forskingsrådet vore svært viktig.

– Næringslivet har fått meir pengar å søkje på innanfor innovasjon og omstilling. Så omstillinga og grønt skifte i norsk industri held fram, og i aukande grad skjer dette ved hjelp av offentleg finansiering eller risikoavlastning, seier Fleischer.

Han viser også til den ekstraordinære auken i grunnfinansieringa.

– Dette gav full framdrift i teknologiutviklinga også i næringar som har slite under koronakrisa og der det ennå ikkje finst bedrifter som kan ta ny grøn teknologi i bruk, seier han.

– Tregare å få med næringslivet

Monika Sandnesmo ved forskingsinstituttet Norce framhevar regjeringa si satsing på såkalla «Grøn plattform», ei treårig ordning der institutta og næringslivet kan søkje om midlar til grøn omstilling.

Ved Norce har petroleumssektoren merka krisa best. Her frå boresimulatoren Ullrigg. Foto: Hung Ngo

– Prosjektmidlar frå «Grøn plattform»-satsinga er svært viktig for eit institutt som Norce. Det er innanfor petroleumssektoren vi har merka koronakrisa best. Nokre forskingsprosjekt har vorte kansellerte, og vi har opplevd at deltakarar har trekt seg ut midt i prosjektperioden. Generelt merkar vi at det går tregare å få med næringslivet på nye prosjekt, seier Sandnesmo, som er fungerande leiar for samfunnskontakt og kommunikasjon ved Norce.

Ho meiner det er for tidleg å seie i kva grad koronaepidemien har ført til oppdragstørke ved dei ulike avdelingane.

– Mykje av samfunnsforskinga vår er offentleg oppdragsforsking, og også der kan det vere mindre vilje til å setje i gang nye prosjekt. I kva grad dette er eit problem, er vanskeleg å seie. Men det vi veit, er at tiltakspakkene frå regjeringa har vore utruleg viktige, både ekstra grunnløyving til dei næringslivsretta institutta og fritak frå arbeidsgjevaravgift.

Mange offentlege oppdrag

Ved Institutt for samfunnsforskning (ISF) i Oslo har 2020 vore eit godt år.  

– Instituttet vårt er i stor grad retta inn mot offentleg sektor, og vi har ikkje merka at det har blitt mindre oppdrag eller færre utlysingar. Det er tydeleg at direktorat og departement har vore svært bevisste på å bestille forsking, seier direktør Tanja Storsul ved ISF.

Ho får støtte av direktør Karl Gunnar Sanda ved Telemarksforsking. Også dette instituttet har flest oppdrag frå offentleg sektor.

– No merkar vi at kommunane må prioritere koronakrisa, seier Karl Gunnar Sanda. Foto: Telemarksforsking

– Departementa, direktorata og ikkje minst Forskingsrådet var svært flinke til å kome med ekstra utlysingar av midlar i starten av koronakrisa. Så fjoråret gjekk bra for oss, seier Sanda.

Men Telemarksforsking har ein svakare inngang til 2021.

– Etter årskiftet er vi i ein fase med større oppdragstørke. Særleg kommunane ser ut til å måtte prioritere koronakrisa framfor å vere deltakarar i forskings- og innovasjonsprosjekt. Det eg er bekymra for, er at det vil ta tid før offentleg sektor er oppe og går igjen, seier han.

Usikkert for 2021

Forskingsrådet har bede institusjonane om å estimere mogleg bortfall av inntekter for 2021 som følgje av epidemien. I midten av februar hadde 18 av 32 institusjonar meldt inn tal. Institutta har til saman meldt inn eit mogleg inntektsbortfall i 2021 på 326 millionar.

– Av dette er 170 millionar kroner oppdrag for næringslivet. Men også estimert bortfall i oppdragsinntekter frå offentleg sektor er ganske høgt: i alt 46 millionar kroner. Tala er meir optimistiske enn for 2020, men gjev likevel grunn til uro, seier Asbjørn Mo, avdelingsdirektør Instituttpolitikk og sektorsamspill i Forskingsrådet.

Han seier fleire institusjonar er tydelege på at økonomiske kriser har ein tendens til å ramme først eitt til to år etter krisa oppstod.

– Dette heng saman med at ein betydeleg del av oppdragsmidlane er knytt opp til fleirårige kontraktar.

– Må utnytte kapasiteten

Per 1. januar 2021 hadde forskingsinstitutta berre éin permittert medarbeidar som følgje av koronapandemien. Ifølgje Forskingsrådet er det viktig for institutta å utnytte forskarkapasiteten heller enn å permittere. 

– Om situasjonen utviklar seg slik at institutta får dårlegare ordrereservar, er det viktig at vi ikkje sender forskarane ut i arbeidsløyse, men heller gjev dei forskingsmidlar. Det er mykje betre for samfunnet å utnytte forskarkapasiteten til å løyse samfunnsutfordringar og legge grunnlag for ny utvikling i næringslivet, seier Asbjørn Mo til Forskerforum.

  • Les også: