Samfunnsvitskaplege institutt: –Skuffa over manglande krisestøtte
LUKK

Samfunnsvitskaplege institutt: –Skuffa over manglande krisestøtte

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. juni 2020 kl. 07:16

Samfunnsvitskaplege institutt mistar oppdrag for 70 millionar kroner. Men del av krisepakka får dei ikkje.

Like før pinse kom regjeringa med ei såkalla grøn omstillingspakke, med forslag om ein ekstraordinær auke på 260 millionar i grunnfinansieringa til næringsretta institutt, 30 millionar til miljøinstitutt og 15 millionar til primærnæringsinstitutt. Men dei samfunnsvitskaplege institutta har ikkje fått krisehjelp.

– Vi er skuffa over at instituttet ikkje har fått hjelp av omstillingspakka frå regjeringa, sier direktør Tanja Storsul ved Institutt for samfunnsforsking (ISF) i Oslo. Ho meiner at også dei samfunnsvitskaplege institutta i Noreg treng støtte.

– Også dei samfunnsvitskaplege institutta er tungt ramma av denne situasjonen. Institutta våre og forskinga vår er ganske avgjerande for å få til den omstillinga samfunnet har bruk for, seier Storsul.

Tapar 70 millionar

– Også dei samfunnsfaglege institutta må få del av krisepakkene, seier Tanja Storsul. Foto: ISF

Ho seier mange institutt no registrerer ein stor nedgang i oppdrag frå både offentlege og private oppdragsgjevarar.

– Mange opplever også at internasjonale oppdragsgjevarar og prosjekt blir vanskelege å gjennomføre. Forskingsrådet har rekna ut at inntektsbortfallet på grunn av koronakrisa utgjer 70 millionar for 2020 for dei samfunnsvitskaplege institutta, seier Storsul.

– Difor håpar vi på ei endring når dette skal opp i Stortinget, slik at også samfunnsvitskaplege institutt får del av krisepakkene.

– Vi er engstelege for hausten

Direktør Karl Gunnar Sanda i Telemarksforsking er einig. Han meiner koronakrisa har vist at omstillingsbehovet er like presserande i offentleg som privat sektor, og viser til at Forskingsrådet har foreslått ei ekstra grunnløyving til heile instituttsektoren på 700 millioner kroner.

– Det er grunn til å vere skuffa over at Forskingsrådets forslag om auka grunnfinansiering også til dei samfunnsvitskaplege institutta, ikkje blir følgd opp i den siste tiltakspakka. Desse institutta er på mange måtar offentleg sektor si «forskingsavdeling» i kraft av dei faglege bidraga sine til omstillinga av sektoren. Telemarksforsking har brukbar prosjektdekning no, men vi er engstelege for kva som skjer til hausten og i 2021, seier Sanda.

– Telemarksforsking er påverka av krisa, men heldigvis har vi unngått perimitteringar, seier Karl Gunnar Sanda. Foto: Telemarksforsking

Ein stor del av inntektene til Telemarksforsking er oppdrag for kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltninga.

– Prosjektaktiviteten vår har blitt påverka gjennom at kommunane har hatt anna å tenke på enn å arbeide med omstillingsprosjekt saman med oss. Difor har vi ikkje fått gjort planlagte oppgåver. Vi har prøvd å dekke opp ledig forskarkapasitet ved å jobbe med artikkelproduksjon, og har dermed unngått permitteringar, seier Sanda.

Han vonar Stortinget også vurderer omstillingsbehovet i offentleg sektor når dei skal vedta denne siste tiltakspakka.

– Vil prioritere næringslivet

Kent Gudmundsen (H) som er nestleiar i Utdannings- og forskingskomiteen, seier regjeringa har eit ønske om å rette tiltaka inn mot næringslivet.

– Vi ønskjer å få til aktivitet og innovasjon i næringslivet for å kome oss best mogleg ut av denne krisa. Det betyr ikkje at ein ikkje skal legge til rette for at dei andre institutta skal ha gode vilkår. Men vi er nøydd til å prioritere i ei krevjande tid, og då er vi opptatt av å målrette tiltaka, seier Gudmundsen.

Nina Sandberg (Ap), som også sit i komiteen, seier dei ulike partia no er midt i forhandlingane både om ulike krisepakker og revidert nasjonalbudsjett.  

– Alt eg kan seie, er at vi er kjend med utfordringa for dei samfunnsvitskaplege institutta. Vi jobbar med saka også i opposisjonen, seier Sandberg til Forskerforum. 

Saknar midlar til andre institutt

Leiar i Forskerforbundet, Guro Elisabeth Lind, er glad for løyvinga på 260 millioner kroner til dei teknisk-industrielle og marine forskningsinstitutta.

– Dette er ei viktig løyving, sjølv om vi skulle ønske at den lå nærare Forskingsrådets tilråding. Meir problematisk er det at det ikkje ligg midlar til forskingsinstitutt i andre sektorar, som også gjev svært viktige bidrag til den grøne omstillinga. Eg håpar Stortinget ser behovet for ytterlegare midlar til instituttsektoren, uttaler Lind i ei pressemelding.

  • Les meir: