Kritiserer bokmelding: – Nokså sterk og framand kost
LUKK
Annonse
Annonse

Kritiserer bokmelding: – Nokså sterk og framand kost

Av James Godbolt, forfattaren av boka Nesten norsk

Publisert 11. desember 2020 kl. 11:04

Forfattar James Godbolt reagerer på krass melding av boka "Nesten norsk" i Forskerforum.

Boka Nesten norsk vart meld i Forskerforum nr. 10/2020. Meldaren er svært kritisk til framstillinga om framveksten av det fleirkulturelle samfunnet i Drammen 1970–2020. Alt i overskrifta «hvitt og enøyd» gir Siri Lindstad uttrykk for å vere svært skuffa over innhaldet i boka.   

James Godbolt

Forma i meldinga meiner eg er uhøveleg: Ei slik avvising av eit forskarverk er nokså sterk og framand kost i eit tidsskrift som skal vende seg til forskarar. Eg reagerer òg på at Lindstad bruker hudfargen kvit for å skildre eit fleirtalsperspektiv. Det er ikkje berre stigmatiserande og delegitimerande i dagens debatt om integrering og rasisme, men også misvisande. Kva med flyktningane frå Balkan som var svært viktig i 1990-talets innvandringshistorie og alle «dei melaninrike» som faktisk er med og drive storsamfunnet Drammen?

Så var det innhaldet i kritikken. Trass i informasjonen i innleiinga og fleire oppsummerande passasjar har Lindstad ikkje forstått at boka dreier seg om samfunnsmedlemskap – korleis drammensarar av ulikt opphav har rigga til samfunnet for å møte utfordringane med medborgarskap i det fleirkulturelle samfunnet. Når dette perspektivet er lagt til grunn, er det ikkje urimeleg, gitt dei asymmetriske makttilhøva i møtet mellom innvandrarar og fleirtalsbefolkninga, at framstillinga handlar mykje om institusjonar og prosessar der etnisk norske drammensarar har hovudrollene. Men inneber dette at framstillinga i boka er «enøyd» og tolkingane tendensiøse? Innvandrarane i Drammen er i høgste grad til stades i boka, både i arbeidslivet, sivilsamfunnet og lokalpolitikken. Dei er òg tatt med i diskusjonane om omstridde spørsmål som religionsutøving og likestilling.

Lindstad ville gjerne hatt ei anna tilnærming bygd på eit nedanfrå og aktørsentrert perspektiv. Men eit slikt perspektiv føreset kunnskapar om fleirtalssamfunnet som minoriteten bryner seg mot. I så måte håper eg at framstillinga mi vil kunne leggje grunnlaget for anna forsking og formidling der dei etniske minoritetane i større grad utgjer hovudaktørane i den norske integreringshistoria.

Hver måned anmelder Forskerforum bøker skrevet av forskere. Her finner du alle våre anmeldelser.