Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Meninger

«Kultur for kvalitet i høyere utdanning». «Konsentrasjon for kvalitet». Det er på tide å pirke i ordet «kvalitet».

I stortingsmeldinga om kvalitetet i høgare utdanning er ordet brukt 514 gonger.

Lovnad om innhald: Vi spør ikkje nokon om kor låge dei er.

«Kultur for kvalitet i høyere utdanning». «Konsentrasjon for kvalitet». «Forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning.» Treng eg å seie meir? Ja, eg seier at kvalitet er eit høgfrekvent ord i språket om norsk forsking og høgare utdanning. I det fyrstnemnde dokumentet – ei stortingsmelding – er ordet i ulike former brukt 514 gonger.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

– Kva er opphavet til ordet kvalitet?

Våge: Vi kan iallfall gå tilbake til den romerske politikaren og forfattaren Cicero. Han tok på seg å etablere eit latinsk omgrepsapparat i filosofi. Han gjekk til dei gamle grekarane som Platon og fann m.a. ordet poiótēs (i tydinga kva slags, kva natur), som han omsette til qualis. Det har med eigenskapar å gjere, «beskaffenhet».

– Kvifor trur de ordet er så mykje brukt om forsking og utdanning?

Våge: Det gjeld ikkje berre desse felta. Kvalitet og kvalitetssikring gjennomsyrer samfunnet. Eg trur det speglar ein samfunnstendens med styring, kontroll og standardar. I det innfløkte samfunnet i dag har tillit fått ei mindre rolle, medan kvalitetskontroll har vorte avgjerande.

Fakta
I språkspalta har vi fast hjelp av to terminologar, som uttalar seg berre på vegne av seg sjølve.

Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i spalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

Kristiansen: Eg har søkt på bruken av ordet i ulike former i basen til Nasjonalbiblioteket. Samansette ord som kvalitetskontroll og kvalitetssikring har vore i bruk alt før 1950, men talet på samansetjingar etter 1950 har auka, og bruken av desse har blitt hyppigare. Eg vil tru det skuldast eit behov for å rangere nivå på mange område, til dømes byggekvalitet.

– I sektoren vår var 2003 eit sigerrikt år for ordet med kvalitetsreforma i høgare utdanning og etableringa av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut). Det må vel òg ha spreidd kvalitetsevangeliet?

Kristiansen: Nokut er ikkje kun etablert for å vurdere om institusjonane har god nok kvalitet, men gode nok kvalitetssikringssystem. Universiteta og høgskulane må ha apparat for å kontrollere kvalitet. Dei må bruke ordet mykje sjølve.

– De koplar den auka bruken av ordet kvalitet til meir styring og kontroll. Er det òg uttrykk for eit engsteleg samfunn – eit samfunn med sykkelhjelm?

Våge: Samfunnet søkjer etter det føreseielege. Standard Norge (organisasjon som utviklar standardar/kvalitetskrav for blant anna bygg, journ. merk.) definerer kvalitet slik: «i hvilken grad en samling av iboende egenskaper ved et objekt oppfyller krav». Dette er ikkje ullent. Kan hende industri- og produksjonstankegang har smitta over på andre samfunnsområde som forsking og utdanning, med kontroll og kvalitetsomgrepet?

– Kvalitet har i mange samanhengar gått over frå å vere nøytralt om «beskaffenhet» til å tyde god kvalitet. Til dømes er ein «kvalitetsspelar» i fotball ein god spelar. Når kom denne forskuvinga?

Våge: Kjeldene er usikre, men kan indikere at kvalitet alt på 1300-talet vart brukt i positiv forstand på språk som engelsk, fransk og tysk – til dømes om adelskap. På 1800-talet finn vi denne tydinga i norske ordbøker og framandordbøker òg. I Knud Knudsens ordbok frå 1881 og andre ordbøker frå denne tida tyder kvalitet «egenskap, beskaffenhet», men «godhet» og «særlig god» er òg lagt til.

– Er ikkje det ein tilslørande kvalitet (orsak) ved ordet? Ein kan seie utdanningskvalitet  – utan å definere det – og vone at det gjev positive konnotasjonar?

Våge: Ordet har iallfall sleppt navlestrengen til etymologien. Det driv vidare utan at det er tydeleg på kva eigenskapar ein er ute etter når ein bruker det.

Kristiansen: No framstår ordet som eit aksiom, altså noko som vert akseptert utan prov. Dermed vert ordet langt på veg ubrukeleg. «Vi skal sikre kvalitet i høgare utdanning» – kva skal vi då sikre?

– Kvifor skjer ei slik forskuving frå det nøytrale til det positive?

Kristiansen: Kan det vere ei form for økonomisering? Det er lettare å seie til dømes «kvalitetsfilm», enn «film av god kvalitet». Kanskje vi òg snakkar mindre om det som ikkje når eit visst nivå – om det er fotballspelarar eller vin.

Våge: Dette vert rein spekulasjon, men kan det ha med marknadsføring i mellomalderen å gjere? Dersom ein skal selje noko, vil ein ynskje å framheve dei gode eigenskapane ved vara og heller teie om dei negative.

– At eit ord går over frå å vere nøytralt til å vere ladd på denne måten – heiter det noko?

Kristiansen: Då må eg nok spørje nordistane.

Og det gjorde ho. Helge Dyvik, professor emeritus, gav meg lov til å sitere frå svaret han sende på e-post:

«Det jeg umiddelbart kommer på, er semantisk spesialisering eller innsnevring. Skoleeksempelet er når ‘verpe’ innsnevres fra å bety ‘kaste’ generelt til å bety ‘kaste’ egg, utført av fugl. Men akkurat dette eksempelet er det vel også aktuelt å se i sammenheng med semantikken til skalaer for antonymer – ‘varm’ – ‘kald’, ‘høy’ – ‘lav’ osv. Et generelt trekk ved dem er at den positive enden av skalaen også brukes til å betegne skalaen selv. (Vi spør ‘hvor høy er du?’ uten å forutsette en høyde over gjennomsnittet, mens ‘hvor lav er du?’ har en presupposisjon om høyde under gjennomsnittet).»

For ein fantastisk gjeng som finst i akademia!

Heilt til slutt vil eg føreslå at denne gradbøyinga kjem inn på ex.phil.-pensum: urobust – kvalitet – eksellens.

  • Les også:

Profesjonsutdanninger trenger helhet, ikke rendyrking

Forskere skriver og skriver – til et lite knippe fagfeller. Hva går tapt når vi ikke lenger søker inn mot en felles akademisk tekstkultur?

Rekk opp hånda den som sukker over ordet «bærekraft». Men ikke på samling på Ås, der vi spør: Hvordan kan høyere utdanning bidra?

Når falsk publisering vokser raskere enn ekte forskning, står vitenskapens troverdighet i fare

Hvis ikke grunnbevilgningene økes, må øremerkingen tilbake

Ingen tvang meg til å bli professor eller til å publisere en hel masse mens jeg hadde barn. Jeg bare gjorde det.

Akademisk frihet og ansvar: Svar til Helgheim

Også politikken taper hvis forskerne legger bånd på seg

Lukk meny