– Fjorduniversitetet er det dårlegaste framlegget
LUKK

Kva skal eit nytt universitet på Vestlandet heite?

– Fjorduniversitetet er det dårlegaste framlegget

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 18. januar 2022 kl. 23:19

Men kva med Universitetet på Vestlandet, Universitetet i Vest eller Vestlandsuniversitetet? Her er dommen frå Forskerforums språkekspertar.

Fakta
I språkspalta har vi fast hjelp av to terminologar, som uttalar seg berre på vegne av seg sjølve.
Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.
Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.
Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i spalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

Men fyrst: Kva norske ord kan ein ta i bruk for å arrangere ein konferanse? Ole Kristian Våge har i tidlegare spalter vurdert alternativ til innarbeidde engelske termar. I staden for «call for papers», landa han på «konferanserundskriv». Martin Strand luftar i eit e-brev framlegget «bidragsutlysning».

Våge: Det er eit godt tenkeleg og fullt brukbart ord. Innvendinga mi er at det er lite i bruk, og når ein kastar inn endå fleire norske synonym, konkurrerer dei med kvarandre og får vanskar med å feste seg.

Kristiansen: Rundskriv tyder særleg noko som kjem frå ei høgare styresmakt til underordna. Det har ein klang av noko offentleg, og det passar ikkje heilt på dei som arrangerer ein konferanse. Sjølv om Ole helst ikkje vil ha fleire kandidatar, vil eg føreslå «invitasjon til bidrag» eller «invitasjon til innlegg». Det kjem fram av samanhengen at det gjeld konferanseinnlegg.

Neste innsendar er «professor emeritus i fysikk og språknerd» Arne Reitan, som skriv: «Hovudinnleggshaldar ser veldig klønete ut. Hovedtaler/hovudtalar må vel være mye bedre!» Våge føreslo nemleg «hovudinnlegg» som avløysar til «key note» og bygde på til «hovudinnleggshaldar» i staden for «key note speaker».

Våge: «Hovudtalar» er eit godt innspel. «Hovudinnleggshaldar» er svært langt og knakar i samanføyingane. Men vil ««hovudtalar» fungere godt saman med sjølve handlinga, altså «hovudtale» på konferansen?

Kristiansen: Nei, ein tale er noko anna. «Key note» er eit innlegg eller foredrag.

– Kan ein gje slepp på sambandet mellom orda som vi har i «key note» og «key note speaker» og altså kalle det hovudinnlegg, men hovudtalar?

Kristiansen: Eg tykkjer det går heilt fint.

Våge: Ja, vi kan ikkje ta vekk eit ledd frå «hovudinnleggshaldar» og kalle det «hovudhaldar». Med «hovudtalar» vert mellomleddet overflødig. Men skal vi kome nokon veg med norske termar i sektoren, må nokon ha ein autoritet. Universitets- og høgskulerådet (UHR) har ei termgruppe. Skal vi oppmode dei om å kome med ein terminologi på dette området?

Kristiansen: Ja, det er sektoren som må ville noko. Det hadde vore fint om UHR og medlemsorganisasjonane kunne ta tak i det.

Termbanken til UHR inneheld fyrst og fremst «studieadministrative termar», og kan hende ligg dette i utkanten av det dei driv med. Eg sender like fullt ein førespurnad!

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

Språkspalta er glad i namnediskusjonar, og det neste emnet er Høgskulen på Vestlandet (HVL), som snart skal søkje om å verte universitet. Då treng dei eit nytt namn, og frå diverse kantar på høgskulen har det kome inn 21 ulike framlegg. Ei gruppe ved HVL har arbeidd fram denne kortlista på fire: Fjorduniversitetet, Universitetet på Vestlandet, Universitetet i Vest og Vestlandsuniversitetet.

– Ris eller ros?

Våge: Fjorduniversitetet er det dårlegaste framlegget. Eg skjøner ikkje koplinga.

Kristiansen: Gruppa bak rapporten argumenterer med at den engelske versjonen kan verte University of the Fjords eller Fjord University. Dei koplar kvaliteten ved namnet til det norske ved fjord og å byggje opp ein region i samband med turisme.

Våge: marketing, profilering…

Kristiansen: Ja, det går ikkje på det faglege.

– Ein slakt av Fjorduniversitetet, kan vi slå fast. Kva med Universitetet på Vestlandet? Som de har vore inne på i spalta før, bortimot slukar dette namnet Universitetet i Bergen?

Kristiansen: Slik vert det når to universitet har overlappande geografiske nedslagsfelt.

Våge: Men det er ein vesensskilnad. UiB har berre lærestader i Bergen. Høgskulen på Vestlandet er spreidd frå Haugesund i sør til Førde i nord.

Kristiansen: I rapporten trekkjer dei fram at forkortinga UVL er uheldig sidan ein kan assosiere det med uvel. Eg tykkjer ikkje denne innvendinga veg tungt, for forkortingar kan ein lage som ein vil.

– Universitetet i Vest er neste kandidat.

Kristiansen: Det tykkjer eg lite om. Kva og kor er vest? Vest i forhold til kva? Eg meiner at Universitetet på Vestlandet er betre sjølv om det er lengre.

– Eg stussar på den store V-en i Vest. Er det rett?

Våge: Nei, det skal vere liten v. Vest står her for ei himmelretning, ikkje eit geografisk område.

Kristiansen: Det er eit problem å krevje feil stavemåte, men uvanleg er det ikkje. Tenk på Helse Vest, som dei skriv sjølve…

Våge: … trass i at Språkrådet slår fast at namnet er Helse vest.

– Då er vi framme ved Vestlandsuniversitetet. No har de vel samla opp ein del ros?

Kristiansen: Dette er favoritten min. Eg har sans for forma, det er lett å seie. Det kling annleis enn UiO og UiB. «Vi er Vestlandsuniversitetet» – det er i tråd med profilen med å leggje stor vekt på utdanningar som svarar på behovet regionen har for arbeidskraft.

Våge: Eg vel Profesjonsuniversitetet på Vestlandet. Høgskulen på Vestlandet har markert seg som ein språkmedviten institusjon, og det kan dei halde fram med. Slik kan dei tydeleg vise at dei er ein arbeidslivs- og profesjonsretta institusjon. Men om eg må velje frå kortlista, seier eg Universitetet på Vestlandet. Det følgjer eit veletablert mønster for danning av universitetsnamn, er lett å skrive og gjer det geografiske nedslagsfeltet tydeleg.

  • Les også: