Av Kjetil Vikene
Publisert 6. mai 2025 kl. 13:51
Mursteinen av ei bok bygger på føredrag frå eit seminar i regi av Det Norske Videnskaps-Akademi hausten 2020 – med forskarar frå heile Norden. Det er frå dette seminaret boken hentar undertittelen. I seks tematiske delar blir vi serverte 31 kapittel som dekkjer alt frå molekylære analysar av skjelettrestar til tekstanalysar av forståing av helse, kropp og sinnslidingar i sagalitteraturen. De ulike bidraga er særs varierte, både i lengde og tema. Dei smalaste tek til dømes for seg helseråd i «Strofe 137 i Håvamål», medan vi i motsett ende av skalaen finn ei ekspansiv og djuptgåande naturvitskapleg utlegging om pestbakterien. Sjølv om boka for det meste handlar om Norden, er det òg plass til gode kapittel som set kunnskap og tradisjon inn i ei større ramme. Leiv M. Hoves kapittel om kirurgiens historie og Ole Didrik Lærums kapittel om pest og pandemiske sjukdomar tykkjer eg er særs gode. Desse og andre kapittel gjev lesaren ei ramme for medisinsk forståing av både lækjarpraksisar og sjukdommar, samstundes som det nordiske kunnskapsnivået om helse vert samanlikna med Europa elles. Kor langt Norden låg etter, eller framfor, varierer. Sjølv syns eg det var kuriøst at vikingane blei sett på som særs hygieniske, og det er interessant å lese om avanserte kirurgiske praksisar som t.d. keisarsnitt, eit inngrep i alle fall eg har trudd var av noko nyare tid.
Else Mundal, Kristin B. Aavitsland og Ole Didrik Lærum (red.)
Kampen for livet: helse, sjukdomar og medisinsk behandling i Norden i vikingtid og mellomalder
Scandinavian Academic Press, 2025
525 sider
Rettl. pris: kr 499
Om boka lukkast med ambisjonen om å vende seg til eit «breitt publikum», er eg ikkje sikker på. Trass i «coffee table»-formatet, med lesevennleg skriftstorleik og gode og fargerike illustrasjonar, oppfattar eg boka som kanskje hakket for spesialisert for eit allment publikum. For det meste legg boka vekt på presise djupdykk i smale fagområde, og det er ein del overlapp mellom kapitla. Omfanget åleine gjer at boka gjev eit ganske komplett bilete av epoken. Men boka er ei rik kjelde både for dei som er fagleg opptekne av helsetematikken og dei som er interesserte i den historiske epoken generelt. Dette kjem ikkje minst av at boka gjev godt oversyn over kjeldetilfanget som finst på tvers av medisinske, samfunnsvitskaplege, humanistiske og ei rekkje naturvitskaplege område.
Ole Didrik Lærum har sett djupe spor i forsking og forvalting, i både det akademiske og det offentlege Noreg, og boka opnar med eit minneord om gjerninga hans.
Kunnskapen om kropp og helse på den tida boka dekkjer ser altså ut til å ha vore overraskande god. Like interessant er at det same til ein viss grad gjeld sinnet. Ein av dei for meg mest spanande – og kanskje mest overraskande – delane av boka har tittelen «Sinnslidingar og personlegdomsavvik». Eg let dette vere eit døme på korleis boka godt balanserer mellom nærlesing av førelegg og ein breiare historisk kontekst. Med utgangspunkt i eit avgrensa tekstgrunnlag i oldnordisk litteratur vert det skrive godt om mentale lidingar som depresjon, melankoli, demens og psykotiske tilstandar. I tilfellet kong Sigurd Jorsalfare (rundt 1100 f.v.t.), som leid av vrangførestillingar, tankeforvirring, hallusinasjonar og nokre klassiske negative symptom som fåmæle, er det ikkje usannsynleg at han leid av schizofreni, slik Kirsten Wolf og Sune Wolf Pulsiano hevdar. Like viktig som tolkinga av sagapersonlegdomane, er det overordna historiske blikket – og dei to forfattarane skriv at det som er «bemærkelsesværdigt ved middelalderens Norge og Island, er den humane holdning over for mennesker, der led under mentale lidelser, i betragtning av tidsalderen.» Haldninga blei òg nedfelt i lovform: I Magnus Lagabøtes landslov – som nett har feira 750 år – vert det t.d. kravd at drapsmenn måtte undersøkast av ekspertar om dei hevda seg mentalt sjuke. Som det står i kapittelet til Helen F. Leslie-Jacobsen: «Vår forståingsramme for galskap må inkludere både dei religiøse og dei juridiske aspekta av galskap i tillegg til dei medisinske.» I denne delen av boka klare dei ulike forfattarane samla å gjere nett det – og slik er det altså òg med andre deler av boka.
Det er vanskeleg å omtale boka utan å seie nokre ord om redaktør Ole Didrik Lærum. Han døydde tidleg i 2023, midt i arbeidet med redigeringa av boka. Lærum har sett djupe spor i forsking og forvalting, i både det akademiske og det offentlege Noreg, og boka opnar med eit minneord om gjerninga hans. Boka blir ståande som døme på den opne haldninga og dei omfangsrike interessene hans. Minneordet framhevar Lærums humoristiske sinnelag, og det finn vi òg i denne boka: I kapitelet «Obduksjonar og gransking av lik i den norrøne kulturen» av dei to redaktørane Mundal og Lærum, kan me lese at «[s]kildringar i sagalitteraturen av korleis ein helt kappar hovudet av fienden, kløyvar han med eitt hogg ned i herdane eller sårar han slik tarmane heng ut, fortel oss at mange var kjende med menneskekroppen ikkje berre på utsida.» Morosamt fordi det er sant, som det heiter.