Ei viktig bok for krigsnasjonen Noreg
LUKK

Ei viktig bok for krigsnasjonen Noreg

Av Oddgeir Osland

Publisert 8. november 2019 kl. 10:53

Ei balansert, godt komponert og leseverdig bok om Noregs bidrag i Libya.

Libya-krigen starta i lyset frå den arabiske våren og i skuggane av eit frykta folkemord i Gaddafi-regi. NATO-intervensjonen vart driven fram og leia av USA, Frankrike og Storbritannia, men med Noreg som ein viktig bidragsytar. Seks norske F-16-fly sleppte 588 bomber over Libya ‒ 10 prosent av det totale talet på bomber.

Boka Libya. Krigens uutholdelige letthet rommar elleve bidrag som både gjev analysar av nasjonale politiske og militære prosessar og internasjonale perspektiv på krigen, som dei øydeleggjande verknadane i Libya og regionen rundt.

Tormod Heier, Rune Ottosen og Terje Tvedt (red.)

Libya. Krigens uutholdelige letthet

Cappelen Damm Akademisk

274 sider

Rettl. pris: kr 399

Prosaen vekslar frå den stringent saklege med sardoniske innslag (som bidraget til ein av redaktørane, oberstløytnant  Heier) til den meir moralsk-polemiske (som hos medredaktørane og professorane Tvedt og Ottosen). Men resultatet er ei balansert, godt komponert og leseverdig bok, og heller enn å referere bidrag eg ikkje kan yte rettferd her, skal eg prøve, nøkternt, men på moralsk grunn, å trekkje lærdommar av lærdommane i boka:

Lærdom 1. Strategisk posisjon definerer handlingsrom. Noreg ville ikkje ha delteke i krigen om vi ikkje var medlem av NATO. Noreg er eit lite land, med ei geografisk plassering som gjer oss viktige både ressursøkonomisk og militærstrategisk. Det gjer landet sårbart og avhengig av folkeretten, men også av allierte. Dei siste tiåra har norsk militærpolitikk vorte endra frå å vere ein sjølvforsvarsdoktrine til å delta i NATO-leia militære intervensjonar utanlands. Libya er berre nok eit døme. Frå ein realpolitisk synsstad har det norske bidraget i Libya-krigen styrkt posisjonen vår som trugen NATO-alliert.

Lærdom 2. Allierte er ikkje vener, dei har sine eigne agendaer. Då Tryggingsrådet i mars 2011 autoriserte bruk av militær makt mot Libya og med det gav NATO-intervensjonen eit folkerettsleg grunnlag, var grunngjevinga at ein ville verne sivile mot regimet. Men det reelle siktemålet til Frankrike og USA var å fjerne Gaddafi. For Frankrike låg det eigne økonomiske og politiske motiv bak eit regimeskifte, og for haukane i USA var Libya truleg den første dominobrikka i rekkja av dei som skulle velte islamske regime heile vegen til Teheran via Damaskus.

Lærdom 3. Ta medansvar for krigens gang. Ein sentral bidragsytar i ein krig bør ikkje berre utføre operasjonane, men òg sikre seg plass i hovudkvarteret, der bombemåla blir valde ut. Noreg gjorde ikkje det og sat ikkje ved generalane sitt bord då det i løpet av våren 2011 vart synleg at NATO-alliansen ville øydeleggje infrastrukturen i Libya for å fjerne Gaddafi.

Dette er ei viktig bok – om ho kan medverke til å ansvarleggjere oss før neste krig.

Lærdom 4. Unngå – om mogleg – totaløydelegging av fienden. Då bombene lamma sentrale samfunnsfunksjonar og knuste regimet, var det ein militær suksess, men ein politisk Pyrrhos-siger. Det fanst ikkje lenger ein reell politisk og militær forhandlingsmotpart, og resultatet vart borgarkrig og ein destabilisert region, prega av konkurrerande klanar og militsar.

Lærdom 5. Lær av og ta medansvar for feilvurderingar. NATO-intervensjonen braut folkeretten ved å gå utover FN-mandatet, og destabiliseringa av Libya fekk andre vidtrekkande konsekvensar, som opninga av fluktruter over Middelhavet med påfølgjande humanitær katastrofe og politisk hovudpine for EU. Libya inngår i eit mønster av mislukka krigar som USA og allierte har ført i Afghanistan (2001‒), Irak (2003‒) og Syria (2014‒), krigar som har skjerpa konfliktane mellom folk i regionen og Vesten og stadig skapar nye generasjonar av rasande muslimsk ungdom. For å forstå kva som har gått gale, trengst både ein god rekonstruksjon av hendingsforløpet og eit breitt kunnskapsgrunnlag for å tolke det. Den norske regjeringa har ikkje, til skilnad frå den britiske, forsøkt å gjennomføre ei slik utgreiing.

Lærdom 6. Krigen trugar alltid demokratiet. For nasjonar som kviler på demokratiske og rettsstatlege prinsipp, er krigføring eit trugsmål mot desse prinsippa. Trugsmålet omfattar dissonansen mellom heimlege liberale prinsipp og illiberale handlingar utanlands, men også krigens verknader i heimlandet: Krig inneber hemmeleghald, desinformasjon og manipulasjon overfor og i media. Og politikken og politikarane forteiknar – etter sin natur – si eiga rolle i krigen. Bush som Commander in Chief var éin slik positur, norske folkevalde som søkjer å skjule spagaten mellom moralske menneskerettsomsyn og ansvarsfråskriving, er ein annan.

Dette er ei viktig bok – om ho kan medverke til å ansvarleggjere oss før neste krig. Den nye rolla vår som krigsnasjon krev folkevalde av eit nytt format, folkevalde som tek på seg rolla å balansere demokratiet og krigens vesen, og ansvaret for dei store dilemmaa vi står overfor. Gjer dei ikkje det, overlèt vi dette ansvaret eine og åleine til offiserane og soldatane som drep og blir drepne på vegner av oss, i krigar som ikkje handlar om kampen mellom godt og vondt, men om vonde dilemma med blodige og usikre utfall.