– Lite greie på forsking
LUKK

- Lite greie på forsking

Av Johanne Landsverk

Publisert 5. januar 2016 kl. 10:12

- Leiinga i Arkivverket har ikkje forstått at den som skal leie ein forskingsseksjon, faktisk må ha forskingskompetanse, seier førstearkivar i Riksarkivet.

--lite-greie-p--forsking


– Det lokale Forskerforbundet ønskte seg ein forskingsseksjon, så dette var vi einige om, seier Inga Bolstad. Foto: Erik Norrud

Fakta
<

– Når ein skal opprette eit system for forsking i ein organisasjon, må ein faktisk høyre på dei som har drive med forsking og som kan det, seier førstearkivar Lars Christian Jenssen i Riksarkivet. I samband med den planlagde omorganiseringa i Arkivverket, som førebels er sett på vent, har han leia eit underutval i lokallaget til Forskerforbundet i Arkivverket, eit kompetanseråd for forsking og utvikling.

– Forskerforbundet ved Arkivverket ønskte i utgangspunktet ei eiga forskingsavdeling. Men i det siste framlegget frå leiinga kom det fram at forskingsseksjonen berre skulle ha om lag ti fast tilsette, og av desse skulle fem tilsette frå ein anna seksjon vere sikra plass. Det ville bli svært få stillingar for nye som vil forske. I tillegg var det foreslått mellombelse stillingar etter behov, noko som verkar heilt uhaldbart, seier Jenssen.

Forskerforbundet i Arkivverket hadde i staden foreslått eit fast tal rullerande stillingar som dei tilsette kunne ha søkt seg til for ein kortare eller lengre periode.

– Det ville ha gjeve eit heilt anna høve til å planleggje forskinga. Prosessen viser at leiinga har lite greie på forsking og forskingsprosessar i det heile, meiner han.

– Må ha forskingskompetanse

Jenssen seier omorganiseringa i Arkivverket vil føre til at overflødige leiarar må plasserast i andre avdelingar.

– Forskingsseksjonen skulle gå inn i ei større innovasjonsavdeling, der alt innan IKT skulle vere samla. Leiaren for innovasjonsavdelinga skulle helst vere ein ingeniørfagleg person, og den stakkars forskingsseksjonen med ti tilsette ville også ha risikert å få ein leiar utan forskingskompetanse.

Margit Løyland jobbar i Seksjon for kjeldeutgjeving i Riksarkivet. Ho fortel at alle som arbeider med vitskapleg kjeldepublisering, var tenkt å gå inn i den nye forskingsseksjonen.

– Eg var veldig glad for planane om ein eigen forskingsseksjon. Men sidan forhandlingane vart brotne, veit vi ikkje kva som skjer framover, seier ho.

Vi hadde tenkt å satse på forsking, vi. Men så gjekk det politikk i saka, og vi har teke ein pust i bakken.

Løyland meiner det er viktig at Arkivverket får eit større forskingsmiljø.

– Arkivverket bør vere fremst når det gjeld å utvikle og forske på IT-løysingar og metodar innanfor våre eigne fagfelt. Vi har eit stort forskingspotensial innanfor historie, arkiv og IT. Difor er det viktig at både leiaren for forskingsseksjonen og toppleiaren for den planlagde avdelinga for innovasjon er folk med forskarkompetanse.

Riksarkivar Inga Bolstad seier ho er klar over at det lokale Forskerforbundet er oppteke av dette.

– Men forhandlingane stoppa opp, så vi kom aldri så langt at vi fekk snakka om dette med leiarar. Vi må ha på plass eit organisasjonskart før vi kan vurdere kven som skal vere leiar, seier Bolstad.

Forsking på bestilling

I Arkivverket har det vore ei kampsak at arkivarar skal ha rett til såkalla «sjølvvald forsking» i ein sjudel av arbeidstida.

– Leiinga foreslo å oppretthalde denne ordninga, noko som var bra. Men samtidig vart det lagt opp til ein modell der leiinga skal bestille forskinga. Eg blir faktisk redd for å jobbe i ein slik forskingsseksjon, for då blir det rett og slett berre forsking på bestilling, seier Jenssen.

Han har jobba i mange år for å få til meir forsking i Arkivverket.

– Men det totale framlegget vart lite freistande, og i tillegg til framlegget om å avvikle statsarkiva, vart det klart for meg at dette kan ikkje Forskerforbundet i Arkivverket godta.

Løyland meiner at i ein stor institusjon som Arkivverket bør det vere arbeidsgjevarens rett å ønskje seg forskingsområde.

– Men det er også viktig at arkivarane får behalde retten til å velje kva dei vil forske på, seier ho.

Så kva meiner riksarkivar Inga Bolstad? Ho ville ha vore open for ein ny diskusjon om dette dersom forhandlingane hadde gått vidare.

– Ein del burde leiinga få bestemme, men vi skal ikkje styre forskinga.

Bolstad trur at ein eigen forskingsseksjon ville ha ført til auka satsing på forsking i Arkivverket.

– Vi hadde tenkt å satse på forsking, vi. Men så gjekk det politikk i saka, og vi har teke ein pust i bakken.

Ho viser blant anna til at stortingsrepresentantar frå Sp har stilt spørsmål til Stortinget om Riksarkivaren har mandat til å leggje ned statsarkiva.

– No er det opp til Kulturdepartementet å handtere saka politisk, seier Bolstad.