Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Norskopplæringa for tilsette ved Oslomet blir likevel ikkje redusert

Det blir ei løysing for norsktilbodet for dei utanlanske tilsette, opplyser Lars Egeland ved Oslomet.

Tilsette ved Oslomet får behalde norskkursa. Foto: Jørgen Svarstad

Oslomet har hatt eigne norskkurs for utanlandske tilsette sidan 2016. Men i budsjettet for 2020 var tilbodet i fare for å bli redusert, og fleire av dei tilsette med utanlandsk bakgrunn har vore bekymra.

Vil oppretthalde kursa

Det er Enhet for akademisk språkpraksis ved universitetsbiblioteket som driv norskkursa for tilsette.

– Vi har no fått beskjed om at rektoratet ønskjer at norsktilbodet skal oppretthaldast, så vi er i gong med å engasjere timelærarar som ikkje fekk fornya avtale ved budsjettbehandlinga i oktober, skriv bibliotekdirektør Lars Egeland til Forskerforum.

– Sjølv om vi ikkje kunngjorde nye kurs for dette semesteret, er vi ikkje i tvil om at behovet er stort, og at det blir deltakarar til kurs både for nybegynnarar og vidarekomne.

Tilsette ved Oslomet har engasjert seg og får behalde norskkursa. Frå venstre: Pavel Zemliansky, Tom Griffiths og Diego Praino. Foto: Johanne Landsverk

– Svært viktige norskkurs

Ein av dei som ha engasjert seg, er professor Tom Griffiths, som kjem frå Australia og har budd i Noreg sidan august.

– Eg underviser i internasjonale studiar. All undervisning og akademisk arbeid føregår på engelsk, og vi snakkar berre engelsk på jobb. Nettopp difor er dette norskkurset så viktig for meg, seier han.

I eit brev til rektor Curt Rice skreiv Griffiths at å redusere norskkursa vil gje små innsparingar for Oslomet, men kostnadene for dei det gjeld vil bli store.

Fakta
Europarådets nivåskala for språk
A1 - Nybegynnar
A2 - Litt øvd
B1 - Mellomnivå
B2 - Høgare mellomnivå
C1 - Høgare nivå
Universitet og høgskular i Noreg har plikt til å gje tilsette som ikkje kan norsk eller skandinavisk eit tilbod om opplæring i norsk. I dei språkpolitiske retningslinjene ved Oslomet heiter det at tilsette innan tre år frå tilsetjingspunktet skal kunne vise til norskkunnskapar tilsvarande nivå B2.

  • Les meir:

Unge menn kan tape på Trump-politikk

Attentat mot studentleder i Bangladesh – døde av skadene

Krever åpenhet om etterlønn

− Agget mot akademia er langvarig og sterkt

Universitetene kan måtte betale selv for nybygg

Museumsansatte streiker for renovasjon og økt bemanning

Må man søke om å jobbe etter fylte 70 år?

Færre begynner på IKT-utdanning: – Risikerer knapphet på viktig kompetanse

Lukk meny