Nyansar i svart
LUKK

Nyansar i svart

Av Oddgeir Osland

Publisert 27. mars 2017 kl. 16:15

Boka om Syria er ei kjelde til innsikt og eit korrektiv i det norske ordskiftet. Men må forskaren handtere gru med avstand?

Nye krigar formar nye generasjonar.

Fakta
Cecilie Hellestveit
Syria. En stor krig i en liten verden
Pax, 2017
339 sider
Veil. pris: kr 399
Ikkje berre dei som deltek og overlever, men også andre som får forma kollektive minne om politiske og moralske skiljeliner, slik min generasjon vart forma av Vietnamkrigen, unge arabarar av USA sin krig i Irak. Så når eg opnar denne boka, prøver eg å sjå henne gjennom auga til ein oppvakt, enno ikkje desillusjonert ungdom, som her får presentert sitt bilete av krigen i Syria.

Kva bilete er så det? Boka startar med dei nølande tillaupa til demokratisk optimisme den arabiske våren 2011 skapte i Syria, men vert raskt avbroten av regimets brutale svar og den påfølgjande borgarkrigen. Deretter er det eit studium prega av sakleg velgrunna mismot. Først Syria sett innanfrå, det etniske og religiøse lappeteppet med ein marginalisert sunniarabisk majoritet, virvaret av sjiamuslimske sekter, kurdarar og andre. Deretter røtene og styrken til Assads militærdiktatur, som med brutal kynisme kunne halde stand mot fragmenterte opprørsgrupper, inntil den islamske staten (IS) utvida territoriet frå Irak til Syria og vart hovudmotstandaren både til verdssamfunnet og syriske opprørsgrupper.

Les også: En svært god bok om den skandinaviske skyldfølelsen 

Den andre delen av boka omhandlar krigen om Syria, korleis Syria blei eit geopolitisk Tsjernobyl: USA og Russland sin skiftande politikk, forma av varierande oljeinteresser og krigsrøynsler, den første med Saudi-Arabia som relativt fast alliert, den andre med støtte til Iran og Syria. Dei tre rivaliserande stormaktene i Midtausten: Saudi-Arabia, sponsoren av totalitær sunniislamisme og mannsherredømme, Tyrkia, lenge symbolet på Den muslimske brorskapen som demokratiserte islam, og Iran, vernaren av verdas sjiaer. Her følgjer alle sine økonomiske og strategiske eigeninteresser, ofte med utilsikta verknader i krigens uoversiktlege dynamikk, sivilisasjonen har brote saman, og det einaste sporet av ungdommeleg idealisme er pervertert: framandkrigarar som reiser ned for å verne sine eigne stammefrendar, der ingen rett lenger rår.

Boka gjev eit imponerande oversyn, ho minner oss på kvifor vi held oss med norske forskarar som kan formidle kjelder til innsikt og korrektiv i det norske ordskiftet. Ungdom som les henne, har fått ei god oversiktsbok til bruk i særoppgåver og presentasjonar, vi andre uinformerte har fått ei djupare forståing, ikkje minst av spenningar innan politisk islam og kompleksiteten i det internasjonale maktspelet. Ho er ei sakleg stemme i ei tid der emosjonell retorikk så ofte trumfar fakta.

Les også: Trump skaper trøbbel for forskningskonferanser 

Men kanskje bør vi nettopp i desse tider stille større fordringar enn saklegheit til akademikarar, journalistar og intellektuelle, også når dei omtalar grufulle hendingar på slagmarker fylte av offer og overgrep på alle sider av frontlinene. Vi treng tekstar som målber humanisme og medkjensle overfor menneska sine lodd, som vern mot den twitrande kulden frå statssjefar, norske statsrådar og andre. Vi treng tekstar som sprenger Facebook-skotta, ei sakleg humanistisk mobilisering som samlar heile spekteret frå konservative til demokratiske sosialistar, mot dei autoritære kreftene som opphevar dei dilemmaa som sameinar oss, som ser menneska som likeverdige, uavhengig av tru, kjønn og andre overflatiske kjenneteikn.

Her er boka meir ujamn. Tidvis har teksten innleving i krigens gru, men ofte er ho distansert, kanskje utifrå eit ønske om avstand til lidingar som uansett ligg på netthinna til lesaren, kanskje fordi språket uansett ikkje strekk til overfor røyndommen, mest fordi sjølve maktspelet er eit så sentralt analyseobjekt?

Les også: – Det spiller ingen rolle at du er forsker. Det som betyr noe er at du er fra Syria.

Eller kanskje fordi emnet er så grufullt og situasjonen verkar så vonlaus? Eg undrar meg over om vonløysa ville vore skarpare belyst gjennom det som for meg er ein utydeleg, men like fullt leseleg, svart tråd gjennom boka: patriarkatet. Under det syriske kaoset finn vi ein bestemt sosial struktur av krigsherrar med patron–klient-relasjonar til folket dei kontrollerer. Det er denne ordenen som trumfar seg fram frå land til land, gjennom underlege autoritære alliansar mellom oligarkar og marginaliserte menn, rusa på bokstavtru religion eller anna dop, eit patriarkat med tilhøyrande kvinner, også i topp-posisjonar. Les ein boka på den måten, skildrar ho berre halve historia, halve biletet. Det andre biletet er ikkje vonlaust. Og kanskje kan det peike mot eit vesentleg særmerke for den breie tverrpolitisk mobiliseringa vi treng til forsvar for siviliserte samfunn og demokratiske institusjonar: samlinga om ein brei, inkluderande, humanistisk feminisme.

Les flere bokanmeldelser her