Publisert 2. november 2015 kl. 09:59
– Vi har ei pensjonsordning som er gull verdt for dei tilsette, men som ikkje er berekraftig for økonomien ved museet i framtida. Ordninga er altfor dyr, seier direktør Gunn Mona Ekornes ved Østfoldmuseene.
Museet er eitt av svært mange museum som i dag slit med auka utgifter til pensjon.
– Vi får ikkje kompensert for lønns- og pensjonsutgifter i tilskotta frå staten. Når nærare 60 prosent av budsjettet er bunde opp til lønn og pensjon, ja, då blir det lite pengar igjen til vedlikehald av bygningar, drift og utstillingar. Så vi har diskutert om vi må byte til ei anna pensjonsordning, seier ho.
Store konsekvensar
Ekornes fortel at Østfoldmuseene melde seg inn i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) i 2006.
– Vi har såkalla ytingspensjon, som er føreseieleg for dei tilsette, og som garanterer ei fast utbetaling på 66 prosent av lønna når dei går av med pensjon. Storleiken på premien vi betaler inn, er avhengig av tenestetida, alderen og lønna til den tilsette. Alternativet er å gå over til innskottsbasert pensjon, som er rimelegare og meir føreseieleg for arbeidsgjevar, men ei mykje dårlegare ordning for tilsette, seier ho.
Dei unge, som har heile arbeidslivet framfor seg, kan likevel kome bra ut med innskottspensjon.
– Men for godt vaksne tilsette i 50-åra vil ei endring kunne få store konsekvensar. Det er viktig at dei tilsette som har opparbeidd seg rettar i KLP, ikkje skal miste dei.
Hilde Serine Krogstad jobbar som magasinforvaltar ved Østfoldmuseene. Ho seier alle tilsette er klar over at det kan kome nye pensjonsordningar.
– Eg fyller snart 50, men eg går ikkje rundt og uroar meg for pensjonen. Det leiinga har sagt, er at endringane vil gjelde nytilsette, og at det ikkje vil bli endringar i pensjonen for oss som allereie er tilsette, seier ho.
For dyrt å bære
Også Oslo museum har pensjonsordning gjennom KLP, men nye løysingar blir diskuterte.
– Vi får høyre at det er for dyrt for museet å bere utgiftene. Mange tilsette har vore ved museet svært lenge, og dei kjem og spør kva dette vil ha å seie for dei, seier Gazi Øzcan, tillitsvald i Forskerforbundet ved Oslo museum.
Han seier leiinga framstiller ei såkalla hybridordning som ei god løysing.
– Det er vanskeleg å forstå kva dette vil innebere. Men leiinga seier det handlar om framtida vår, og at vi må få ei billegare ordning.
Terje Abrahamsen, som er administrasjonssjef og nestleiar ved museet, seier ei hybridordning vil vere ei blanding av eksisterande ytingspensjon og ein innskottspensjon.
– Men det er nedfelt i tariffavtalen at museet ikkje kan gå over til ei ordning som er dårlegare for arbeidstakarane. Som arbeidsgjevar lenar vi oss mot arbeidsgjevarorganisasjonen Virke, og ventar på kva som skjer ved dei komande lønnsoppgjera til våren. Det er klare signal på at 2016 blir eit pensjonsoppgjer.
Abrahamsen seier at det ved ei ny pensjonsordning truleg blir overgangsordningar, slik at dei som er eldre enn 50–55 år, vil gå på gammal ordning.
Ifølgje Abrahamsen er tenestepensjon frå KLP svært uføreseieleg for arbeidsgjevar.
– I dagens finansmarknad er det vanskeleg for KLP å gje så stort utbytte som dei greidde tidligare, og då vil kostnadene for musea auke.
Store ekstrarekningar
Eit fleirtal av musea er i dag stiftingar. Som følgje av museumsreforma, med mange samanslåingar til store museumseiningar, har stadig fleire museum kome inn under regelen for balanseføring av pensjonsplikter som dei tidligare ikkje hadde krav om.
– Vi må svare for framtidige utgifter til pensjon i rekneskapa våre, og i fleire år har vi fått ekstrarekningar på mellom ein og to millionar, seier Ekornes ved Østfoldmuseene.
¬Ho sit også i styret for Noregs museumsforbund, som har teke saka opp med Kulturdepartementet.
– Her gjer vi felles sak med Virke, der mange museum er organiserte. Vi ventar no på at staten tek tak i saka.
Ekornes seier styret ved Østfoldmuseene ikkje vil gjere noko med pensjonsordninga før dei ser kva som kjem i den nye utgreiinga om pensjonsordningar for tilsette i offentleg sektor, som skal kome 20. november 2015.