Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Tillitsvalde er usikre på korleis dei skal jobbe med berekraft

– Mange lokale tillitsvalde kjenner ei forventing om at dei skal jobbe med berekraft, men veit ikkje heilt korleis, seier David Jordhus-Lier.

Fagrørsla er sentral for å gjennomføre det grøne skiftet, men det er uklårt korleis det skal skje lokalt. Illustrasjonsfoto: Aksel Kjær Vidnes.

David Jordhus-Lier er professor i politisk og økonomisk geografi ved Universitetet i Oslo og forskar på fagforeiningar og deira rolle i klimaomstilling. Før jul snakka han om dette på Forskerforbundets berekraftseminar.

Plass ved bordet

At fagrørsla er viktig for å skape eit berekraftig samfunn, er dei fleste samde om, både i og utanfor fagforeiningane. Men generelt finst det førebels få spor av dei overordna formuleringane i det daglege, lokale fagforeiningsarbeidet, peikar Jordhus-Lier på.

– Sjølvsagt har fagforeiningar mykje å bidra med i berekraftsarbeidet i verksemdene, og også når det gjeld nasjonale vegval, ved å vere samfunnspolitiske aktørar. Men i forskinga vår finn vi at enn så lenge handlar arbeidet mest om å sikre seg ein plass ved bordet, slik at prosessane er legitime, seier han.

– Fagforeiningar treng meir lokal erfaring med berekraftsarbeid, men då treng kanskje tillitsvalde meir ressursar til det, seier David Jordhus-Lier. Foto: Julia Loge

Rolla til fagforeiningane er altså meir prega av at dei er berørte partar når berekraftstiltak kjem på bordet, enn av at dei skal bidra med løysingar – sjølv om fagrørsla sjølv gjerne framhevar at medlemmane deira er sentrale i ei grøn omstilling.

Berekraftig organisering

Ansgar Ødegård, førstelektor i organisasjons- og leiingsfag og leiar av Forskerforbundets lokallag ved Universitetet i Søraust-Noreg, meiner det er på tide å vere tydeleg om at berekraft er meir enn klimautslepp, og at forskarar har eit ansvar.

– Diskusjonar om berekraft handlar ofte om grøn teknologi og slikt, men det er lett å gløyme at vi treng ei omstilling som er solidarisk, ikkje minst globalt. Ytringsfridom, demokrati og sosiale forhold er viktige element, og gjennom medlemmane våre sit vi på eit så rikt kunnskapsgrunnlag at det er på tide vi diskuterer vår rolle i samfunnet utover reint objektiv formidling av kunnskap, seier han.

Sjølv er Ødegård særleg oppteken av det han kallar berekraftig organisering ved institusjonane.

– Tillitsbasert organisering og leiing er essensielt. Vi må kvitte oss med unødvendige aktivitetar som ikkje støttar opp om kjerneverksemda, og desentralisere og ta i bruk leiingsprinsipp som gjer at avgjerdene blir tekne der dei skal settast ut i livet. Dette er velkjende idear, men vanskelege å konkretisere – litt som berekraft, seier han.

– Det er på tide at vi hevar ambisjonsnivået og engasjerer oss for internasjonal solidaritet, både sosialt og økologisk, seier Ansgar Ødegård. Foto: Julia Loge

Berekraft inneber å diskutere leiingsformer og legitimitet, hevdar han.

– Universitet og høgskular har eit visst rom til å organisere seg slik at vi ikkje berre fokuserer på dei faglege oppgåvene, men også på det relasjonelle arbeidsmiljøet.

Jordhus-Lier trur at nettopp den relativt store fridomen forskarar har i sin eigen arbeidskvardag, gjev Forskerforbundet gode føresetnader for å tenkje nytt om berekraftsarbeid.

– Forskerforbundet har kunnskapsrike medlemmar, dei er generelt ikkje nedst på lønsstigen, og dei har mykje ansvar i eigen arbeidssituasjon. Ein kan tenkje seg at eit slikt forbund kan gå i front fordi dei kan ha overskot til å tenkje på meir enn berre løn, seier han.

  • Les også:

Etter å ha testa KI til transkripsjon står ikkje entusiasmen akkurat i taket

Advarer mot insentiver som setter veilederens interesser først

Mer fri og mer lønn som lærer på videregående enn som universitetslektor på USN

Styremedlem om etterlønnsordning: – Bedre å ha en ordning som er litt for god enn en som er litt for dårlig

79 sluttpakker ved universitet og høyskoler

– Vi blir tvangspensjonert

Eksperten svarer: Må jeg ta ferie?

Unio og Virke enige i oppgjøret for HUK-området

Lukk meny