Publisert 24. april 2025 kl. 15:44
I februar 2024 bestemte universitetsdirektøren ved Universitetet i Oslo (UiO) at e-post- og kalendersystemet skulle flyttast frå UiOs eigne serverar til «skya» i Microsoft 365. Avgjerda var den førebelse slutten på ein meir enn ti år lang debatt om UiOs tilhøve til Microsoft. Allereie i 2013 protesterte tilsette mot at UiO skulle gje frå seg kontroll over eigne IT-system til Microsoft. Dei frykta at universitetet ville bli stadig meir låst til Microsofts løysingar. Men omsynet til funksjonalitet kom først. Med flyttinga i 2024 vart e-posten integrert med alle dei andre verktøya i Microsoft 365 som universitetet nyttar.
– Så det har gått meir eller mindre slik folk åtvara mot den gongen: Ein har bunde seg til Microsoft, løysingane blir stadig meir lukka, det er vanskelegare å kome seg ut, prisane stig og ein mister kontroll på dataflyten.
Det seier Axel Hjelme, nestleiar i NTL ved UiO. På årsmøtet i 2024 vedtok NTL UiO ei fråsegn der dei mellom anna kravde at UiO utviklar ein langsiktig strategi som redusererer avhengigheiten til «monopolaktige selskap» og opnar for lokal kompetansebygging og teknologisk suverenitet.
– Vi skulle ønskje at vi ikkje var avhengige av desse kommersielle tenestene frå dei store aktørane, men å frigjere seg frå det, er jo eit stort arbeid. Men eg tenkjer at om nokon offentlege verksemder har eit godt utgangspunkt for å sette i gang dette arbeidet, så er det universiteta og kanskje særleg UiO, med sitt sterke IT-miljø, seier Hjelme.
Han seier NTL har vore i dialog med UiO om temaet og opplever at universitetet og IT-avdelinga er open for at dette er ei problemstilling ein må ta tak i.
– Men den meir konkrete diskusjonen om korleis det kan gjerast, har vi førebels ikkje fått, seier han.
– UiO var mellom dei første som tok i bruk internett i Noreg, og IT-avdelinga har ei lang historie som «early adopters» som våga ta i bruk nye ting og hadde kompetansen til å prøve seg fram med å ikkje berre bruke hyllevare. Det har vi nok mista litt, seier Hagen Echzell.
Han er senioringeniør ved IT-avdelinga ved UiO, og dessutan nestleiar i faggruppa for demokratisk digitalisering i Attac Norge, ein organisasjon som arbeider for ein demokratisk forankra økonomi, ikkje minst på det digitale området. Attac har i fleire år teke til orde for såkalla digital suverenitet, som altså stadig fleire no er opptekne av.
Spørsmålet er komplisert fordi det handlar om heile det digitale landskapet, frå programvare til datasenter til forretningsmodellar, framhevar han.
– No snakkar mange om datasenter og kvar dei skal vere lokalisert, men det er ikkje slik at dersom vi kjøper verktøy frå Microsoft og køyrer dei frå norske datasenter, så er problemet løyst. Eller at berre vi brukar open kjeldekode, så er det løyst. Det er snakk om heile landskapet: Kvar kjem programvaren frå, kvar kjem databrikkene frå? seier han.
Open kjeldekode er fritt tilgjengeleg for alle slik at kven som helst med den rette kompetansen kan endre og tilpasse programvaren.
Echzell peikar også på kompetanse som eit viktig element.
– Vi har mange flinke IT-konsulentar i Noreg, men dei er særleg flinke til å installere proprietær programvare (produsenteigd programvare som brukaren må inngå lisensavtale for å få bruke, og som ikkje kan endrast av brukaren, journ.mrk). Dei er kanskje ikkje fullt så flinke til å utvikle eigen kode.
Der har universiteta også ei avgjerande rolle å spele, meiner han.
– Dei kan formidle ein annan type kompetanse, ta i bruk open kjeldekode og lære studentane å forbetre verktøy ein allereie brukar ved universitetet.
Attac arbeider mellom anna med å spreie kunnskap om alternative løysingar som allereie finst. Echzell, som er frå Tyskland, meiner Noreg kan lære mykje av kontinentet.
– I Tyskland er det vanleg å bruk open kjeldekode, og dei er stort sett samde om at Microsoft 365 ikkje skal brukast i skular og ved universitet. Dei brukar andre verktøy som dekkar alle behov sjølv om dei kanskje ikkje er så straumlineforma som dei amerikanske. Og dersom ein hadde teke alle pengane som blir brukt på lisenskonstnader for dei amerikanske digitale løysingane, kunne ein fått råd til tilsette folk som kan gjere dei alternative verktøya som allereie finst, meir brukarvenlege og meir tilpassa lokale forhold, seier han.
I Nederland jobbar universitet- og høgskulesektorens eigen IT-tenesteleverandør, SURF, for fullt med å hjelpe sektoren å gjere seg uavhengig av amerikanske teknologiselskap. Det fortel Wladimir Mufty som leier satsinga på digital suverenitet hos SURF.
– Vi har lenge hatt eit mål om å byggje inn demokratiske verdiar i digitale verktøy. Men då Trump vart innsett som president på nytt i januar, omgitt av leiarane for alle dei store amerikanske teknologiselskapa, vart det tydeleg for oss at UH-sektoren ville møte nye utfordringar på det digitale området, seier han.
Utfordringane dreier seg om alt frå i kva grad det er trygt å dele data med amerikanske aktørar, til risikoen for å miste tilgang til amerikanske forskingsdata, til uvisse om kor pålitelege amerikanske datatenesteleverandørar vil vere i framtida.
– No prøver vi å gjere uroa om til handling, seier Mufty.
SURF har starta pilotprosjekt med ulike typar open programvare som tilsvarar verktøya i Microsoft 365. Dei eksperimenterer med alternativ til Youtube og Photoshop, og med ei europeisk skyteneste.
– Kvar for seg er alle desse alternative kanskje små og symbolske, men dei styrkar moralen og kan fungere som steg på vegen mot å tenkje større, mot digital infrastruktur og industri på europeisk nivå, seier han.
Uro for dei amerikanske teknologigigantane er ikkje noko nytt i Nederland, like lite som ved UiO: I 2019 skreiv nederlandske unviersitetsrektorar eit ope brev i avisa Volkskrant om nettopp dette temaet. Mufty fortel at mykje godt arbeid er blitt gjort når det gjeld til dømes datadeling og digital autentisering, men når det gjeld avhengigheit av gigantar som Microsoft, har utviklinga snarare gått feil veg, fram til no.
– Det har vist seg at demokratiske verdiar er vanskelege å inkludere i vanlege innkjøpsprosessar, seier han.
Heller ikkje norske Attac har ei patentløysing på demokratisk digitalisering, men Hagen Echzell meiner kulturendring er ein viktig byggestein.
– Vi opplever ofte at digital infrastruktur ikkje blir sett som eit politisk spørsmål, men det er det.
Til dømes legg den nylege stortingsmeldinga om forskingssystemet, som har eit eige kapittel om digitalisering, stor vekt på kor viktig digital infrastruktur er for norsk forsking, men seier ingenting om kven som skal utvikle og råde over denne infrastrukturen. Sjølv i den nasjonale digitaliseringsstrategien som kom hausten 2024, er digitalt sjølvstyre berre nemnd i forbifarten, i samband med datasenter på norsk jord.
Echzell meiner til dømes at regjeringas mål om at Noreg skal bli verdas mest digitaliserte land, og flinkast i klassen til å ta bruk kunstig intelligens, er altfor einspora.
– Det kan godt stillast spørsmål ved det. Vi bør heller snakke mykje meir om korleis den digitale infrastrukturen – både den vi allereie har, og den vi skal få i framtida – kan baserat på demokratisk medverknad, seier han.