Veit meir om mangfald
LUKK

Veit meir om mangfald

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 7. desember 2016 kl. 14:49

Manglande statistikk har gjort det vanskeleg å arbeide med mangfald i UH-sektoren. Det skal det no bli ei endring på.

gunnes-hebe-nifu

– I neste omgang vil vi gjerne sjå meir på landbakgrunnen til innvandrarane, og korleis dei fordeler seg på region i Noreg, sa Hebe Gunnes som presenterte mangfaldsstatistikken.

Andelen innvandrarar og etterkomarar av innvandrarar i norsk akademia aukar kraftig og utgjorde ein fjerdedel av forskarpersonalet i 2014, langt høgare enn i samfunnet elles. Det viser den første offisielle statistikken om mangfald i akademia, som vart lagt fram i dag. Statistikken er utarbeidd av NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) i samarbeid med Statistisk sentralbyrå, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD).

Arbeidet har tydeleggjort ein del utfordringar ved å produsere denne typen statistikk, fortalde Hebe Gunnes ved NIFU då ho presenterte resultata. Til dømes ønskjer ein å skilje mellom to hovudkategoriar av innvandrarar i norsk akademia: Dei som blir rekrutterte direkte inn i forskarstillingar gjennom internasjonal forskarmobilitet, og dei som går gjennom utdanningsløpet i Noreg.

– Men i denne omgang har vi ikkje greidd å lage noko godt skilje mellom dei to kategoriane. Det er noko vi ønskjer å sjå nærare på, sa ho.

Tynt kunnskapsgrunnlag

Fakta
<
Statistikken er utarbeidd etter innspel frå Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komiteen). Bakgrunnen er at Kif-komiteen i 2014 fekk utvida mandatet sitt frå å berre jobbe med kjønnsbalanse i forsking, til også å inkludere mangfald, i første omgang etnisk mangfald. Då kom det fram at kunnskapsgrunnlaget når det gjeld etnisk mangfald i akademia, var ynkeleg tynt, og Kif-komiteen sette i gang eit arbeid for å rette på dette. Det første resultatet kom i form av rapporten «Å være utlending er ingen fordel», som vart laga av Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) i mars i år. Statistikken som no er lansert, representerer neste steg i datainnsamlinga.

 

– Intensjonen vår er at andre forskarar skal kunne bruke datasetta i eigen forsking, sa Gunnes.

Mangfaldsstatistikken inngår no som eit eige menypunkt i NIFU sin statistikkbank og skal brukast som grunnlag for det vidare arbeidet med etnisk mangfald i norsk akademia.

Foreslår tiltak

I etterkant av rapporten «Å være utlending er ingen fordel», danna Kif-komiteen ei arbeidsgruppe som skulle foreslå tiltak for godt mangfaldsarbeid i norsk akademia. Gruppa presenterte framlegga på dagens lanseringsseminar. Dei foreslår mellom anna at institusjonane må lage tydelege strategiar for mangfaldsarbeidet, noko som er ei mangelvare i dag, og at leiarar må få opplæring i mangfaldsarbeid. Gruppa foreslår også å skjele til tiltak som har fungert i arbeidet med kjønnsbalanse, slik som særskite opprykkstiltak og mentorprogram for minoritetar. Dei peikar dessutan på at KD med fordel kan bli tydelegare om forventingane sine til mangfaldsarbeid i dialogen med institusjonane.

Eitt av dei viktigaste funna i AFI-rapporten tidlegare i år, var at mange innvandrarar i norsk akademia, uavhengig av bakgrunn, ikkje kjende seg inkluderte på arbeidsplassen. Arbeidsgruppa legg difor vekt på tiltak for å skape inkluderande arbeidsmiljø. Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunskapsdepartmentet, som innleia seminaret, vedgjekk at det kan krevje meir innsats å skape fellesskap i arbeidsmiljø prega av stor variasjon.

– Men eg er ikkje i tvil om at slike arbeidsplassar skapar dei beste resultata, og at innsatsen difor må sjåast som ei investering. Og den mest effektive måten å betre arbeidsmiljøet på, er gjennom små grep i kvardagen, sa han.

– Risikerer framandgjering

Marjan Nadim, forskar ved Institutt for samfunnsforsking, kom med ei åtvaring på slutten av seminaret:

– Å arbeide med kjønnsbalanse kan vere vanskeleg nok, men når det gjeld kjønn vil eg påstå at det stort sett er samsvar mellom korleis folk oppattar seg sjølve og korleis andre ser på ein. Slik er det ikkje med etnisitet. Det er ein fare for at vi gjennom arbeid med mangfald kan tilskrive folk ein etnisk «annleisheit» som dei ikkje kjenner seg heime i. Og den kjensla kan kanskje bli ekstra tydeleg i akademia, der vi likar å tru at det berre er kompetansen din som er viktig. Eg trur ein skal ta på alvor den framandgjeringa som potensielt kan liggje i denne typen mangfaldsarbeid, sa ho.