Innvandrarar forbigåtte i norsk akademia
LUKK
Annonse

Innvandrarar forbigåtte i norsk akademia

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 14. mars 2016

Ønsket om mangfald i akademia blir ikkje omsett i praksis, meiner vitskapleg tilsette med innvandrarbakgrunn.

innvandrarar-forbig-tte-i-norsk-akademia


Cathrine Egeland presenterte rapporten «Å være utlending er ingen fordel».

Fakta

Å være utlending er ingen fordel

  • Rapport om karriereløp og barrierer for innvandrarar i norsk akademia, bestilt av Kif-komiteen i 2014 som eit første steg på vegen mot betre kunnskap om situasjonen for etniske minoritetar ved norske utdannings- og forskingsinstitusjonar.
  • Andelen utlendingar i norsk høgare utdanning og forsking har auka frå 14 prosent i 2001 til 22 prosent i 2009. Auken er spesielt sterk på stipendiat- og postdoktornivå.
  • Det kan likevel vere vanskelegare for innvandrarar å oppnå fast stilling og gjere karriere i norsk høgare utdanning og forsking. Manglande norskkunnskapar, manglande nettverk, manglande kulturelle referansar og lukka rekrutteringsprosessar blir nemnt som moglege forklaringar.
 

Det er ikkje openlys diskriminering, men det at norske forskingsinstitusjonar er gjennomsyra av «norskheit», som skapar vanskar for innvandrarar i norsk akademia. Det viser intervju med utanlandske vitskaplege tilsette som er gjort i samband med ein ny rapport om etnisk mangfald i akademia i Noreg.

– Informantane skildrar ein kultur ved institusjonane som ikkje er prega av openheit, medbestemming og flat struktur, men snarare av tildekte maktrelasjonar og fordommar mot praksisar i andre land. Dette kom mellom anna fram i form av støytande kommentarar om landa dei utanlandske tilsette kom frå, fortalde Cathrine Egeland ved Arbeidsforskingsinstituttet (Afi) då ho presenterte hovudinnhaldet i rapporten som vart lansert fredag 11. mars.

Forskarane har intervjua utanlandsfødde vitskaplege tilsette, i tillegg til personar med leiings- og personalansvar, ved tre ulike institusjonar. Mange av dei utanlandske vitskapleg tilsette opplevde at det var vanskeleg å få innpass i norsk akademia. Ikkje fordi dei vart utsette for diskriminering, men fordi norske forskingsmiljø helst rekrutterer folk som «passar inn». Dersom søkaren til ei vitskapleg stilling er innvandrar, er det større risiko for at kompetansen deira ikkje blir vurdert som relevant for stillinga, medan norske søkarar får meir slingsringsmonn, kjem det fram i intervjua. Konsekvensen kan vere at jobbsøkjarar med innvandrarbakgrunn blir forbigåtte.

Må slåst mot nepotismen

Informantane meinte det var eit stort gap mellom det norske likskapsidealet, som dei sette pris på, og den verkelege verda dei møtte ved institusjonane.

Fleire hadde også blitt overraska over å oppdage at stillingsutlysingane ved norske institusjonar ofte ikkje var reelle, men var laga med tanke på ein spesiell person som allereie var godt kjent i miljøet.

Styreleiar i Universitet- og høgskulerådet (UHR) og rektor ved Menighetsfakultet, Vidar L. Haanes, tok opp dette siste punktet i ein kommentar frå salen etter at rapporten var presentert.

– Vi som har vore i sektoren ei stund, veit at nepotismen er utruleg sterk og går ut over alle som ikkje passar inn i professoren sitt ønske om å byggje vidare på sin tradisjon. Vi reproduserer oss sjølve, og dei fleste har eit ønske om å vere skuledannande på sitt felt. Så på same tid som vi arbeider mot diskriminering, må vi slåst mot nepotismen, sa han.

Kvalitet gjennom mangfald

Rapporten med tittelen «Å være utlending er ingen fordel» var bestilt i 2015 etter at Komiteen for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komiteen) fekk utvida mandatet sitt frå å ikkje berre arbeide med kjønnsbalanse i forsking, men òg etnisk mangfald. Då kom det fram at kunnskapen om etnisk mangfald i norsk akademia var svært mangelfull. Rapporten som no ligg føre, er eit første steg på vegen mot å fylle dette kunnskapsholet. Cathrine Egeland har leia prosjektet som inkluderer fleire forskarar ved AFI og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU).

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, sa at rapporten dokumenterte visdomen i valet om å utvide Kif-komiteens mandat.

– Vi har visst frustrerande lite om kva som skal til for at folk med kompetanse som kjem til Noreg, får kompetansen sin teken på alvor, sa han.

– Legitimiteten i akademia avheng av at forsking og høgare utdanning framstår som motsatsen til fordommar og diskriminering. Skal kunnskap kunne oppstå gjennom meiningsbryting mellom dei beste, så må vi sikre at dei beste kjem til orde.

Haugstad meinte at dersom informantane sitt inntrykk er representativt, har alle delar av akademia ein stor jobb framfor seg, men at tiltak som har vore brukt for å sikre kjønnslikestilling, også kan brukast i eit mangfaldsperspektiv. KD har også bede NIFU og Statistisk sentralbyrå utarbeide statistikk om etniske minoritetar i akademia.

Høge utdanningsambisjonar

I tillegg til intervju, har forskarane sett på registerdata frå mellom anna NIFU si kandidatundersøking frå 2013. Her kom det fram at 17 prosent av dei nyutdanna masterane såg for seg at dei ville arbeide med forsking i løpet av fem år, eller at dei allereie gjorde det. I gruppa som besto av ikkje-vestlege innvandrarar, utgjorde denne andelen 35 prosent. Dette mønsteret var det same på alle fagfelt. Det var mykje meir sannsynleg at masterar med ikkje-vestleg bakgrunn hadde planar om å arbeide med forsking, enn at masterar utan innvandringsbakgrunn hadde det. Det gjaldt særskilt for masterar med opphav i Afrika eller Asia.

Forskarane peikar på at grunnen til skilnadene truleg er samansett, men at ikkje-vestlege innvandrarar som har kome så langt i utdanningssystemet at dei har fullført ein master, representerer ei selektert gruppe med særleg høge utdanningsambisjonar, kanskje som ei ekstra forsikring mot forventa problem på arbeidsmarknaden. Blant masterane med afrikansk bakgrunn hadde mange innvandra til Noreg nær vaksen alder, og det kan tyde på at dei kom til Noreg nettopp med føremål å studere.

– Undersøkinga har berre spurt om ambisjonar, og vi veit ikkje om dei vil bli verkeleggjort. Men det vi kan vere rimeleg sikre på, er at det ligg eit stort potensial for å finne forskarkandidatar mellom masterar med ikkje-vestleg bakgrunn, sa forskar Liv Anne Støren ved NIFU.