– Politikken vert til undervegs
LUKK
Annonse
Annonse

– Politikken vert til undervegs

Av Johann Roppen

Publisert 10. oktober 2016 kl. 09:45

Høgre ville ha spissa fagmiljø og ingen nye universitet. Men vi har fått endå breiare universitet, og ein snarveg til universitetsstatus.

 

- No skal det bli godt å bruke tid på det vi eigentleg skal drive med, seier Johann Roppen. Foto: Olav Standal Tangen

Johann Roppen er rektor ved Høgskulen i Volda. Foto: Olav Standal Tangen

Kunnskapsministeren har muligens teke eit lite kvileskjer i samanslåingsløpet når han no brukar tid på Høgres program for komande stortingsperiode. Dei første programutkasta for 2017–2020 har vorte lagt fram. Får vi der frampeik om kva som vil skje i forsking og høgare utdanning dei komande åra? Erfaringane frå strukturprosessen tyder ikkje på det. Resultata har vorte heilt annleis enn det som var føresett i Høgres stortingsvalprogram – og i regjeringserklæringa. Kvifor det har vorte slik, får vi vonleg forskingsbaserte studiar av i framtida. Men Isaksen vil neppe betale for ei politisk sett så risikabel evaluering, så det blir nok ei oppgåve for den som avløyser han – ein gong i framtida.

Førebels ser det ut til at Høgres valprogram vil bli oppdatert i høve til det som faktisk har vore forskingspolitikken dei siste to–tre åra. Det er mogleg at eit valprogram er tenkt motsett – faktisk å skulle styre politikken – men i strategiprosessen i høgare utdanning ser det ut til å vere omvendt. Det opnar naturlegvis for ville spekulasjonar over kva som faktisk vil skje i vår sektor om Isaksen held fram, sidan valprogrammet ikkje er så viktig likevel.

Høgres valprogram for 2013–2016 sa at partiet ville evaluere strukturen og finansieringsordninga i høgare utdanning, og at universitet og høgskular skal utvikle sine profilar og spisse fagmiljøa sine. Ingen nye universitet skulle godkjennast.

Dette står endå tydelegare i regjeringserklæringa frå 2013. Der står det faktisk at regjeringa vil: «Fryse strukturen i høyere utdanning inntil effekten av nye universitetsopprettelser er evaluert, og sikre at vi får en struktur som gir miljøer med sterke fagprofiler.» Nokon frys har det vore vanskeleg å sjå i dei tre åra som har gått, i takt med at stadig fleire høgskular har vorte ein del av universitet eller store høgskular. Men rett skal vere rett: Ingen nye universitet har sett dagens lys enno. Men det kjem.

Heller ikkje har Stortinget vedteke at dei regionale statlege høgskulane skulle leggast inn under universitet eller proto-universitet. Men slik har det altså i stor grad vorte.

Det har heller ikkje vorte gjennomført ei grundig forskingsbasert evaluering av strukturen i høgare utdanning slik det også stod i programerklæringa. Den eventuelle evalueringa ser det ut til at kunnskapsministeren tok i lag med statssekretæren sin og etter kvart konkluderte med at her trengst det større einingar. Sjølv om det førte til fagleg sett breiare institusjonar.

Korleis politikken har vorte til undervegs, er eit studium verd, og vonleg kjem det ei evaluering i god tid slik at dei nyfusjonerte kan lære av prosessen og kvarandre. Isaksen har lova at det skal kome. Men når?

«Dei minste høgskulane vart først universitet. Kven skulle trudd det då ein las regjeringserklæringa hausten 2013?»

Men mange av universiteta og dei fleste høgskulane har likevel viljug vore med på fusjonsferda. Truleg forstod mange høgskular det kunnskapsministeren kanskje ikkje såg føre seg: ein snarveg for dei minste til å bli universitet. Og truleg har dei lytta til NIFU. Fusjonen som har ført fram til Høgskulen på Vestlandet, baud ifølgje NIFU ikkje på spesielt klare fordelar – og mange usikre fusjonskostnader. Men det var også risikabelt å ikkje gjere som ministeren ville – så dermed kom NIFU med ei svakt positiv tilråding om fusjon.

Dei minste høgskulane fekk nok tydelegast beskjeden frå kunnskapsministeren om at dei måtte finne seg ein partnar. Det var blant andre høgskular som Nesna, Ålesund, Harstad og Narvik. No har desse og fleire andre vorte ein del av universitet – truleg stikk motsett resultat av det som Høgres program og regjeringserklæringa la opp til. Der stod jo faktisk at det var eit politisk mål at det ikkje skulle opprettast nye universitet. Men gjennom regjeringas eigen strukturpolitikk har så langt over 20 000 tidlegare høgskulestudentar vorte universitetsstudentar ved at høgskulane er tekne over av NTNU eller Universitetet i Tromsø eller er fusjonerte inn i Nord universitet. Dei minste høgskulane vart først universitet. Kven skulle trudd det då ein las regjeringserklæringa hausten 2013?

Det er i alle fall vanskeleg å sjå korleis dei nye endå breiare universiteta både skal fusjonere med dei mindre høgskulane og samtidig bygge seg opp til å nå til toppen i internasjonale rangeringar eller utvikle verdsleiande miljø – som også var ei politisk målsetting for den sitjande regjeringa.

For dei store høgskulane i sektoren har nok strukturprosessen vorte oppfatta som eit nødvendig tiltak for å kunne oppnå framtidig universitetsstatus. Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskolen i Sør-Øst Norge står antakeleg først i søknadskøen. Høgskulen på Vestlandet og eventuelt Hedmark/Lillehammer har også universitetsambisjonar. Terskelen for å bli universitet skal visst framleis ligge høgt – antakeleg høgare enn tidlegare – ifølgje kunnskapsministeren.

Kva står så om strukturen i høgare utdanning i det nye programutkastet for 2017–2021? Jau, Høgre vil «Videreføre arbeidet med å etablere sterkere universiteter og høyskoler, blant annet gjennom bedre arbeidsdeling mellom læresteder slik at utdanningstilbud forankres i sterke og forskningsaktive fagmiljøer.» Men når regjeringa no har fått eit knippe av store universitet og høgskular, vil ikkje dei i praksis ta over store delar av utdannings- og forskingspolitikken? Litt etter mønster frå sjukehussektoren? Det kan godt hende det er ein ønskt politikk – eventuelt eit nødvendig resultat av politikken.

Noko som fullstendig manglar i Høgres gjeldande program og det noverande programutkastet, er god tilgang til utdanning – til dømes at det skal finnast regionale utdanningstilbod i alle fylke eller regionar. Med dei dramatiske omleggingane som har skjedd i høgare utdanning, ser vi den same utviklinga som i sjukehussektoren: Politikarane etablerer regionale institusjonar som får ansvaret for å gjennomføre den nasjonale og regionale forskingspolitikken. Det er vanskeleg å sjå på dette som anna enn ei reversering av utbygging av høgare utdanning som særleg DH-skulane representerte i 1970-år og utover.

Det betyr ikkje at det ikkje trengst utdanning- og forskingsinstitusjonar utanfor dei store byane. Det er ein enkel statistisk samanheng mellom kvar institusjonar for høgare utdanning er plasserte, og det gjennomsnittlege utdanningsnivået i eit fylke eller ein region. Eller omvendt: Byar og regionar med få institusjonar for høgare utdanning har eit klart lågare utdanningsnivå enn andre. Det er grunn til bekymring  når Høgre ikkje ser ut til å legge vekt på dette i sitt program for høgare utdanning.

«Det er langt lettare å bli universitet enn å vere det.»

Ei av formuleringane som har irritert meg mest i strukturdebatten, er den lettvinte påstanden: «Ressursene er smurt for tynt utover.» Underforstått så må forskingsmiljø samlast i tjukke lag – underforstått i dei største byane. I innlegget «Forskningens geografi» i Forskerforum 5/2012 skreiv Morten Ørbech, Agnes Landstad og Roar Tobro at ca. 90 prosent av alle forskingsmidlane gjekk til forskingsmiljøa i dei fire største byane (inkludert NMBU). Så ja, ressursane er smurde tynt utover – fordi det er samla så enorme ressursar i dei største byane.

Kvar står Høgskulen i Volda i dette bildet? Vi har gått frå å vere ein mellomstor høgskule til å bli ein av dei aller minste statlege høgskulane frå januar 2017. Men om vi er hår i suppa, så er vi nok ikkje det einaste håret. Det kan vere verdt å minne om at i tillegg til dei statlege regionale høgskulane som er att, så har vi ei rekkje små statlege vitskaplege høgskular, og ikkje minst har vi eit mangfald av private høgskular. Frå giganten BI med over 20 000 studentar til Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling med ca. 50 studentar i 2015. Vi snakkar til saman om 20–30 høgskular – og dei aller fleste er stort sett statleg finansierte. Det er for meg eit mysterium kvifor desse høgskulane stort sett har vore heilt utanfor strukturdebatten – men det kan kanskje vere eit tema for framtidige kunnskapsministrar.

Skal vi alle bli universitet no når til dømes Nesna, Narvik og Ålesund kan kalle seg universitet? Denne prosessen viser vel følgjande: Det er langt lettare å bli universitet enn å vere det. Altså at det merkast meir enn i ordi – eller skilta på husa. Innhaldet i undervisning og forsking har jo ikkje over natta vorte dramatisk betra. Vonleg vil høgskulane også ta vare på sine aller sterkaste sider – den nære kontakten mellom studentar, lærarar og arbeidslivet – også inn i dei store universiteta.

Eg trur det over tid er politisk sett umogleg å nekte dei nye store høgskulane å bli universitet. Når saka blir sett på spissen, er eg sikker på at utviklingsorienterte regionale politikarar støttar høgskulane sine og gir dei universitetstittelen på eitt eller anna tidspunkt i den komande stortingsperioden. Kynisk sett handlar dette om ei utruleg billeg symbolmarkering som aldeles ikkje forpliktar dei same politikarane til å følgje opp universitetsstatusen med auka grunnløyving.

Så det kan godt hende at alle høgskular i løpet av neste stortingsperioden blir døypte om til universitet. Og må vi, så må vi vel. Også i Volda. Men innhaldet er uansett viktigare enn merkelappen. Så inntil vidare: Det er betre å vere ein god høgskule enn eit dårleg universitet.