Sofie Høgestøl: – Sektoren må tenke annleis om karrierevegar
LUKK

Sofie Høgestøl: – Sektoren må tenke annleis om karrierevegar

Av Johanne Landsverk

Publisert 5. juni 2020 kl. 10:37

Regjeringa lovar ny strategi for forskarrekruttering: – Eit mindretal skal bli professor, og difor må sektoren tenke annleis om karrierevegar, seier Sofie Høgestøl.

Kunnskapsdepartementet (KD) har lova å kome med ein ny strategi for forskarrekruttering og karrierevegar. Etter planen skal han ferdigstillast våren 2021. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) er allereie i gang med å undersøke arbeidsmarknaden for doktorane og bruken av postdoktorstillingar.

Førsteamanuensis Sofie Høgestøl, som er leiar for Akademiet for yngre forskere, er glad for at KD tek tak i dette temaet:

– Dette har vore ein viktig forskingspolitisk pilar i arbeidet vårt heilt sidan Akademiet for yngre forskere vart stifta. I den første store undersøkinga vi gjorde blant 800 unge forskarar i 2016, kom det fram at stipendiatane ikkje får karriererettleiing. Ein rapport frå 2015 viste at berre 20 prosent blir verande i akademia, men kva for karrierevegar finst det om du ikkje skal bli professor? Sjølvsagt er det også viktig å sjå på korleis vi lagar gode løp for dei flinkaste kandidatane som vil bli verande i sektoren.

– Mange stipendiatar kjem ikkje til å fortsetje med forsking. Berre eit mindretal ved universiteta skal inn i professorløpet, og då må sektoren tenke annleis om karrierevegar, seier Høgestøl.

Les også: Akademia: Én av tre er misfornøyd med karrierevalget

– Må bli sikker karriereveg

Idd Andrea Christensen er stipendiat i bioteknologi ved NTNU og leiar for Dion, interesseorganisasjonen for stipendiatar, postdoktorar og mellombels tilsette ved NTNU. Ho er oppteken av at forsking skal bli ein sikker karriereveg.

– Vi ønskjer at det skal bli attraktivt for unge å satse på ein forskingskarriere, blant anna ved å gje betre arbeidstryggleik. Og vi vil ha betre oversikt over kva ein karriere innanfor forsking eigentleg er. Dette er ikkje tydeleg i dag, seier Christensen. Ho meiner at noko av det viktigaste er å arbeide for fleire faste og færre eksternt finansierte stillingar i akademia.

– Med ei meir langsiktig finansiering vil Noreg kunne satse på innovativ forsking, og dette vil gjere det meir attraktivt for unge å satse på ein karriere innanfor forsking, meiner ho.

Les også: Hvilket råd ville du gitt deg selv som ung forsker? «Du må ha tro på deg selv– du er jo smart!», sier May-Britt Moser.

Vil ikkje fortsetje i akademia

Ingvild Mageli, som er stipendiat ved Handelshøgskulen ved UiT og i styret i Stipendiatorganisasjonane i Noreg (SiN), er derimot ikkje blant dei som drøymer om ei framtid ved universitetet.

– Institusjonen har ei sterk forventning om at eg skal halde fram i akademia, seier Ingvild Mageli. Foto: Audun Hetland

– Eg har heile tida vore klar på at eg ikkje kjem til fortsetje i akademia. Eg søkte på doktorgraden fordi det var eit prosjekt som passa meg godt, og eg vil ta med meg denne kompetansen til ein jobb i offentleg sektor, kanskje eit departement eller ein kommune, seier Mageli.

Ho fortel at UiT legg vekt på at stipendiatane tek ei forskarutdanning.

– Slik doktorgraden er lagd opp, får ein inntrykk av at institusjonen først og fremst vil rekruttere forskarar. Det er ei sterk forventning om at eg skal halde fram i akademia, sjølv om statistikken taler imot det. Kanskje er det plass til éin av ti stipendiatar ved universitetet, seier ho.

Les også: De var unge forskertalenter. Derfor ville de ikke jobbe i akademia. 

Varierte forskarkarrierar

Blant dei som har ivra mest for at KD skal sjå nærare på karrierevegar og rekruttering, er Forskerforbundet.

– Dette er etterlengta og noko Forskerforbundet har jobba for veldig lenge, seier leiar Guro Elisabeth Lind. Ho er svært nøgd med signala om at strategien skal bygge på kunnskap om dagens forskarrekruttering og karriereløp, og at dette skal gjerast i nær dialog med sektoren.

– Vi gler oss til å jobbe i lag med KD om dette. Skal vi lukkast, er det viktig at vi har eit tett samarbeid, seier Lind.

Ho har forventningar om at den nye strategien vil dekke breidda av forskingssektoren.

– Vi gler oss til å jobbe i lag med KD om strategien, seier Guro Lind. Foto: Aksel Kjær Vidnes

– Det finst ikkje berre éin typisk forskarkarriere, men mange. Forskerforbundet organiserer alle typar forskarar frå ulike sektorar, og vi har mykje å bidra med i denne prosessen, spesielt når det gjeld breiddetenkinga, seier Lind.

Ho forventar også at rekrutteringa av forskarar og arbeidsvilkåra til forskarane no vil bli høgare prioriterte både i statsbudsjetta og strategiske planar frå regjeringa.

– Altfor mange problem har stått uløyste i lang tid, som problematikken rundt mellombelse stillingar, aukande bekymring for rekruttering til forskaryrket og mangelen på tydelege karrierevegar. Det er difor svært positivt at KD ser ut til å sjå på desse problemstillingane i eit breitt perspektiv.

Les også: