Bråket ved Nordnorsk kunstmuseum: – Museet har mista all tillit
Annonse
Annonse

Bråket ved Nordnorsk kunstmuseum: – Museet har mista all tillit

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. april 2021

– Heile styret må trekke seg, seier tillitsvald i Forskerforbundet ved Nordnorsk kunstmuseum

– Vi har allereie fått dårleg omdømme og har mista tillit innanfor kulturfeltet og i samiske miljø. All støyen gjer det svært krevjande å jobbe ved museet, seier Tiina Tuulia Portti, som er tillitsvald for Forskerforbundet ved Nordnorsk kunstmuseum (NNKM) i Tromsø.

Eitt år har gått sidan museumsdirektør J.M. McGowan vart avsett av museumsstyret, men framleis står museet utan direktør. I løpet av året har også ti styremedlemer, inkludert varamedlemer, trekt seg i protest.

Annonse

McGowan gjekk til sak mot museet, men tapte rettssaka. Retten slo fast at arbeidsavtalen til direktøren gav museet rett til å avslutte arbeidsforholdet når museet måtte ønske det, utan å grunngje kvifor direktøren måtte gå.

Nordnorsk kunstmuseum har blant anna satsa på samisk samtidskunst. Styreleiar Grete Ellingsen har hevda at direktøren måtte gå på grunn av manglande rapportering, og at mistilliten ikkje skuldast den kunstnariske profilen. Men i retten sa den oppsagte direktøren McGowan at Ellingsen blant anna skal ha reagert sterkt på at ein representant frå Sametinget skulle halde opningstale under opninga av ei utstilling. Ifølgje Klassekampen skal også styreleiaren ha gjeve uttrykk for skepsis til McGowans satsing på samisk kunst.

– Mistar tillit i kunstmiljøa

– Vi trur ikkje styreleiaren kan få oss ut av denne situasjonen, seier Tiina Tuulia Portti. Foto: NNKM

Nyleg gjekk Samisk kunstnerforbund/Sámi Dáiddáčehpiid Searvi (SDS) ut med eit ønske om å flytte utdelinga av John Savio-prisen frå Nordnorsk kunstmuseum til «en institusjon som nyter tillit hos både kunstnerfellesskapet og befolkningen i Sápmi».

– Samisk kunstnerforbund vil ikkje lenger samarbeide med museet, og både presidenten i Sametinget og kunstnarar har uttalt seg kritisk. Det er ein uhaldbar situasjon for museet at vi mister tillit i miljøa vi skal samarbeide med, seier Portti.

Etter at tre representantar trekte seg frå styret like før påske, er det no ingen representasjon i styret frå kunstnarorganisasjonar eller samiske styremedlemer. I etterkant av rettssaka valde også administrasjonsleiaren å gå frå stillinga etter å ha sett korleis styret presenterte si forteljing om museet under rettssaka.

«En skam for museet»

I eit ope brev til kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja skriv Portti at dei tilsette ved museet ikkje har tillit til at styreleiar klarer å få museet ut av det uføret ho sjølv har styrt dei inn i. Eit stort fleirtal i det lokale Forskerforbundet, alle medlemene i Norsk Tjenestemannslag (NTL) og Forbundet for leiing og teknikk ved NNKM stiller seg bak. I brevet heiter det at bakgrunnen for det dårlege forholdet mellom Nordnorsk kunstmuseum og dei samiske miljøa er at «museets stemme i offentligheten i stor grad har vært advokat Oddmund Enoksen. Han ble hyret av styret og/eller styreleder uten innspill fra organisasjonen, har tette bånd til styreleder og er en hyppig deltager i diskusjoner rundt samiske spørsmål.
At han brukte rettsaken til å angripe samisk urfolksstatus er ufattelig for oss, og en skam for museet», skriv Portti.

Ifølgje advokat Enoksen har dette bakgrunn i ei utsegn frå tidlegare styremedlem Joar Nango, som i retten sa at styreleiar Ellingsen ikkje visste kva eit urfolk er. Nango hadde foreslått for styreleiaren at det samiske kunstmiljøet burde få ein fast plass i styret. Ellingsen hadde då svart at om samar skulle ha ein fast plass, måtte også andre minoritetar ha det.
– Jeg husker ikke om hun refererte til pakistanere eller en annen gruppe, sa Nango ifølge Klassekampen.

McGowan skal ha reagert på sluttprosedyren til Enoksen der han sa at «både samene og kvenene i Norge er nasjonale minoriteter», og at «det er en kjent sak i Norge at den ulike behandlingen som norske myndigheter har gitt kvener og samer, har skapt en del utfordringer».

– Påstandane om å vere samefiendtleg vart kommentert i sluttprosedyren. Eg gjorde greie for at ei folkegruppe på ei og same tid kan vere urfolk og nasjonal minoritet. Dette er heilt uproblematisk, seier Enoksen til Forskerforum.  

– Vil stemple styret som samefiendtleg

– I ettertid av dommen, som gjekk i favør av museet, er det etablert ei forteljing om at eg har brukt store delar av prosedyren til å angripe samane. Denne forteljinga har ikkje rot i røyndomen, men er spreidd i dei kretsane som heile tida har vore ueinige i styret si avgjerd. Dette handlar om å stemple styret som samefiendtleg, seier han.

I brevet frå fagforeiningane heiter det: «Enoksen har offentlig angrepet museets program, samarbeidspartnere og egne ansatte. Vi har protestert på både hans ansettelse og hans tilsynelatende ubegrensede spillerom, men ikke blitt lyttet til.»

– Eg har skrive avisinnlegg litt tilbake i tid om kva som låg til grunn for styret sitt vedtak. Dette har tydeleg ikkje falle i god jord, heller ikkje blant ein del tilsette ved museet, seier han.

– Som advokat for styret representerer du museet?
– Ja, men skal det at eg har uttrykt private meiningar i avisinnlegg tidlegare føre til yrkesforbod for meg som advokat? Det er ei heilt absurd innstilling, seier han.

– Går ut over arbeidet vårt

Portti i Forskerforbundet ved NNKM seier museet treng ein ny start.

Tilsette ved Nordnorsk kunstmuseum er uroa for framtida på grunn av mistilliten mot museet. Foto: NNKM

– På grunn av uroa er det veldig tungt no. Dette går ut over arbeidet vårt, og difor måtte vi seie frå og skrive dette opne brevet, seier ho.

– Vi trur ikkje at styreleiaren kan få oss ut av situasjonen vi har hamna i. Komande utstillingar og mogleg samarbeid kan bli spolerte fordi det er så mykje mistillit mot museet.

Portti seier dei tilsette er uroa for tilsettinga av direktør. 

– Vi er bekymra for at vi ikkje skal få kompetente søkjarar til direktørjobben som kjenner landsdelen og museet godt. Vi har allereie fått dårleg omdømme både på kulturfeltet og i samiske miljø.

Raja lovar avdeling i Bodø

I den nye museumsmeldinga som vart lagd fram før påske står det at Nordnorsk kunstmuseum skal få ei avdeling i Bodø, og at det skal leggast til rette for nytt utstillingslokale i Longyearbyen.

– Dette er positivt. Men vi er i ein vanskeleg situasjon, så det er litt feil tidspunkt å setje i gang mykje nytt. Vi må først få tilliten tilbake og få ro og orden på museet, meiner ho.

Torsdag 8. april er det dialogmøte mellom dei ulike aktørane i kunstfeltet, Sametinget, Nordland fylkeskommune, Troms og Finnmark fylkeskommune, Tromsø kommune og representantar frå Kulturdepartementet.

– Eg veit ikkje kva som kan komme ut av dette møtet. Dei tilsette er ikkje inviterte, seier Portti.

Les også: