Brot i forhandlingane med forlaga

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 23. februar 2018

Det er brot i forhandlingane om tilgang til elektroniske tidsskrift for norske forskarar. Men institusjonane får behalde tilgangen ut året.

Sidan i fjor haust har norske universitet og høgskular forhandla om nye avtalar med dei vitskaplege forlagshusa Wiley og Taylor & Francis. Avtalane gjekk ut ved nyttår, men institusjonane har fått behalde tilgangen til tidsskrifta medan forhandlingane heldt fram på overtid.

No er det klart at det ikkje blir nokon ny avtale i denne omgang.

– Uakseptabelt tilbod

– Tilboda forlaga la på bordet, var ikkje akseptable for oss, fortel Nina Karlstrøm i Kunnskapsdepartementets tenesteorgan.

– Vi prøvde å få til ein avtale som ville ta oss mot open tilgang i tråd med dei nasjonale retningslinene, men vi må innsjå at vi ikkje kjem i mål. Tilboda forlaga la på bordet, var ikkje akseptable for oss, fortel Nina Karlstrøm i Kunnskapsdepartementets tenesteorgan, som fører forhandlingane på vegner av institusjonane.

I staden har dei fått eitt års forlenging av avtalen som gjekk ut ved siste årsskifte, under dei same rammevilkåra som i den siste avtaleperioden.

Noreg ønskjer å innføre ein ny betalingsmodell der ein ikkje lenger skal betale for abonnement, men for at artiklar skrivne av norske forskarar skal bli publisert med open tilgang, ein såkalla publiser-og-les-modell. Dette er i tråd med regjeringa sin strategi for open tilgang til forsking, og med internasjonale initiativ.

Men det viste seg uråd å kome til semje om vilkåra i avtalane.

Internasjonal trend

Dei norske forhandlarane har hatt tett kontakt med kollegaer i andre land som står oppe i same situasjon.

Fakta

Frå abonnement til publiser-og-les

• Den rådande avtalemodellen med vitskaplege forlag er abonnement: Institusjonane betalar for at forskarane og studentane deira skal få lesetilgang til ein pakke med elektroniske tidsskrift.

• Publiser-og-les inneber at institusjonane, eller eit nasjonalt organ, i staden betalar for open publisering av artiklar skrivne av eigne forskarar.

• Fordi norske forskarar ikkje berre les norsk forsking, vil publiser-og-les-modellen berre fungere om flest mogleg land innfører den nye modellen samstundes.

I Tyskland har om lag 200 universitet og forskingsinstitusjonar i samla flokk nekta å inngå nye avtalar med verdas største vitskaplege forlag Elsevier, med mindre dei får tilbod om ein publiser-og-les-avtale.

Sjølv om dei no står utan forlagsavtale, har dei førebels ikkje misst tilgangen til tidsskrifta.

Nederlandske institusjonar skal fornye sine avtalar med Elsevier innan utgangen av året, og forhandlarane har allereie annonsert offentleg at dei vil stille same krav som dei tyske institusjonane, og at dei vil nekte å inngå nye avtalar med mindre dei får gjennomslag for ein betal-og-les-modell.

Også Noreg skal starte forhandlingar med Elsevier i år.

– Dei fire største tidsskrift-avtalane norske institusjonar deltek i, skal alle reforhandlast i år. Det gjeld Elsevier, Springer Nature, og altså Wiley og Taylor & Francis der vi no har fått eitt års forlenging, som gjev oss litt ekstra tid. No skal vi, saman med dei største institusjonane, lage ein strategi for det komande året og forhandlingane som ventar, seier Karlstrøm.

Maktbalansen endrar seg

Medan institusjonane tidlegare har vore prisgitt vilkåra frå forlaga, er det fleire små teikn som kan tyde på at maktfordelinga er i ferd med å endre seg.

Det er blitt vanleg at institusjonane forhandlar samla i større konsortium i staden for kvar for seg, noko som gjer det lettare å stille krav.

Døma frå Tyskland og Nederland viser at institusjonane er budde på å seie nei til uakseptable avtalar. Dei seinare åra har dessutan fleire land byrja offentleggjere vilkåra i forlagsavtalane, som tidlegare har vore hemmelege. Openheit om avtalane gjev innsyn i prisforskjellar mellom land og institusjonar, som institusjonane kan nytte seg av til å forbetre sin eigen forhandlingsposisjon.

– Nyleg såg vi også at forlaget Taylor & Francis måtte trekke tilbake ein endring i abonnementsavtalane, der dei først ønskte at abonnentane ikkje lenger skulle få tilgang til elektroniske årgangar eldre enn 20 år, seier Karlstrøm.

Elektroniske tidsskrift kom i 1997, så resultatet ville bli at abonnentane no ville misse tilgangen til 1997-årgangen, neste år til 1998-årgangen, og så vidare. Meir enn hundre britiske universitetsbibliotek samla seg om eit ope protestbrev til forlaget, og endringa vart ikkje noko av.

– Det kan tyde på at maktfordelinga i forhandlingane er i ferd med å snu, seier Karlstrøm.

Norske forskarar vil altså enn så lenge ikkje merke noko til brotet i forhandlingane. Kva som skjer etter utgangen av året, er uvisst.

  • Les også: