– Demokratiet har spelt fallitt ved Noregs nye universitet
LUKK

– Demokratiet har spelt fallitt ved Noregs nye universitet

Av Johanne Landsverk

Publisert 13. juni 2018 kl. 15:02

Leiinga har ei bedriftstenking som undergrev den frie, kritiske rolla universitetstilsette har hatt, meiner professorar ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Professorar ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) meiner at leiarane på alle nivå i universitetet først og fremst viser lojalitet oppover, og ikkje nedover i systemet.

– Universitetsleiarane er ikkje interesserte i å høyre kva dei tilsette på nivået under dei måtte meine. Dette er ei type bedriftstenking, der du styrer alt ovanfrå, og som undergrev den frie, kritiske rolla universitetstilsette har hatt, seier Peter Fjågesund, som er professor i britisk litteratur ved USN.

Firkanta og autoritære

I ein kronikk i siste nummer av Forskerforum skriv Fjågesund om kollegaer som er blitt engstelege for å ytre kritikk.

– Tidlegare var leiarane valde for å leie dei tilsette, og lojaliteten gjekk stort sett nedover. I praksis hadde vi ein gjensidig openheit mellom leiinga og dei tilsette, og det låg ingen fare i å kome med kritikk. Men i dag tør omtrent ingen å ytre kritikk, fordi leiarane har lojaliteten oppover i systemet.

Fjågesund meiner det er heilt uforståeleg at universitetet sjølv verkeleg ønskjer seg ein kultur som ikkje oppmodar til openheit og akademisk fridom.

– Det er ei ønskt utvikling at institusjonane skal bli store, robuste og konkurransedyktige. Men i praksis er dei blitt firkanta, tunge og autoritære.

Peter Fjågesund meiner at dei som driv forsking og undervisning har mista høvet til å delta i avgjerder. Foto: privat

– Vil legge ned historie i Bø

Eit godt døme på det nye leiingsregimet ved USN, er måten dei tilsette fekk beskjed om at alle tilbod innanfor historiefaget ved studiestaden Bø er foreslått lagt ned. Dette skjedde få dagar etter at Høgskulen i Søraust-Noreg fekk status som universitet.

– Vi fekk plutseleg presentert av vår eiga fakultetsleiing at fakultetet foreslår å legge ned historiefaget her i Bø. Anbefalinga var sendt til institusjonen utan at vi var varsla, og vi har ikkje fått høve til å kome med våre synspunkt eller motargument før etter at forslaget var sendt, seier Nils Ivar Agøy, som er professor i historie ved USN.

Han fortel at dei tilsette ikkje eingong ante at fakultetsleiinga gjekk med slike tankar.

– Dette er eit klart utslag av ein leiingsfilosofi der all leiing går frå universitetsleiinga og nedover, og all lojalitet går oppover. Det er New Public Management i si reinaste form, seier han.

Vil avvikle i Bø

Historiefaget har hatt eit sterkt fagmiljø i Bø heilt sidan opprettinga av Telemark distriktshøgskule i 1971. Men som følgje av fusjonen med Buskerud og Vestfold, vart det ikkje oppretta eit eige fakultet for disiplinfaga. Historiefaget er i staden plassert under fakultetet Handelshøyskolen, som har ein dekan plassert i Hønefoss i Buskerud. No vil fakultetsleiinga ved Handelshøyskolen avvikle historiefaget i Bø.

– Aldri i mine levedagar har eg opplevd ei så dårleg personalbehandling. Dessutan er sjølve forslaget frykteleg dårleg grunngitt og delvis fundert på feil fakta. Og ut frå interessene til ein institusjon som no kallar seg universitetet, kan ikkje dette vere eit klokt trekk, meiner Agøy.

– Leiarane skal lytte

Rektor Petter Aasen ved USN kjenner til innhaldet i kronikken til Fjågesund og til kritikken av nedlegginga av historiefaget i Bø. Når det gjeld påstanden om at tilsette ved universitetet er redde for å kome med kritikk, seier Aasen:

– Eg veit at det har vore diskusjonar på fakultetsnivå rundt dette. Sjølvsagt skal det ikkje vere slik at folk er engstelege for å ytre kritikk. Vi skal ha lyttande leiarar, som høyrer på argumentasjon frå tilsette.

– Eg kjøper ikkje analysen om at alt var så mykje betre før, seier rektor Petter Aasen. Foto:USN

Men Aasen meiner Fjågesund har eit poeng når han seier at leiarane ved eit moderne universitet ikkje lenger er tillitsvalde.

– Eg meiner tilsett leiing er ein formålstenleg modell, samtidig føreset modellen at ein balanserer det kollegiale med ei management-basert leiing. Det er forventa at eit moderne universitet skal tenke strategisk på institusjonsnivå, og vi treng ei anna type leiing enn vi hadde tidlegare.

Kjenner til kritikken

Rektor Aasen kjenner òg til kritikken av prosessen rundt historiefaget. Han strekar under at det er eit bachelorprogram og ei årseining som fakultetet foreslår lagt ned, ikkje sjølve faget.

– Dette er første milepæl i ein prosess der vi diskuterer studieporteføljen for 2019-20. Eg har fått med meg kritikken av prosessen, og vi skal sørgje for at all argumentasjon kjem fram før det blir gjort vedtak i saka. Det kan vere usemje om analysar av ulike situasjonar. Det er viktig å bli høyrd, men det betyr ikkje nødvendigvis at ein får gjennomslag i alle samanhengar. Som sagt, er vi tidlig i prosessen, seier han.

Ingen nærkontakt med leiinga

Fjågesund meiner at USN har vald den verst tenkelege organiseringa etter fusjonen.

– Eg jobbar sjølv ved eit institutt som er fordelt på fem campusar. Når du lagar ein instituttstruktur som er så pulverisert, kan du heller ikkje få ei felles identitetskjensle og heller ikkje nærkontakt med leiinga, meiner han.

Aasen på si side forsvarer strukturen.

– Vi har vald å ikkje ha studiestad som organisatorisk eining, rett og slett for å kome imøte intensjonane i reforma, nasjonale kvalitetskrav og eigne faglege ambisjonar. Dette er ein krevjande organisasjonsmodell, men vegen går ikkje bakover. Det eg reagerer på i kronikken, er at den er nostalgisk tilbakeskodande til det som var. Eg har vore i akademia sidan tidlig på 70-tallet, og eg kjøper ikkje analysen om at alt var så mykje betre før, seier Aasen.

Studietilbodet ved USN skal drøftast i styremøte fredag 15. juni. Endeleg avgjerd blir ikkje gjort før til hausten. 

  • Les meir: