Dette kjendest som starten på slutten for moteordet «robust». Men «kvalitet» held ut. Kvifor?
LUKK

Dette kjendest som starten på slutten for moteordet «robust». Men «kvalitet» held ut. Kvifor?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 23. mars 2022 kl. 10:30

Kvalitet går aldri av moten.

«Har spist en robust frokost og flyttet på noen planter for å skape et mer robust miljø i vinduskarmen. En robust start på dagen.» Då tidlegare kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen tvitra dette, kjendest det som starten på slutten for moteordet «robust». Men «kvalitet» held ut. Kvifor? Eg trur det kjem av at «kvalitet» ikkje har det same preget av fiksfakseri og ei viljestyrt fornying av språket som då politireforma og strukturreforma skulle gjere landet robust. Dessutan er «kvalitet» endå tomare i innhald og kan dermed passe på det meste.

Førre gong pirka vi i ordet, men er ikkje ferdige. Denne gongen er det berre Marita Kristiansen som er med.

Oslomet-kvalitet

Nokut – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – er ein heim for ordet og ein spreiar av det. Vi skal ikkje skulde på Nokut aleine, for Nokut er oppretta av politikarar, og politikarar er valde av folket. Folk er prega av tida, men dei skapar òg tida.

Utan tida og Nokut hadde iallfall ikkje orda og figuren under vore mogeleg. Kristiansen har funne det ho meiner er symptomatisk bruk av kvalitetsordet på heimesida til Oslomet:

«Arbeidet med kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningene skal dekke alle forhold av vesentlig betydning for utdanningskvaliteten, studentenes læringsutbytte og samfunnets behov for kompetanse på kort og lang sikt. Dette er konkretisert i fire overordnede kvalitetsområder:»

Marita Kristiansen

Under dei fire kategoriane har Oslomet pliktoppfyllande ført opp kva som er omfatta av dei ulike kvalitetsområda, som læringsmiljø, lokalar og utstyr. Det er utmattande og kjedeleg, og det var ikkje slike figurar og ord som ein gong fekk meg til å ville studere. I rettferdas namn tenkjer eg likevel på om dette ikkje er transparent og heiderleg av Oslomet.

Les også: Namn på norske universitet: – Det kunne like godt ha vore ein klinikk

Nokut-kvalitet

– Er ikkje styresmaktenes jakt på kvalitet gjennom Nokut viktig?

– Når eg underviser, er det viktig for meg med best mogeleg dialog med studentane. Eg ynskjer å sjekke at undervisinga er relevant og nyttig, og eg brukte før å ha ei midtvegsevaluering ved hjelp av eit spørjeskjema. Som del av kvalitetssystemet på institusjonen eg jobba på då, fekk vi sluttevaluering i staden. Vi rapporterterte til Nokut at «ja, vi har ei prosedyre for evaluering», men som førelesar tykte eg det var mindre givande, seier Kristiansen, som utdjupar slik:

– Eg vart fråteke systemet eg hadde sjølv. I og med at semesteret var slutt, kunne eg ikkje samtale med studentar om kommentarar eg hadde fått eller avklåre misforståingar. Men systemet var der. Det kunne vi og Nokut krysse av for. Dette bygde iallfall ikkje på tillit og var litt demotiverande.

Direktorat-kvalitet

Kristiansen har òg innvendingar til ein annan institusjon med «kvalitet» i sjølve namnet. Det som no heiter Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir.) hadde fleire forløparar. Ein av dei var Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning.

Les også: – Fjorduniversitetet er det dårlegaste framlegget

– Denne koplinga set eit likskapsteikn mellom internasjonalisering og kvalitet. At internasjonalisering er viktig for å sikre kvalitet i høgare utdanning, er ein påstand. Sjølv om eg ikkje er usamd i at internasjonal erfaring kan gje viktig læring, så eg saknar ein diskusjon om kva som ligg i denne ekstra læringa samanlikna med det ein ville fått om ein haldt seg heime heile studieløpet. Kva er det til dømes er som gjer at studentar får høgare læringsutbyte ved å ta eit semester i utlandet og korleis er emna lagt opp til for å gje slik kunnskap eller ferdigheit. Eg er oppteken av å snakke fram norsk i høgare utdanning. Motkrafta er engelsk på grunn av internasjonalisering. Kva meirverdi får ein ved å ha internasjonalt utdanningstilbod, og kva mistar ein eventuelt?

Kva kvalitetsutvikling ein var ute etter og korleis den var kopla til internasjonalisering – var dette verkeleg ikkje utdjupa nokon stad?

– Det har vore lite utdjupa vil eg seie. Ein snakkar til og med om «internasjonalisering hjemme», men eg har til gode å sjå eit emne som har som del av læringsutbytteskildringa at til dømes norske og internasjonale studentar skal samarbeide for å dra nytte av dei ulike perspektiva dei drar med seg på grunn av ulik kulturell bakgrunn, og der dei skal reflektere over forskjellane. Det at eit kurs går på engelsk slik at alle i førelesningssalen skal forstå kan ikkje vera nok til å gje «internasjonalt» læringsutbytte.

– Eg får ei kjensle av «damned if you do, damned if you don’t». Du liker ikkje vag bruk av ordet kvalitet, men heller ikkje lister med krav til kva kvaliteten skal innehalde?

– Hugs at dersom du har ei kravliste, er det òg mykje som ikkje står der.

– Ved gode nok definisjonar er du ikkje motstandar av ordet?

– Nei, men dersom ordet kvalitet skal ha relevans, må ein bryte det ned til noko som kan målast. Ein må òg vite kvifor ein målar det ein målar.

Les også: