– Eg innsåg at eg måtte lære meg å like brokkoli og spinat
LUKK

– Eg innsåg at eg måtte lære meg å like brokkoli og spinat

Av Silje Pileberg

Publisert 13. januar 2022

Ernæringsforskar Karianne Svendsen sørgjer for å leggje paprika på leverposteiskivene. Korleis kan fagkunnskap prege eigne livsval?

Korleis tar vi med oss det vi lærer på jobb inn i resten av livet vårt? Vi har spurt forskarar om korleis fagkunnskapen pregar dei.

Allereie i starten av studia i ernæring merka Karianne Svendsen at ho vart påverka.

– Eg innsåg at eg måtte lære meg å like brokkoli og spinat, seier Svendsen, som no er postdoktor ved Kreftregisteret og forskar i ernæring ved Universitetet i Oslo.

I dag er ho bevisst på kva ho et. Ho trenar, også. For ho har sett, både i litteraturen og i møte med studiedeltakarar, kva ein sunn livsstil kan bety for helsa.

Stressar ned

Den siste tida har ho også øvd på å vere til stades. Ho er nemleg ein av forskarane i ein studie om stressmeistring etter brystkreft.

– Eg burde sikkert ha jobba meir systematisk med det, men eg bruker den same appen som studiedeltakarane bruker, og eg har kjøpt ei bok som eg brukar litt tid på kvar kveld.

Rett som det er ufarleggjer ho stressande situasjonar for seg sjølv, til dømes ved ikkje å tenkje for langt fram.

Karianne Svendsen på tur med hunden. Foto: Erik Norrud

Litt irriterande

Kanskje er det lettare å ete sunt og øve på stressmestring enn å slutte å fly eller kutte ut rusmiddel. Men også Svendsen kan møte dilemma, som at ho ikkje alltid kan lage alt frå botnen av. Ho veit at mykje ultraprosessert mat ikkje er bra for helsa.

Å vere kosthaldsekspert kan også vere utfordrande i møte med andre. Ho trur at både familie og venner opplevde henne irriterande under studiet, fordi ho kommenterte kva dei åt. Det kan ho fortsatt gjere innimellom.

– Men dei har også fått litt nyttig informasjon. For eksempel får eg meldingar av vennane mine når barna deira har paprika på leverposteiskiva si, fordi eg har sagt at det er lurt. C-vitaminet i paprikaen aukar jarnopptaket.

Ikkje lett å endre

I doktorgraden sin var ho med på ein studie der apotekkundar rundt om i Noreg fekk målt kolesterol, blodsukker, blodtrykk og vekt. Dei som var i risikogruppa for livsstilssjukdomar, fekk tips om nyttige livsstilsendringar.

Men medan nokre la om kosthald og livsstil i positiv retning, gjekk andre motsett veg.

– Dess meir eg har jobba med dette, dess meir har eg skjønt at det ikkje er nok berre å gje kunnskap om kva som er sunt. Andre ting kan vere minst like viktige, som å ha tilgang til råvarer og vite korleis ein lagar sunn mat.

Les fleire intervju med forskarar om liv og lære: