Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Berekraftforskar Kristin Linnerud prøver å gjere ein forskjell. Men det er vanskeleg å «slutte å vere nordmann».

Kristin Linnerud meiner at vår beste moglegheit til å påverke er som gruppe.

– Vi blir gjerne litt makteslause i det daglege. Men gjer vi oss gjeldande som gruppe, kan vi gjere ein skilnad, seier Kristin Linnerud. Foto: Erik Norrud

Arbeidsdagen er omme. Du lukkar døra til kontoret. Men i kva grad tar du med deg det du lærer, inn i resten av livet ditt? Vi har spurt forskarar om korleis fagkunnskapen deira pregar dei i kvardagen.

Kristin Linnerud har jobba i finansnæringa og gassektoren og hatt styreverv i kraftselskap og industri. Så vart ho klimaforskar. I dag er ho professor i fornybar energi ved NMBU.

Djupt inni seg brenn ho for rettferd.

– Viss det er eitt ord som speglar berekraft, er det rettferd: rettferd mellom dei som lever i dag og dei som kjem etter, mellom dei rike i verda og dei fattige, mellom oss menneske og alt anna levande liv. Der har vi nokre svake stemmer.

Nyleg ga ho ut boka Bærekraftig utvikling. En idé om rettferdighet saman med ektemannen Erling Holden.

Eit todelt trugsmål

Linnerud vaks opp med foreldre som tok vare på tinga sine, og som ofte tok henne med ut i naturen. Ho trur at dette har hatt mykje å seie for haldningane hennar. Likevel: Å samarbeide med naturvitarar har fått henne til å innsjå at miljøtrugsmålet er todelt, at både klimaet og naturmangfaldet er truga. Det påverkar råda ho gjev.

Ho trur også at ho som privatperson kan påverke andre, til dømes gjennom samtalar om korleis ho lever.

– Men eg trur at det er viktig ikkje å moralisere.

Vil ikkje vere presteskap

Ho viser til den franske økonomen Thomas Piketty, som samanliknar venstresida med eit slags nytt presteskap som fortel andre korleis ein bør leve.

– Viss eg som forskar blir del av eit slikt presteskap, får folk piggane ut. Då får vi polarisering og inga framdrift.

Men der er berekraft eit godt omgrep, meiner ho.

– Det får oss til å opne opp: Ja, vi må passe på klimaet, men vi må passe på naturmangfaldet òg. Og alle må ha eit meiningsfullt arbeid. Pressar du for hardt på for éi sak, risikerer du å få ei mobilisering av motkrefter. Det har vi sett i vindkraftdebatten.

Kjem til kort

– Tenkjer du på korleis du sjølv kan leve på ein måte som gjer verda meir rettferdig?

– Ja, eg prøver å gjere ein forskjell. Mannen min og eg har éin bil, ein del av ein nøktern tomannsbustad, vi har inga hytte og vi har kjøpt veldig mange møblar brukt. Samtidig kjem eg til kort fordi eg lever i verdas rikaste land.

Dessutan reiser ho meir i jobben enn dei fleste, og sjølv om ho ikkje har hytte, har ho lyst på det, innrømmer ho.

– Det er eit dilemma for meg. Vi veit at jordas areal med urørt natur er halvert sidan 1980.

Ei sterk kraft

Linnerud meiner at det er vanskeleg å «slutte å vere nordmann». Men ho meiner at vi har ei sterk kraft gjennom gruppene vi er del av: Vi kan påverke politisk både ved val og ved å støtte politiske initiativ, og vi kan melde oss inn i organisasjonar.

Dei store vala er viktige, ifølgje Linnerud: som storleiken på bustaden din eller kvar du bur i forhold til arbeidsplassen.

– Vi kan bruke handlekorga både som individ og gruppe. Lar du vere å kjøpe produkt med mykje plastemballasje og spreier det i flokken din, kan de saman presse næringslivet. Det same kan du gjere om du vel ein kraftleverandør som tar omsyn til natur og lokalsamfunn.

Les fleie intervju med forskarar om liv og lære:

Viola Lobert har et dilemma: Hvor lenge kan hun la stipendiat Maja Buchholz bære risikoen med et ambisiøst forskningsprosjekt?

– Uten øyfolkene i Stillehavet hadde jeg ikke vært professor i sosialantropologi

På en svensk herregård får forskerne ro til å skrive

Finst det rom for fri og kritisk forsking på norsk utanrikspolitikk?

Du skal gjøre verden til et bedre sted med teksten din. Gjør du det, oppnår du evig lykke. Jeg lover.

Hva er egentlig en god akademisk tekst? Og hva gjør man, helt konkret, når man skal skrive en sånn?

Forskningsgründer: – Ha et enda sterkere fokus på fri grunnforskning

– Det er jo ikke verdt å gå til skilsmisse fordi man ikke får til en avtale i staten

Lukk meny