Forskinga blir nedprioritert ved mange museum. Men nokre satsar: – Eg har aldri hatt så gode forskingsvilkår
Annonse
Annonse

Forskinga blir nedprioritert ved mange museum. Men nokre satsar: – Eg har aldri hatt så gode forskingsvilkår

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. desember 2020

Forsking blir ofte ein salderingspost ved musea. Men Frank Meyer ved Næs jernverkmuseum har aldri hatt betre forskingsvilkår.

Inni skogen i Agder, nokre kilometer frå Tvedestrand ligg det: eit lite museum som tidlegare var eitt av dei største jernverka i Noreg. Frank Meyer er nytilsett forskar ved Næs Jernverksmuseum, som har eit nasjonalt ansvar for den norske jernverkshistoria. Museet har berre fem fast tilsette, men har likevel eiga forskarstilling.

– Eg har aldri hatt så gode forskingsvilkår og så mykje tid til forsking som her, seier Meyer. Han begynte i stillinga i august, men det er tydeleg at han allereie er ekspert, der han går frå hus til hus og fortel om jernproduksjonen i Noreg og Europa.

Annonse

Meyer er opphavleg frå Tyskland, men har budd lenge i Noreg. Han har to doktorgradar i historie og har blant anna vore dagleg leiar i Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. I ti år jobba han som professor ved tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Då hadde eg 45 prosent tid til forsking, men mykje av tida kokte bort til undervisning, administrasjon og andre oppgåver. Eg publiserte svært mykje, men det meste av forskinga utførte eg i helger og feriar. Så eg trur mange har problem med å finne tid til forsking også i UH-sektoren, seier han.

Er fleire doktorgradar løysinga?

Meyer er ein ganske einsam fugl i museumslandskapet. For ikkje mange små museum held seg med eigne forskarstillingar, og det gjer heller ikkje så mange av dei store «konsoliderte» musea.

Fleire større museum under Kulturdepartementet har dei seinare åra tilsett folk med doktorgrad, og talet på doktorgradar ved musea har auka svakt over tid.

Forhøyrsprotokoll frå 1787-1823. Forvaltarane på jernverket protokollførte forhøyr og bøter ved overskridingar av verksreglementet, som drukkenskap, vald og tjuveri av jern. Foto: Olav Svaland

Men ifølgje statistikken til Kulturrådet frå 2019, arbeidde heile 68 prosent av tilsette med doktorgradskompetanse ved eitt av dei sju universitetsmusea, som er eigd av Kunnskapsdepartementet.

Spørsmålet er då om fleire med doktorgrad og sterkare tilknyting til akademia er den rette vegen å gå for musea? Ja, meiner utvalet som står bak rapporten «Vilje til forsking», som Forskerforum tidlegare har skrive om.

I rapporten blir systematisk arbeid med rekruttering av doktorgradskompetanse trekt fram som eitt av dei viktigaste tiltaka for å få til meir forsking ved musea i åra framover. Blant forslaga er storstilt satsing på stipendiatstillingar, forskarskular og forskingsprosjekt i samarbeid med UH-sektoren (sjå faktaboks).

Fakta
Rapporten «Vilje til forsking» er eitt av fleire forarbeid til den nye museumsmeldinga som er varsla til våren. Blant forslaga er:

* 15 stipendiatheimlar til tverrinstitusjonell museumsforsking som blir fasa inn over tre år

*etablering av ein eller fleire forskarskular for museumsforsking

*15 millionar kroner setjast av årleg som søkbare midlar til museumsforsking i fem år til samarbeidsprosjekt mellom museumssektor og UH-sektor

Meyer trur samarbeid med UH-sektoren kan vere bra for mange.

– Men dette er ikkje løysinga for alle. Ved universiteta er det få som er interesserte i norsk arbeids- og industrihistorie, og dessutan er mange av forskarane eg treng å ha kontakt med, tilsette ved andre museum. Ikkje minst gjeld det Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg, som har svært høg kompetanse, seier han.

– Gjer alt mogleg anna

Meyer har litt å bevise, for ifølgje Museumsvurderinga som Kulturrådet gjev ut kvart år, var forskinga ved Næs Jernverksmuseum «mindre tilfredsstillande» i 2019.

Museet er likevel i godt selskap, for av dei 69 musea som er vurderte i 2019, får 26 karakteren «mindre tilfredsstillande» og 8 får «ikkje tilfredsstillande» i forsking.

Det er musea sjølve som rapporterer inn, blant anna om forskingsplanar, tal på doktorgradar ved museet og fagfellevurderte publiseringar.

Også Kuben i Arendal, som er ein del av Aust-Agder museum og arkiv, har fått karakteren mindre tilfredsstillande. Museet har nærare 57 lønna årsverk, og er ei konsolidert eining med både museum og arkiv. Forskingskoordinator Kristoffer Vadum er ikkje overraska over «dommen» frå Kulturrådet:

– Alle her veit at forskinga ved museet ikkje har vore prioritert. Det er noko vi har slite med i lang tid, seier han.

Kristoffer Vadum skal forske på pergamentbrev frå mellomalderen, som er av det første kjeldematerialet som ble gitt til museet etter 1832. Dette er eit provsbrev i ei drapssak frå Froland i 1425. Foto: Olav Svaland

I motsetning til jernverksmuseet har ikkje museet eiga forskarstilling.

– Eg har doktorgrad, men eg blir brukt til alt mogleg anna. Det står ikkje i stillingsinstruksen at eg skal forske. Men leiinga er velvillig, så no blir stillinga mi gjort om slik at eg skal bruke 60 prosent av stillinga til forsking framover, seier Vadum.

– Må brenne for forsking

Han fortel at svært mange av dei som jobbar ved museet har forskarkompetanse, anten master eller hovudfag.

– Men dei er tilsette for å gjere ein annan type jobb. Forsking kjem på toppen av alt det andre som ein gjere. Eg trur mange synest det er krevjande å få til å forske når det skal kome i tillegg til alle andre oppgåver i kvardagen.

– Så kva må til?

– Det viktigaste er å rekruttere folk som brenn for forsking. Om ein skal forske på det nivået som blir kravd i dag, med mange fagfellevurderte artiklar, treng vi å tilsette andre folk. Vi hadde fleire seniorforskarar på huset, men det er eit generasjonsskifte her no. Difor er det viktig å få rekruttert inn nye folk som er dedikerte til forsking. I tillegg må vi oppmuntre dei tilsette til å skaffe seg betre forskarkompetanse, seier Vadum.

Rådgjevar Anne Klippenvåg Pettersen jobbar med samling, formidling og utstillingsproduksjon. Ho likar å skrive, og no har ho bestemt seg for å forske.

– Problemet er at det er så veldig mykje anna som må gjerast. Men leiinga har sagt at eg skal få bruke tid på å forske, så no er det opp til meg å finne den tida, seier ho.

Pettersen har mastergrad i museologi, og målet er å skrive artiklar for å få godkjenning som konservator NMF. Dette er ei kvalifiseringsordning organisert av Norges museumsforbund (NMF).

– Eg gler meg til å kome i gang. Eg skal jobbe med historia til museet her i Arendal, som går tilbake til 1832. Der skal eg blant anna sjå på motivasjonen til grunnleggarane av museet.

Detalj av forhøyrsprotokoll frå 1787-1823. Forvaltarane på Næs jernverk protokollførte forhøyr og bøter ved overskridingar av verksreglementet, som drukkenskap, vald og tjuveri av jern. Foto: Olav Svaland

Også Vadum skal forske på museumshistoria fram mot 200-årsjubileet ved museet.

– Elles er det sjøfart som er satsingsområde for forskinga framover, fortel han.

– Ingen hovud har rulla

I museumsmeldinga frå 2009 blir det slått fast at både forvalting, forsking, formidling og fornying skal vere kjerneoppgåver ved musea. Men ikkje alle f-ane er like viktige. Vadum og Pettersen seier det ikkje er tvil om at oppgåvene har ulik prioritet:

Anne Klippenvåg Pettersen viser fram ein primstav med runeinnskrift. Den blei gitt til museet i 1832 av Andreas Faye, ein av grunnleggarane til museet. I bakgrunnen ser vi måleri frå portrettsamlinga til Kuben. Foto: Olav Svaland

– Det viktigaste er forvaltninga av samlingane, og også formidling er ein stor F. Då blir det lite tid igjen til forsking, seier dei.

– Har det ingen konsekvensar om de ikkje leverer forsking?

– Bortsett frå Kulturrådet er det ingen som etterspør forsking. Ingen kallar oss inn på teppet, og eigarkommunane er mest opptekne av besøkstalet, seier Pettersen.

– Nei, det er ingen hovud som har rulla etter vi fekk den sure tilbakemeldinga frå Kulturrådet, seier Vadum.

– Eit ork å kome i gang

Museumsdirektør Jan Ledang vedgår at forskinga ved museet dei seinare åra ikkje har vore heilt på nivå med det leiinga ønskjer. Men han trekkjer fram at museet kvart år har ein omfattande kunnskapsproduksjon i form av blant anna bøker, årsskrift og artiklar.

– Museet har vald å satse på å kvalifisere tilsette for konservator NMF, seier han.

– Men leiinga har ikkje prioritert forsking?

– Vi har sagt at vi skal frigjere tid til dei som vil forske. Men det er eit kjent fenomen, ikkje berre her hjå oss, men også i mange andre museum, at dei tilsette slit med å få tid og rom til å forske samtidig med å utføre anna fagleg arbeid som også er viktig. Ein del tilsette synest det er eit ork å kome i gang, særleg dei som har lite erfaring med forsking. Mange vil heller skrive kortare artiklar som ikkje har strenge vitskaplege krav.

Ledang seier museet no jobbar med ein ny forskingsplan.

– Vi skal styrke forskinga framover, og vi ønskjer å få til forskingssamarbeid med blant andre Universitetet i Agder. Vi kjem også til å arbeide langsiktig med å få på plass reine forskarstillingar ved kvar avdeling.

– Burde museet tilsette fleire med doktorgrad?

– Ja, om vi kan få det til. Men det er nokre utfordringar, blant anna når det gjeld økonomi, seier Ledang.

Må prioritere forskarkompetanse

Jorunn Jernsletten, som er leiar i seksjon for forsking i Norges museumsforbund, meiner musea ikkje har vore bevisste nok på rekruttere folk med doktorgrad.

– Du kan ikkje få til forsking utan folk med forskarkompetanse, det seier seg sjølv. Men eg er usikker på om vi treng eigne forskarstillingar, særleg ved små museum, seier Jernsletten. Ho har sjølv doktorgrad og jobbar i ei lita avdeling under Tana og Varanger museumssiida, eit samisk museum med om lag 11 årsverk.

– Det kan vere gode grunnar til opprette eigne forskarstillingar, men i små einingar med få tilsette jobbar ein veldig integrert. Institusjonen vår har tidvis hatt eksternt finansierte doktorgradsstudentar. Dei gjorde jobben sin, men la att veldig lite i museet. Om forskarane berre sit for seg sjølve og ikkje har andre oppgåver i institusjonen, vil dei knytte seg til andre faglege nettverk. Etter tre år er det stor sjanse for at dei finn andre arbeidsplassar som er meir attraktive, seier Jernsletten.

– Kan ikkje tvinge folk

Kathrin Pabst har lang forskarerfaring og har bygd opp forskingsavdelinga ved Vest-Agder-museet. Ho er ikkje i tvil om kvar ansvaret ligg:

– Det er heilt klart ei leiaroppgåve å legge til rette for forsking, tilpasse planar og sikre at forskarane har nok tid og ro for å kunne skrive. Ein bør heller ikkje forvente at forskaren jobbar «gratis» i fritida si for å få artiklane ferdige, seier ho.

Også Pabst har tru på å rekruttere fleire med doktorgrad til musea.

– Dette er nok ikkje vegen å gå for alle. For små museum som formidlar lokal historie, kan det vere vanskeleg å satse på forsking. Men for store museum som har ressursar til det, vil rekruttering av forskarar vere veldig bra, seier Pabst.

– Men bør forskinga pressast inn i same form som i UH-sektoren?

– Det er i alle fall ingen som lenger diskuterer om forsking ved musea skal vere noko anna enn forsking i akademia. Forskinga vår må ha same kvalitet, og vi treng å kvalitetssikre kvarandre. Difor er det bra om forskinga vår blir fagfellevurdert, også av universitetstilsette, meiner ho.

Men Pabst er skeptisk til å innføre insentivsystem som teljekantar i musea.

– Eg har inga tru på at ein skal tvinge folk til å forske. Større museumsavdelingar kan ha mange tilsette med master- eller doktorgrad, men det finst ein del som ikkje har lyst til å drive med forsking. Ved eit museum kan ein jobbe med fleire andre oppgåver enn ein kan ved eit universitet, og det er forståeleg at mange då ikkje kan eller vil forske, meiner ho.

Bør lønne ekstra innsats

Men Jorunn Jernsletten saknar ei form for belønning.

– Reint prinsipielt burde det vere unødvendig med økonomiske insentiv om forsking er ein del av stillinga. Men museumstilsette bør få økonomisk belønning i form av ekstra forskingsmidlar for å skrive fagfellevurderte artiklar, fordi dette krev ein ekstra arbeidsinnsats, meiner ho.

Jernsletten seier mange kvir seg for å sende artiklar til fagtidsskrift når dei heller kan publisere i eigne årbøker.

– Dette er eit systematisk problem, som hindrar museumsforskinga i å heve seg analytisk og dermed bli meir aktuell og relevant for andre forskarar.

Ho synest ein bør kunne krevje at forskarar år om anna publiserer arbeid som er fagfellevurderte.

– Det treng ikkje å vere artiklar til vitskaplege tidsskrift, men for eksempel utstillingskatalogar eller artiklar til antologiar. Det er prosessen med å la andre forskarar kome med konstruktiv kritikk og motargument som driv forskinga framover, seier ho.

Treng skrivande menneske

På kontoret til Meyer ved Næs Jernverksmuseum ligg stablar av bøker og tidsskrift, alle gjeve ut av museet. Han er overraska over at museet har skåra dårleg på forsking, fordi forgjengaren hans produserte svært mykje.

– Museet kan vise til ei rekke publikasjonar som ikkje nødvendigvis er fagfellevurderte, men som held høg vitskapleg standard. At ein artikkel ikkje er fagfellevurdert, er ikkje det same som at artikkelen er dårleg, meiner Meyer.

Han er oppteken av at det finst gode forskarar som ikkje har doktorgrad.

– Dette med doktorgrad er ikkje saliggjerande. Men musea treng skrivande menneske, dei treng folk som likar å skrive. Om ein tilset personar med mastergrad og lite skriveerfaring, er det ikkje realistisk å forvente seg den store forskingsinnsatsen.

Meyer viser fram eit tjukt hefte der forskingsplanane ved museet er lista opp. Eitt av måla er at museets eige tidsskrift Fortuna skal bli godkjent som publiseringskanal for fagfellevurderte artiklar på nivå 1.

Planane framover er store.

– Det er dette eg skal bruke dei neste ti åra til. Eg har aldri hatt det betre, seier han.

Enquete: – Er det aktuelt for deg å søke jobb i museum?

Susann Anett Pettersen, stipendiat i historie ved NTNU

– Det er ikkje utenkeleg. Både det å arbeide med forsking og formidling i eit museum verkar interessant. Det fine med å vere historikar er at dørene er opne for mange ulike jobbar.

Joakim Aalmen Markussen, tidlegare stipendiat i historie ved UiT Norges arktiske universitet

– Ja, eg har akkurat fått jobb som forskar ved Narviksenteret, som er eit fredssenter og krigsmuseum i Narvik. Eg har forska på nordnorsk krigshistorie, så dette er midt i blinken. Dei fleste historikarar med doktorgrad som eg kjenner, jobbar i universitetssektoren.

Eli Morken Farstad, stipendiat i historie ved Program for kulturstudiar, Universitetet i Søraust-Noreg

– Det er ikkje museumsjobb eg drøymer om når eg er ferdig, men det kunne ha vore spennande om eg fekk brukt kompetansen min. I doktorgraden skriv eg om politisk oppvakning blant norske bønder rundt 1830.

Les også: