Store forskingskrav – også for små museum

Store forskingskrav – også for små museum

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. oktober 2020

– Mange som jobbar ved små museum er poteter, som brukast til alt, seier Mads Langnes ved Romsdalsmuseet. Korleis skal dei då få prioritert forsking?

– Det finst mange museumstilsette som kokar rømmegraut på Olsok, legg torvtak dagen etter og skriv artikkel til den lokalhistoriske årboka dagen etter det igjen. Då er det vanskeleg å få tid til forsking, seier Mads Langnes ved Romsdalsmuseet. Dermed har han skildra kvardagen til alle «museumspotetene», som er eit kjend omgrep blant dei innvidde.

Dei fleste musea under Kulturdepartementet produserer svært lite forsking, trass i at dette er ei av hovudoppgåvene musea skal drive med. I samband med museumsmeldinga, som etter planen skal kome til våren, sette departementet ned eit utval som har sett på kva som kan styrke museumsforskinga i Noreg i tiåra framover. Brita Brenna, som er professor i museologi ved Universitetet i Oslo, har leia utvalet. Ho seier det store problemet er at Kulturdepartementet ikkje har ein aktiv forskingspolitikk.

– Det er ikkje nok å seie til musea at dei må omdisponere midlane sine. Det trengst eksterne midlar, seier Brenna.

Samarbeid med UH-sektoren

I rapporten «Vilje til forskning – museumsforskning i Norge i det 21. århundre» manglar det ikkje på forslag til tiltak. Blant anna føreslår utvalet midlar til eit eige program på 15 millionar årleg til forskingsprosjekt i samarbeid med universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren), i første omgang over fem år. Utvalet meiner ein må konkurranseutsetje og tildele midla basert på forskingsfaglege kriterium. Ein viktig grunn er at midlane til Forskningsrådet er utilgjengelege for dei fleste museum. Som det står i rapporten: «Dette er i realiteten ikke en arena hvor museumsforskningen kan delta pr. i dag, heller ikke som samarbeidende partner i forskningsprosjekter.»

Utvalet forslår også at det blir etablert ein eller fleire forskarskular for museumsforsking.

– Vi treng ei type forskarutdanning for ph.d-kandiatar som jobbar med museumsproblematikk, og slike forskarskular kan skape større samarbeid med UH-sektoren, seier Brenna.

Eit anna forslag er å opprette 15 stipendiatstillingar til tverrfagleg museumsforsking knytt til UH-sektoren. Stillingane bør lysast ut breitt og skal ikkje berre gjelde museumstilsette. Likevel bør det vere ein føresetnad at arbeidet er knytt til eit museum.

– Må bli ein forskingskultur

Brenna seier musea sjølve må kunne prioritere forsking høgare enn dei har gjort.

– Vi ser framgang, og stadig fleire har forskingsplanar. Men det står att ein del arbeid for at musea skal organisere seg som institusjonar med ein forskingskultur. Ein må kunne inkorporere forsking i dei andre planane ved musea, slik at forsking ikkje blir ein separat del, men ein viktig del av heilskapen. Dette er ein leiarjobb, seier Brenna.

Ho meiner difor at det bør vere eit krav om forskingskompetanse både i museumsstyre og museumsleiing.

– Museumsleiinga må gjere ein betre jobb med rekruttering og vere bevisst på å rekruttere folk med forskingskompetanse.

– Nyttar ikkje å sitje aleine

Mads Langnes ved Romsdalsmuseet er einig i at tettare samarbeid med UH-sektoren kan vere vegen å gå. Han er førstekonservator og den einaste ved museet som har doktorgrad.

– Det nyttar ikkje å sitje aleine på museet og forske. Ein må gå inn i eit fagleg samarbeid, anten med andre museum, eller i samarbeid med UH-sektoren. Romsdalsmuseet har fått støtte frå Kulturrådet til eit treårig forskingsprosjekt som heiter «Fogderifylket Møre og Romsdal». Der jobbar vi både opp mot andre museum og universitetssektoren, fortel han.

Mange museum er slått saman eller «konsoliderte» til større einingar dei siste 10–15 åra. Ifølgje Langnes er ein del av dei konsoliderte museumseiningane såpass små at dei ikkje kan dedikere delar av stillingane til forsking.

– Det er ikkje lett å rekruttere folk med forskarkompetanse til mindre museum, fordi dei tilsette må drive med alt mogleg anna. Folk med doktorgrad er sjølvsagt attraktive for museumssektoren, men spørsmålet er om museumssektoren er attraktive for dei med doktorgrad. Eit museum må ha ein viss storleik for å kunne reindyrke eigne stillingar til forsking, meiner han.

– Krevjande for dei minste

Hanna Mellemsether, seniorrådgjevar for forsking ved Museene i Sør-Trøndelag (MiST), er skeptisk til satsinga på reine forskarstillingar, i alle fall om dette skal vere eit mål ved alle museum.

– Rapporten er knallgod om målet er at alle museum skal bli forskingsinstitusjonar på linje med universiteta. Men eg kan ikkje sjå at forslaga om å opprette forskarstillingar, søke forskingsprosjekt og samarbeide med universiteta vil gjelde alle. Berre organiseringa som då må til, vil bli for mykje for dei minste musea. Og er det dit vi skal? I så fall er eg bekymra, seier Mellemsether, som tvilar på at oppretting av eigne forskarstillingar ved musea er vegen å gå.

– Om forskarane blir skilde ut frå resten av museet, blir dei gjerne sitjande for seg sjølve. Det er også usikkert i kor stor grad dei bidreg til utviklinga av museet utover det dei forskar på.

Ifølgje rapporten skal det ligge eit allment forskingsomgrep til grunn for forsking i musea, det vil seia at forsking ved musea ikkje er noko anna enn vitskapleg forsking. Men forsking kan integrerast som del av anna verksemd ved musea.

Mellemsether synest dette verkar uklart.

– På eine sida seier ein at forsking skal vere ein del av andre gjeremål i kvardagen. Men på den andre sida skal vi inn i dei akademiske sirklane på lik linje med universitetsforsking. Dette er ikkje lett å foreine, meiner ho.

– Ikkje fritak frå forsking

Det har vekt oppsikt at Telemarksforsking i rapporten «Museum og samfunn», som er gjennomført på oppdrag for Kulturdepartementet, trekkjer i tvil at alle museum bør forske. Rapporten stiller spørsmål ved om «alle museer skal forventes både å publisere fagfellevurdert forskning, være samfunnsaktuelle arenaer for debatt og dialog, være nyskapende analoge og digitale formidlere og ha høy kvalitet på forvaltning av egne samlinger. Vi tror at svaret på spørsmålet er nei. Det er for eksempel ikke gitt at alle museer skal drive med forskning (…)», skriv Telemarksforsking i rapporten.

Utvalsleiar Brenna tek klar avstand frå dette synet, og seier at alle museum med tilskott frå Kulturdepartementet har krav om å forske.

– Den internasjonale definisjonen som Noreg har slutta seg til, er at musea er institusjonar som skal drive med forsking, seier ho.

Mads Langnes er einig.

– Musea skal ikkje fritakast frå kravet om å forske. Sjølv om det i realiteten ikkje blir forska på alle norske museum. Det er nok ei stund til vi kjem dit, seier han.

Fakta om rapporten «Vilje til forskning»

Økonomiske tiltak:
– 15 stipendiatheimlar til tverrinstitusjonell museumsforsking som blir fasa inn over tre år
– etablering av ein eller fleire forskarskular for museumsforsking
-15 millionar kroner årleg som søkbare midlar til museumsforsking i fem år til samarbeidsprosjekt mellom museumssektor og UH-sektor

Tiltak i musea:
– utarbeide målretta rekrutteringsplanar for forskingskompetanse
– jobbe planmessig med organisering av forskingsarbeid i eigen institusjon
– jobbe målretta med kvalitetssikring av forsking
– jobbe målretta med nettverksbygging og samarbeid rundt forsking internt så vel som eksternt med UH-sektoren
– prioritere forskingskompetanse i leiinga

Les også: