Mange museum opplevde stor publikumssvikt i sommar. Dette museet vart publikumsvinnaren.
LUKK

Mange museum opplevde stor publikumssvikt i sommar. Dette museet vart publikumsvinnaren.

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. september 2020 kl. 23:13

Koronasommaren førte til store tap for mange museum. Men besøkstala varierer sterkt.

Mange museum har vore spente på korleis koronakrisa ville påverke sommarsesongen. Som Forskerforum tidlegare har skrive, vart den store publikumsvinnaren Kistefos-museet på Jevnaker. Frå mai til slutten av juli hadde museet 90 000 gjester, medan talet for same perioden i fjor var 15 000.

– Ein av grunnane er at folk vil sjå det nye museumsbygget The Twist, som har fått mykje medieomtale. Dessutan gjer koronaen at folk held seg heime i Noreg, seier direktør Birgitte Espeland ved Kistefos-museet.

Men for mange vart det ein sommar med stor publikumssvikt. Ifølgje Museumsforbundet viser innrapporterte tal at publikumsbesøket i juni berre utgjorde 24 prosent av junibesøket i 2019. Museumsbesøket tok seg ein god del opp i juli, og denne månaden var besøket 69 prosent av juli i fjor (sjå faktaboks).

Fakta
Museumsbesøk

Samla besøkstal for 72 museum:
Juni 2019 839 576
Juni 2020 200 853

Juli 2019 1 023 721
Juli 2020 703 383

Museum med meir besøk i juli 2020 enn i 2019:
Blant desse er Kistefos-museet, Nord-Troms Museum, Falstadsenteret, Valdresmusea, Preus museum, Justismuseet, Nasjonalmuseet Arkitektur, Galleri F 15, Sørlandets Kunstmuseum, Sunnhordaland Museum, Dalane Folkemuseum, Haugalandmuseet samt to avdelingar i Tana og Varanger museumssiida: Savio museet og Ä'vv Skoltesamisk Museum.

Museum med dårlegare besøk i juli 2020 enn i 2019:
Blant desse er Kode, Stiftinga Norsk Folkemuseum, Verdensarvsenter for bergkunst – Alta Museum, Nobels Fredssenter, Munchmuseet, Drammens Museum og mange fleire.

72 av 95 museum har svart på spørsmål om besøk.
Kjelde: Museumsforbundet

Generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet seier fleire museum melder om stor nedgang.

– Men mange stader har nordmenn vore flinke til å gjeste dei lokale musea. Eitt eksempel er Midt-Troms Museum, som har dobla besøket.

– Situasjonen sterkt forverra

For Kode kunstmuseer og komponisthjem i Bergen er publikumssvikten dramatisk. Museet hadde i juni og juli 20 000 besøkande, mot 80 000 i same perioden i fjor.

– Vi såg føre oss at besøkstalet ville bli 20 prosent av fjoråret, så dette er som forventa. Den økonomiske situasjonen, som frå før er kronisk dårleg, er sterkt forverra, seier museumsdirektør Petter Snare. I vår gjekk han hardt ut i media og fortalde at museet styrer mot konkurs. Museet måtte ha 30 millionar ekstra for å klare seg ut året.

– Vi kan ikkje drive med krisepakker i årevis, seier direktør Petter Snare ved Kode kunstmuseer og komponisthjem. Foto: Dag Fosse

Etter dette har museet fått krisestøtte både frå staten og Bergen kommune, til saman 27 millionar.

– Eg er veldig nøgd med dette og eg er glad for at kulturministeren har teke oss på alvor. Vi kjem til å klare oss, og vi har kalla tilbake alle permitterte. Men eg er svært uroa med tanke på neste år, seier han.

Kjem an på utstillingane

Også ved Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden var besøket lågare enn ein gjennomsnittleg sommarsesong. I juni hadde museet 2200 gjester mot 6900 same månad i 2019. I juli gjesta 4400 museet, medan publikumstalet for juli i fjor var 5200.   

– Besøkstala ved Henie Onstad er sterkt avhengig av kva for utstillingar som blir vist, ettersom dei skiftar mange gonger i året. Det er difor ikkje så lett å bruke sesong som estimat for kva som er «normalt» og ikkje, seier kommunikasjons- og markedsdirektør Gunhild Varvin.

Får konsekvensar i lang tid

Ramskjær i Museumsforbundet trur mange museum vil kjenne på konsekvensane av koronasituasjonen i fleire år framover.

– Mange museum vil få god hjelp av krisepakkene, seier Liv Ramskjær. Foto: Thomas Johannessen

– Musea kjem nok til å merke det økonomisk både 2021 og utover i 2022, kanskje lenger. Særleg dei musea som har flest utanlandske besøk, vil bli hardast ramma også i dei komande åra, seier Ramskjær.

Ho trur fleire museum har fått såpass mykje hjelp frå krisepakkene at dei vil klare å kome seg gjennom krisa på eit vis.

– Men situasjonen kan bli verre om dette blir langvarig. Vi veit at musea i større eller mindre grad vil tape inntekter, og i tillegg opplever mange at sponsorane har sagt takk for seg.

– Må tenke nytt

Direktøren ved Kode trur norsk museumsliv og kulturliv vil få det svært vanskeleg i mange år framover.

– Ein tredjedel av inntektene ved Kode er eigeninntekter frå billettsal. Koronakrisa vil truleg vare i fleire år, og eg trur styresmaktene må tenke heilt nytt når det gjeld inntekter til musea. Vi kan ikkje drive med krisepakker i årevis, seier han.

  • Les også: