Forsvarar førelesinga
LUKK
Annonse
Annonse

Forsvarar førelesinga

Av Johanne Landsverk

Publisert 8. april 2016 kl. 10:07

- Studentane lærer av førelesingar, det ser vi på eksamen, seier Thomas Hylland Eriksen.

-forsvarar-f-relesinga


– Teambasert læring er ein metode der studentane stiller med forkunnskap til timen, seier Silje Mæland. Foto: Rune Rolvsjord

– Førelesing som undervisningsform har overlevd sidan Platon, og har vist seg å vere levedyktig gjennom fleire tusen år, seier Thomas Hylland Eriksen, professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo.
 
I førre nummer av Forskerforum uttalte Vigdis Vandvik, leiar for Senter for framifrå utdanning i biologi (bioCEED) ved Universitetet i Bergen, at «sjølv om studentane synest dei lærer mykje av tradisjonelle førelesingar, så veit vi at dei ikkje gjer det». Men ikkje alle er einige i dette. 
 
Hylland Eriksen forsvarar den tradisjonelle førelesinga.
 
– Eg brukar tavle og krit, og eg snakkar. Det blir nok ein del einetale, men læring er også opp til studentane, for dei kan organisere sine eigne kollokviegrupper.
 
Farleg papegøyelæring
 
Arild Raaheim er professor i universitetspedagogikk og knytt til bioCEED i Bergen. Han har fleire gonger uttalt seg ganske bastant om at studentar ikkje lærer av å gå på førelesingar.  
 
– Om ei førelesing er ein type høgtlesing av ein ekspert som står og snakkar i 2 x 45 minutt og nesten ikkje bryr seg om studentane følgjer med, då er det fullstendig bortkasta. Det som då skjer, er at studentane går inn i ei passiv mottakarrolle. Om dei ikkje førebur seg eller gjer noko som helst etterarbeid, så vil det dei får med seg frå førelesinga, fort forsvinne, seier Raaheim, som har skrive fleire bøker om undervisning.  
 
Han meiner likevel ikkje at alle skal slutte å førelese.
 
– Men det er eit dilemma at studentane er kritiske til mange av førelesingane, og likevel er det dette dei vil ha. I tillegg vil dei ha førelesingane lagde ut på nettet. Det som skjer då, er faktisk ganske farleg. For då sluttar studentane å lese lærebøker. I staden puggar dei førelesingane, og det vi får tilbake på eksamen, er berre dei orda vi sjølve har formulert. Det er dette eg kallar papegøyelæring, seier han.
 
– Ein live performance
 
Hylland Eriksen fortel at nokre førsteårsstudentar for nokre år sidan bad han om å ta i bruk PowerPoint.
 
– Eg prøvde på det eit par gonger, men då kom dei att og sa at eg kanskje burde gå tilbake til undervisningsforma eg brukte før. Eg er ikkje imot PowerPoint og nettbaserte løysingar, men det fungerte ikkje for meg og ikkje for studentane. Dei vart sitjande og glane på skjermen, og eg fekk ikkje kontakt med dei. Studentane har også spurt om eg kan leggje ut førelesingane på nettet. Men då måtte eg svare at ei førelesing er ein live performance. Han finst ikkje nokon annan stad enn i auditoriet, der vi ser kvarandre og får blikkontakt. 
 
Førebur seg til timen
 
Førsteamanuensis Silje Mæland underviser i nevrologisk fysioterapi ved Høgskolen i Bergen (HiB), og ho har kutta kraftig ned på førelesingane. 
 
– Då eg begynte ved HiB i 2013, hadde eg vanlege førelesingar på 45 minutt. Eg stod der og svarte på alle spørsmål, som eit ferdig oppslått leksikon. Studentane kunne ingenting frå før. Dette var grunnen til at eg begynte med teambasert læring, seier Mæland. Ho fekk kjennskap til undervisingsmetoden gjennom samarbeid med kollegaer ved Duke University i USA. 
 
– Studentane mine førebur seg til undervisninga ved å høyre ei skjermførelesing på om lag 30 minutt som eg har laga på førehand. Når studentane kjem til timen, testar eg kunnskapsnivået til kvar enkelt ved hjelp av fleirvalstestar. Deretter sit dei saman i grupper, og eg testar dei på nytt. Testane er vanskelege, men to hovud tenker betre enn eitt, noko dei også vil erfare i yrkeslivet. Etter testinga går vi over til å arbeide med problemløysing i grupper. 
Mæland fortel at all undervising går føre seg i eit auditorium, med om lag 90 studentar.
 
– Ein kan lure på kvifor vi held fram med passive, lyttande læringsformer som ei tradisjonell førelesing er. Vi veit at studentane lærer betre av å løyse problem saman med andre, seier ho. 
 
Gjev størst utteljing
 
Raaheim meiner det er viktige grunnar til at førelesinga lever i beste velgåande:
 
– For kvar time eg føreles her ved UiB, kan eg skrive av fire timar i undervisningsrekneskapen min, medan rettleiing og annan undervisningsaktivitet gjev mindre utteljing. Den andre forklaringa er at det som tel i systemet i dag, er forsking og publisering. Det er krevjande å leggje om undervisninga, og vi får lite att for å gjere det.