– Hadde det vore ein næringslivstopp eller ein idrettstopp, ville ingen ha heva eit augebryn
LUKK
Annonse
Annonse

Forsvarer taxibruken til Stenseth:

– Hadde det vore ein næringslivstopp eller ein idrettstopp, ville ingen ha heva eit augebryn

Av Johanne Landsverk

Publisert 12. mars 2019 kl. 18:08

– Denne saka er storm i eit vassglas, seier professor Iver B. Neumann.

Laurdag avdekte VG at den anerkjente professoren Nils Christian Stenseth ved Universitet i Oslo (UiO) har brukt ein halv million kroner av offentlege midlar til drosjerekningar over ein periode på tre år. Fleire reagerer sterkt på sosiale medium. Men andre støttar Stenseth:

– Hadde det vore snakk om ein næringslivtopp eller ein idrettstopp som hadde brukt dette beløpet til taxi, ville ingen ha heva eit augebryn. Men i Noreg verdset vi ikkje at toppforsking er ein toppjobb på linje med ein næringslivsleiar, seier Iver B. Neumann, direktør ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA.

– Ser ikkje problemet 

Neumann meiner heile saka om drosjebruken til Stenseth er storm i eit vassglas.

– Det er ikkje snakk om veldig mykje pengar til taxi, og eg ser ikkje problemet.

Han viser til at Stenseth er tidlegare preses i Vitskapsakademiet og ein av våre mest meritterte forskarar.

– Han er æresdoktor ved ei rekke universitet og har forskingsprosjekt i ulike land og samarbeidspartnarar på forskjellige stader. Og skal han rekke alt dette, er han avhengig av infrastruktur. Slik politikken har blitt, kan ein ikkje lenger bruke bil fram og tilbake til jobb i Oslo sentrum, og då må det jo bli drosje.

– Men skal nokon få meir enn andre?

– Dette er ikkje akkurat nokon «ni til fire jobb». Og kva med toppidrettsutøvarar? Dei får ikkje berre gratis transport, men har eigne folk som kjører dei hit og dit.

– Kan ikkje skulde på systemet

Også Elin Ørjasæter, som er førstelektor ved Høyskolen Kristiania, forsvarer taxibruken til Stenseth.

– Det mest reale hadde vore å lage ein eksplisitt avtale med fyren, seier Elin Ørjasæter. Foto: Erik Norrud

– Om det er ei open og transparent ordning som leiinga er tydeleg på, synest eg dette kan forsvarast, seier Ørjasæter.  – Her snakkar vi om ein verdsleiande forskar som tydelegvis jobbar meir effektivt i taxien. Det mest reale her hadde vore å lage ein eksplisitt avtale med fyren, og at universitetet var open om det. Vi har mange ordningar i dette samfunnet som gjev folk fri taxi fram og tilbake frå jobben.  Så eg ser ikkje noko moralsk forkasteleg i sjølve taxibruken, men det ser ut til å ha vore lite orden i organisasjonen.

Ifølgje UiO har ikkje Stenseth hatt ein eigen avtale for taxibruk.

Stenseth skriv i eit innlegg på Uniforum at han meiner UiO burde ha oppdaga pengebruken hans for mange år sidan. Men Ørjasæter synest det er ein dårleg taktikk av Stenseth å legge skulda på systemet.

– Om eg tok taxi på jobb kvar dag, kan eg ikkje skulde på at sjefen min er så dårleg til å kontrollere. Eg kan ikkje seie at eg stel i butikken kvar dag fordi dei er så utruleg dårleg til å oppdage det. Det går ikkje, meiner ho.

Stenseth: –Ei feilvurdering frå mi side

Stenseth seier at han ikkje skuldar på systemet når det gjeld bruk av taxikortet mellom heimen og Blindern.

– Det er faktisk ei feilvurdering frå mi side. Og difor skal eg betale tilbake 100 000 kroner. Eg har godt samvit for det eg har gjort, men eg forstår at det blir veldig komplisert for folk flest å skjøne dette, seier han.

Opplever å bli sett på som kriminell

Etter at saka vart publisert i VG har ikkje Stenseth stilt opp for pressa, men seier han gjer eit unntak for Forskerforum:

– Eg kjenner meg kriminalisert av universitetet. Det er to måtar å drive eit universitet på: anten gjennom tillit til folk eller gjennom kontroll. Og i denne saka har eg opplevd eit kontrollsystem der universitetet eigentleg ikkje har hatt kontroll. Sjølvsagt skal UiO sjå oss i korta, men det er måten eg i denne saka er blitt sett i korta på, som eg reagerer på, seier Stenseth.

Han viser til at UiO har brukt kostbare konsulentfirma for å finne ut kor mykje han har brukt på taxi dei siste åra.

– Det at denne prosessen vart sett i gang før dei snakka med meg, opplever eg som å bli sett på som kriminell, seier han.

– Eg veit kva eg har gjort

Stenseth seier han er veldig skuffa over universitetet i denne saka.

– Eg er faktisk ein av dei som publiserer mest her og er ganske synleg, og eg synest det ville vore naturleg at dei kontakta meg før dei sette i gang konsulentfirma for å sjekke opp dette.

– Har du tenkt på undervegs at du har brukt mykje pengar?

– Ja, sjølvsagt. Eg veit nøyaktig kva eg har gjort. Eg har teke mykje drosje til og frå jobb på taxikortet. For å kome med eit eksempel, kom eg i dag frå Budapest klokka to og stod opp klokka seks, og etter å ha jobba med eit paper som no skal sendast inn i revidert form, tok eg taxi til Blindern for å rekke eit møte. No betalte eg det sjølv, men det hadde i dette tilfellet vore naturleg at jobben betalte.

  • Les også: