– Ingen vil vere det fyrste universitetet som blir degradert til høgskule
LUKK
Annonse
Annonse

– Ingen vil vere det fyrste universitetet som blir degradert til høgskule

Av Ingebjørn Bleidvin

Publisert 20. februar 2018 kl. 08:30

Sidan 2005 har me fått fem nye universitetet og tusen fleire professorar. Kvifor blir då korkje forsking eller undervising betre?

Det kan vera slik. Men det kan òg vera motsett. Når du fokuserer på eit smalt forskingsprosjekt, kan du miste kontakten med det praktiske faget, og ende med å ikkje forstå korleis kvardagen er for dei du skal undervise.

På medisinstudiet kunne det vere spennande og inspirerande å ha forelesing med dei som var på topp i eit eller anna fag. Dei som brukte all si tid på å forstå ein liten del av immunsystemet, galleblæra eller bakteriar.

Men det var konsekvent meir mat­nyttig og forståeleg å få undervising av legar som iallfall delvis jobba i klinikken og såg pasientar.

Ein stor andel vitskaplege artiklar blir aldri brukte til noko som helst.

Det er i dag ein problematisk overflod av forskingsinformasjon på dei fleste felt. Ein stor andel vitskaplege artiklar blir aldri brukte til noko som helst.

Utfordringa for høgt utdanna fagfolk er gjerne meir å halde overblikk over feltet sitt, enn å grave seg ned i deler av det. Kva er då motivasjonen bak jaget etter universitetsstatus?

Rektor ved den nyleg samanslegne mastodonten Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne, er herleg vag når bladet Forskerforum spør henne om dette. «Du kan sjå på det slik at du set eit anna stempel på institusjonen. Ein opnar nokre dører når ein får universitetsstatus.»

Når ho blir spurt kva slags dørar, fortset ho: «Du kjem inn i nokre fellesskap som du kanskje ikkje har vore inne i. Nokre stader kan omgivnadene tenke at eit universitet har ein høgare kvalitet enn ein høgskule.»

Ho kan sjølvsagt ikkje seie at eit universitet faktisk har høgare kvalitet enn ein høgskule, fordi ho sjølv styrer ein høgskule enn så lenge. Og fordi det ikkje nødvendigvis er sant.

Universiteta er ikkje vesentleg betre enn til dømes den tidlegare Høyskolen i Oslo og Akershus til å få doktorgradsstudentane gjennom på normert tid.

Det er høgare fråfall frå doktorgradsutdanninga enn det er på vidaregåande skule

Det er høgare fråfall frå doktorgradsutdanninga enn det er på vidaregåande skule, og tala har vore like dårlege heile dette tiåret. Talet doktorgrader avlagt i Norge har ikkje auka nevneverdig på ti år, sjølv om det i same periode er blitt 7000 fleire tilsette innan akademia.

Ein ting er at alle universiteta og dei nye professorane ikkje har hatt særleg positiv effekt for studentane. Men det har kanskje gjeve oss betre forsking? Ikkje nødvendigvis.

«Publiseringspoeng» er eit slags mål på kor mykje det blir forska i Norge. Dette blir målt gjennom å telje kor mange artiklar norske forskarar får publisert i vitskaplege tidsskrift. Eksklusive, internasjonale tidsskrift gir flest poeng, på same måte som det er meir stas å få inn eit lesarbrev i Aftenposten enn i lokal­avisa.

Talet på publiseringspoeng har skote i veret, med ein auke på over 50 prosent på ti år. Men dette skuldast i all hovudsak fleire vitskapleg tilsette. Om ein ser på publiseringspoeng per faglege årsverk, har dette stått stille. Andelen forskarar som publiserer i dei mest prestisjefylte tidsskrifta er óg bortimot uendra.

Med andre ord har me fått massevis av ekstra forsking, men dette har ikkje gjeve meir effektive eller produktive forskarar, og ikkje meir interessante resultat.

Ingen vil vere det fyrste universitetet som blir degradert til høgskule att.

Ordninga med publiseringspoeng har fått omfattande kritikk. Likevel er slike publiseringspoeng hovudvalutaen når forskingsmidlar og titlar skal fordelast av politikarar og styrer, noko som gjev eit sterkt press på forskarane. Ingen vil vere det fyrste universitetet som blir degradert til høgskule att.

«Presset til å publisere mange artiklar, på kostnad av alle andre former for produktivitet, har auka enormt det siste tiåret, utan at det verkar som ein har tenkt særleg kritisk over kva for funksjon artiklane skal fylle» seier forskar og spesialrådgjevar i vitskapleg publisering, Lynn Nygaard, til Forskerforum.

Det ligg ei djup usemje til grunn for denne utviklinga. For kva skal me eigentleg med norske universitet? Hvis målet er å produsera forsking i verdsklasse burde me leggje dei ned og heller bruke pengane på å sponse Harvard og liknande toppuniversitet, mot at dei lot oss bruka resultata.

Hvis målet er å produsera forsking i verdsklasse burde me leggje dei ned og heller bruke pengane på å sponse Harvard

Det er jo slik me gjer det i klima­politikken: Ta dei vanskelege grepa utanlands, men skriv resultatet på kontoen her heime.

Norske universitet og høgskular har ikkje som sin eksistensgrunn å endre verda. Dei skal forsyne oss med ingeniørar, sjukepleiarar og enkelte litteraturvitarar.

I tillegg skal dei ha ressursar til å forske fritt og sjølvstendig slik at me forstår vårt eige samfunn og verda rundt oss, og innimellom kan glimte til med noko banebrytande nytt. Namneendringar og forskingstvang hjelper lite for å nå desse måla.

Etter årtusenskiftet har det kome to nobelprisar til Noreg. Ein tilsett ved ein skarve, økonomisk høgskule i Bergen stod for den eine, i 2004. Professor Finn Kydland ved NHH er framleis sørgjeleg åleine.

Innlegget sto først på trykk i Bergens Tidende.

  • Les mer: