Aktuelt | Berekraft

Publisert 27. november 2025 kl. 09:58
Plast er eit døme på eit samfunnsproblem som krev ein eksnovasjonsplan, altså ein plan for utfasing. Det meiner Jennie C. Stephens, professor i berekraft. Men kor mykje forsking handlar om dette?
Søker ein etter forskingsprosjekt om plast, finn ein mykje om helseeffektar av mikroplast, kartlegging av plastforureining, utvikling av nye typar emballasje og tekniske løysingar for betre resirkulering. Men det er langt mellom studiane om korleis vi kan hindre at verdas plastproduksjon held fram med å auke eksponentielt, slik framskrivingane tyder på.
– Plast er eit kapitalistisk draumemateriale: Det er dritbilleg å lage, det er superhaldbart og superlett, og det gjer at det er mykje pengar å tene på å bruke det. Skal vi slutte med det, vil det koste nokon noko.
Det seier rikskjemikar Alexander Sandtorv, som nyleg gav ut boka Plastparadokset. Då hadde han først brukt eit år på intervjue forskarar, politikarar og representantar frå næringslivet for å finne svar på kvifor vi ikkje maktar å kvitte oss med plasten.

– Bakgrunnen var at eg ikkje greidde å forstå paradoksa rundt plast. Vi får høyre at det er krise, og at planeten druknar i plast, men krisa er ikkje synleg i daglegvarebutikken. Er det verkeleg krise dersom den største synlege endringa vi gjer, er å få bruskorken til å henge fast i flaska? seier han.
Internasjonalt har Noreg leidd høgambisjonskoalisjonen i plastforhandlingane, men samstundes gjer vi lite nasjonalt. Det er veldig merkeleg.
I august kom meldinga om at verdas land heller ikkje denne gongen greidde å bli samde om ein global avtale om å stogge plastforureininga. Ei hovudskiljeline i forhandlingane har gått mellom ei stor gruppe land som ønskjer at avtalen skal regulere plast langs heile verdikjeda, frå produksjon til avfall, og ei lita gruppe olje- og plastproduserande land som vil avgrense avtalen til å handle om avfallshandtering. Noreg har stått i spissen for den første gruppa.
– Internasjonalt har Noreg leidd høgambisjonskoalisjonen i plastforhandlingane, men samstundes gjer vi lite nasjonalt. Det er veldig merkeleg, seier Sandtorv.
– Ein av tinga eg oppdaga, var at Noreg truleg smør den globale plastproduksjonen. Plast kjem jo hovudsakleg frå olje, lite frå gjenvinning. Men ingen har kunna gje meg eit svar på kor mykje global plast som kjem frå norsk olje, for det vil vi ikkje måle.
Så handlar då også Noregs nasjonale plaststrategi hovudsakleg om betre avfallshandtering, plastrydding, kjeldesortering og å finne tiltak for hindre at plasten hamnar i havet.
Men innimellom all forsking på helseeffektar, bioplast og materialgjenvinning finst det også nokon som forskar på korleis vi kan «eksnovere» plasten. Ein av dei er Marie Hebrok, forskar ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO. Ho leier eit prosjekt som skal identifisere barrierar og moglegheiter for å redusere plastforbruket i framtida. Ho fortel i ein e-post at prosjektet har vist at det trengst ein kombinasjon av systemiske tiltak.
– Forbod og reguleringar kan vere viktige for å sette rammer, til dømes ved å redusere plastmengda som er i sirkulasjon, men dei løyser ikkje problemet åleine. Like viktig er designgrep som gjer at vi treng mindre plast. Endringar i forbruksvanar trengst også, men dei må støttast av strukturar som gjer det mogleg ikkje berre å kjøpe mindre plast, men også endre måten vi «gjer kvardagen» på. Det krev meir enn forbrukarinformasjon, seier ho.
Som døme fortel Hebrok at stipendiat Ayse Kaplan Sarisaltik har sett nærare på menstruasjonsprodukt som bind og tampongar.
– Det er plast i dei fleste av dei, og verdsforbruket er skyhøgt. Menskopp kan vere eit plastreduserande alternativ. Men det er vanskeleg å bruke menskopp utanfor heimen fordi han må tømmast og reinsast, noko som er utenkjeleg for dei fleste å gjere på eit offentleg toalett. Samstundes er dei tradisjonelle produkta allereie integrerte i enorme produksjons- og distribusjonssystem.
Denne kombinasjonen gjer mensprodukt til noko forskarane vil arbeide vidare med.
På Noregs handelshøgskole sit Lars Jacob Pedersen og Sveinung Jørgensen, som saman leier Centre for Responsible and Sustainable Business. Der forskar dei på korleis forretningslivet kan bli berekraftig.
– Nokre meiner at plast er noko drit, og at vi berre må slutte med det. Men forskinga vår er heller basert på tanken om at plast er eit utruleg produkt – berre tenk på alt vi har fått til med det – men at det må få større verdi, slik at vi har insentiv til å halde plasten i sirkulasjon, seier Pedersen.
– Så blir plast sjølvsagt også brukt på måtar som ikkje er føremålstenlege, og det må vi slutte med. Vi har fleire innfallsvinklar til dette: Vi må få til meir berekraftig kundeåtferd, vi må sortere og gjenbruke plasten. Men minst like mykje må vi syte for at produsentane har insentiv til å gjere ting annleis.

For eit par år sidan avslutta dei eit forskingsprosjekt i samarbeid med Orkla der dei studerte korleis Orkla kunne redusere plastforbruket i produkta sine.
– Dei hadde forstått at dei ikkje kunne løyse plastproblemet sitt med å bruke litt tynnare plast i emballasjen, dei måtte løyse det med nye forretningsmodellar som kunne gjere plasten unødvendig, fortel Pedersen.
Eitt av resultata var at Orkla etablerte selskapet På(fyll), som forsynte folk med såpe og reingjeringsmiddel i gjenbruksflasker, som selskapet samla inn, reingjorde, fylte på og leverte ut på nytt.
– Ei slags strøymeløysing for såpe på same måten som musikk. Men det har vore utfordrande å få det til å fly, seier Jørgensen.
På(fyll) vart avslutta i år, men forskarane byggjer vidare på erfaringane i nye prosjekt.
– Det kan hende at dette med distribusjon, vask og redistribusjon har eit større fotavtrykk enn ein trudde, og at vi heller må tenkje på andre måtar, seier Jørgensen.
Er det eigentleg mogleg å få hjelp av kommersielle bedrifter til å fase ut og nedskalere til dømes plastforbruk? Dersom mindre plast i emballasjen blir oppvege av større sal, er ein jo like langt.
Vi må syte for at produsentane har insentiv til å gjere ting annleis.
– Miljøfeltet er fullt av slike tilbakekoplingseffektar. Men det som gjerne skjer når sirkulære idear breier seg i ein industri, er at ulike aktørar kjem inn og ser at i denne delen av verdikjeda, der kan vi bidra, seier Pedersen.
– Eg trur det er der vi er no. Ting skjer på forretningssida, som kunden kanskje aldri får vite om. Som at renoveringsselskapet sel den resirkulerte hushaldningsplasten din til folk som vil lage matboksar av resirkulert plast – og så veks det fram fleire og fleire slike aktørar i eit sirkulært økosystem.
Samstundes har Alexander Sandtorv merka, i arbeidet med boka si, at delar av plastindustrien ikkje har vore så glade for prosjektet hans.
– Eg har inntrykk av at industrien helst vil ha fokus på plastproblemet som eit avfallsproblem. Og det gjev meining. Om plasten berre ikkje hamnar i naturen, er ikkje plasten eit problem, ein kan produsere så mykje ein vil, og ein slepp å snakke om mikroplast og kjemiske stoff i plasten.
Difor meiner han det er viktig å halde tunga beint i munnen og skilje mellom individ og system.
– At du og eg skal redde verda gjennom gode val, er eit tåkespel som skjuler dårlege system. Plast kostar nesten ingenting, men systemisk sett er plast kjempebusiness. Vi må rette raseriet dit det høyrer heime: mot industri og politikarar, seier han.
Så kva kan forskarar bidra med dersom målet er ein eksnovasjonsplan for plast? Marie Hebrok meiner vi treng å vite meir om kva som driv plastforbruket.
– Forskinga kan vise korleis plast er tett knytt til etablerte praksisar, vanar og system, og dermed kor vanskeleg det er å fase ut utan at ein endrar desse rammene, seier ho.
Dessutan kan forsking bidra med å utvikle alternative framtidsbilete som hjelper oss med å tenkje oss andre måtar å organisere kvardagen på, meiner ho.
– På den måten kan forskinga fungere som ei kritisk stemme som set søkelys på moglegheitene for systemendring, ikkje berre teknologisk innovasjon.