Likestilling mellom kjønn er ikkje nok
LUKK
Annonse
Annonse

Likestilling mellom kjønn er ikkje nok

Av Marit Vikan Sævareid, master i filosofi, NTNU

Publisert 5. februar 2020 kl. 11:06

Det er ikkje berre kvinner som støyter hovudet mot glastaket, skriv Marit Vikan Sævareid.

Å leite fram gløymde kvinner er eit omfattande og tidkrevjande prosjekt ifølgje Marit Vikan Sævareid. Foto: privat

Eg må vedgå at eg som kvinneleg filosof denne hausten har kjent meg som ein dårleg feminist. Sidan eg byrja å studere filosofihistorie seint på nittitalet, har dei fleste filosofane eg har lese, skreve og etter kvart undervist om vore menn, og alle diskusjonane omkring NTNUs nye ex.phil.-bok Tanke og handling har enno ikkje overtydd meg om at den tunge overvekta av menn i denne tradisjonen bør vere eit stort problem for jentene i førelesingssalen. Om ikkje anna er dette eit problem filosofi deler med andre historisk orientere humaniorafag som teologi og litteraturvitskap, og her er det mange jenter.

Til forskjell frå 17. mai-talar, handlar ikkje forsking i humanistiske fag berre om å feire tradisjonen, men minst like mykje om å problematisere han. Sjølve ordet tradisjon kjem av latinske tradere, som betyr å bere, det vi ber med oss på godt og vondt. For vår del er det historia om vitskap og demokrati, om alt det gode som ligg i omgrepet humanisme, men det er òg historia om framveksten av ein teknosentrisk kultur som er i ferd med å øydelegge planeten vår. Ei eventuell avkolonialisering av akademia, å leite fram gløymde kvinner og inkludere tenkarar frå ikkje-vestlege kulturar er eit omfattande og tidkrevjande prosjekt. I mellomtida finn eg det lite konstruktivt å snakke ned tradisjonen vår og omtale han som ei kongerekke av «døde kvite menn». Spesielt ikkje i ei tid der dei humanistiske faga sin legitimitet og relevans er så pressa som no og ulike Alt Right-miljø freistar å bruke den antikke så vel som den kristne tradisjonen vår til sine eigne tvilsame føremål. Faktorar som kjønn og klasse er viktige. Like fullt kan ikkje menneska og ideane deira reduserast ned til desse. Truls Wyller, ein av forfattarane bak Tanke og handling, har fleire gonger vore inne på at det òg finst noko fellesmenneskeleg og universelt som filosofi og litteratur strekkjer seg mot.

At NTNU i ti utlyste stillingar tilsette ti menn, vekte naturleg nok reaksjonar.

Eit anna tema som har vore mykje debattert både her og andre stader er det generelle kvinneunderskotet i akademia. At NTNU i ti utlyste stillingar tilsette ti menn, vekte naturleg nok reaksjonar, spesielt sidan dette skjedde på eit allereie mannsdominert institutt. Få vil vel vere usamde i at kjønnsbalanse av mange grunnar er ein god ting og noko det er verdt å jobbe for på dei fleste arbeidsplassar. Eg saknar likevel i slike saker større medvit om at fleirkjønnsmodellar og aksept for ikkje-binær kjønnsidentitet òg gjer at tradisjonell likestilling vert meir komplisert. Vi veit ikkje lengre like klart kva vi meiner når vi seier mann og kvinne, er det noko biologisk eller er det meir snakk om ein spesifikk gender-identitet? Transpersonar og andre frå LHGTQ+ miljøet har mint oss på at desse to ikkje alltid er samanfallande, noko som inneber at vi kanskje bør begynne å tenkje mindre matematisk kategorisk omkring desse tinga.

Til slutt høyrde vi før jul om forskar ved NUPI, Minda Holm, som til Klassekampen og Forskerforum fortalde om korleis ho gjennom fleire år har skrive ned i ei notatbok kvar gong ho ser at ho sjølv eller andre kvinner vert forbigått eller dårleg behandla fordi dei er kvinner. Med tanke på likestilling, for ikkje å seie likeverd mellom kjønn, er det sjølvsagt ille at den type dokumentasjon framleis skal vere naudsynt. Dessverre er heller ikkje kvinner dei einaste som lett kan støyte hovudet hardt inn i det kjønnsforskarane med ein metafor omtaler som glastaket.

Å gjere suksess i akademia handlar om meir enn berre intelligens.

Det vert innimellom spekulert i om geni som Einstein, Newton, Wittgenstein med fleire kan ha vore på autismespekteret. Denne type spekulasjonar egnar seg godt til å halde i live myten om at Asperger syndrom og liknande tilstandar, som alle no går under nemninga Autism Spectrum Disorders (ASD), er ein fordel med tanke på akademiske prestasjonar då slike personar skal vere særs kreative og intelligente. Denne romantiseringa ser vekk, både frå at dette slett ikkje alltid stemmer og at det å gjere suksess i akademia handlar om meir enn berre intelligens.

Angst og depresjon er vanleg blant personar med ASD og ADHD, og om stress er eit problem for dei fleste menneske, vert desse av ulike grunnar ekstra hardt råka. Stort fokus på gjennomstrøyming og gjennomføring på normert tid gjer det vanskeleg for alle som treng tid og ro for å kunne prestere optimalt. Eit anna skjær i sjøen som no dukkar opp stadig oftare heiter arbeidsintensive og innovative læringsformer. I praksis inneber desse innføring av obligatorisk oppmøte og gruppeinnleveringar i emne der dette tidlegare ikkje vart praktisert. No har personar med spesielle utfordringar gode rettar i Noreg, og universell utforming sikrar at det ved opplegg som ovanfornemnde er mogleg å søkje tilpassing. Ikkje dermed sagt at dette alltid er hensiktsmessig, men uavhengig av kva du vel her, er det likevel mogleg å komme seg gjennom utdanningsløpet. Er du heldig og har dei rette personane rundt deg, er det ikkje så vanskeleg å få i hamn ein A-master. Derifrå og vidare vert vegen derimot brattare.

Om du ikkje har gått standardløypa kjapt nok, kjem du fram til porten berre for å oppdage at han er stengt.

Den ordinære døra inn til forsking og undervisningsstillingar i Noreg går gjennom eit ph.d.-stipendiat, og sidan desse er meint å vere rekrutteringsstillingar, er det vanleg praksis at yngre søkjarar vert prioriterte. Dette verkar rett og rimeleg, men det inneber òg at om du ikkje har gått standardløypa kjapt nok, kjem du fram til porten berre for å oppdage at han er stengt. Rekk du fram i tide, held det ikkje berre å vise at du har gode idear og interessante prosjekt, du må òg kunne overtyde om at du vil vere effektiv og kome i mål i rett tid.

Ein arbeidsgivar som vel vekk kvinner gjer noko gale, det finst ikkje grunnlag for å tru at dei vil prestere dårlegare enn mannlege søkarar. Ein arbeidsgivar som blant fleire gode kandidatar føretrekkjer den han trur vil vere mest effektiv gjer derimot ikkje noko gale, han handlar berre rasjonelt. Ulikt diskriminering av kvinner er ikkje ableisme og ageisme (diskriminering på grunnlag av funksjonshemming og alder, red.mrk.) beklagelege hendingar, det er normalen, systemet når det fungerer optimalt. Det kan òg hende dette er bra, at metoden sikrar oss dei beste talenta og så lenge personar med ekstra utfordringar har eigne rettar bør ikkje praksisen vere noko problem. Eg håper likevel at meir forsking på forholdet mellom intelligens, kreativitet og psykisk helse etter kvart kan gi oss eit sunnare og meir mangfaldig system. I det lange løp trur eg vi alle ville ha vore betre tente med det.

Les også: