Museet permitterte 38 tilsette – gjekk med millionoverskott
LUKK

Museet permitterte 38 tilsette - gjekk med millionoverskott

Av Johanne Landsverk

Publisert 12. mai 2021 kl. 13:39

– Med den kunnskapen vi hadde i mars i fjor, meiner eg vi gjorde rett i å permittere, seier Kode-direktør Petter Snare.

To dagar etter nedstenginga 12. mars vart halve staben ved Kode kunstmuseum og komponisthjem permittert. Den 19. mai inviterte direktør Petter Snare til pressekonferanse, der han gjekk hardt ut:

– Kassa er tom, sa direktøren. Museet styrte mot konkurs.

Men no viser årsrekneskapen for 2020 at museet hadde eit overskott i fjor på nesten 21 millionar kroner.

Det var Aftenposten som i går kunne melde at fleire museum gjekk med overskott i 2020 som følgje av statleg koronastøtte. Avisa har, saman med Aftenbladet, Adresseavisen og Bergens Tidende, gjennomgått årsrekneskapen til dei 50 største kulturinstitusjonane som mottek statsstøtte. Her kjem det fram at fleire museum gjekk med overskott i koronaåret. Det lønte seg altså å halde stengt. Ikkje minst har institusjonane spart pengar på å permittere tilsette.

Sparte pengar på permittering

Kode er eitt av musea som har fått svært mykje koronastøtte, både frå staten og Bergen kommune. I revidert statsbudsjett som vart lagt fram i går fekk dei 2,2 millionar ekstra. Dessutan har museet fått til saman 40 millionar for å setje i stand Ole Bulls heim på Lysøen.

– Med all denne støtta: Måtte de verkeleg permittere?

– Hadde eg visst korleis dette kom til å sjå ut i slutten av året, hadde eg kanskje tenkt litt annleis. Men med den kunnskapen vi hadde då, meiner eg vi gjorde det rette. Vi har heller ikkje fått auka varig drifsstøtte, berre eingongstilskott.

Snare forsvarer permitteringane i fjor vår. Og han innrømmer at mykje av overskottet skuldast permitteringane, fordi museet då sparte lønn og sosiale kostnader.

– Men hadde vi ikkje hatt så dårleg økonomi i utgangspunktet, etter over ti år med betydeleg underfinansiering, hadde vi kanskje sloppe å gå til dette drastiske steget. Museet tapte 20 millionar i eigeninntekter i fjor, seier han.

– Du sa for eitt år sidan at museet styrte mot konkurs. Var dette berre ein «gimmick» for å få merksemd?

– Nei, vi heldt på å gå konkurs. Kassa var tom. Og i mai i fjor var det ingen som visste at vi kom til å få pengar eit halvt år etterpå, seier Snare.

Kode fekk nye millionar i revidert statsbudsjett for å pusse opp Ole Bulls heim på Lysøen. Til saman får museet 40 millionar til prosjektet. Foto: Dag Fosse/Kode

Tapar millionar kvar månad

Direktøren seier det ikkje ser veldig lyst ut for 2021, trass i alle millionane frå staten.

– Vi taper mellom ein og tre millionar i månaden. Så utan overskottet i fjor ville vi ikkje hatt noko å slite på. No er vi nøydd til å bruke av dette overskottet for å klare oss, og vi er bekymra for 2022.

– Kan de kome til å permittere på nytt?

– Nei, det ser eg ikkje for meg. Støtta vi har fått er gitt under føresetnad av at vi ikkje permitterer tilsette.

– Drifta gjekk med underskott

Også Norsk Teknisk museum gjekk med eit overskott i fjor på nærare 2,9 millionar kroner. Direktør Frode Meinich seier overskottet skuldast reknskapsføring.

– Vi skulle ha opna ei ny utstilling i 2020. Men på grunn av koronaen greidde vi ikkje å få ferdig utstillinga før i vår. Så mange millionar i kostnader måtte overførast til 2021, seier han.

Han presiserer at sjølve drifta gjekk med underskott i 2020 trass i statlege tilskott og permitteringar av tilsette i halvannan månad.

– Får vi ein like dårleg haust som i fjor, er kassa tom til nyttår, seier direktør Frode Meinich ved Teknisk museum. Foto: Håkon Bergseth/Teknisk museum

– Vi fekk koronastøtte på 9,2 millionar i fjor, og vi sparte ein del på permittering, men sjølv det vart ikkje nok. Og det blir endå verre i år. I revidert budsjett er det foreslått ekstra støtte på 1, 7 millionar, men denne våren har vi allereie tapt nærare 9,5 millionar, seier Meinich.

– Dobbel rekning til skattebetalarane

Då Teknisk museum valde å permittere tilsette, vart det sterke reaksjonar, og fagforeiningane protesterte mot permitteringane. Safina De Klerk, som er tillitsvald i Forskerforbundet ved Teknisk museum, meiner statsstøtta museum bør unngå permitteringar.

– Eg meiner det var feil av store statlege kulturinstitusjonar å permittere tilsette i denne perioden, fordi dei allereie er støtta av staten og har fått utbetalt lønnsmidlar for sine tilsette. Så i praksis blir dette å sende dobbel rekning til skattebetalarane, seier De Klerk til Forskerforum.

Museene i Sør-Trøndelag (MiST) er blant dei som valde å halde sine tilsette i jobb, men som likevel enda med overskott.

– Permittering ville ha ført kostnader over til Nav. Det var difor ei bevisst vurdering med tanke på samfunnsansvaret vårt, seier administrerande direktør Karen Espelund til Aftenposten.

Sjølv om billettinntektene ved MiST fall med over seks millionar kroner, vart resultatet eit overskott på 17 millionar. Bakgrunnen er ekstra koronastøtte på 12 millionar.

Ønskjer ikkje å permittere

Ved Teknisk museum kom alle permitterte tilbake på jobb straks det var klart at museet fekk statleg støtte.

– Så vi har ikkje hatt permitterte sidan 17.mai i fjor, seier Meinich.

– Du har vel ikkje tenkt å permittere igjen?

– Nei, så lenge vi får ekstra statleg støtte, ønskjer vi ikkje det. Men skal dette fortsetje og vi får ein like dårleg haust som i fjor, er kassa tom til nyttår.

  • Les også: