Europa kan spare minst 170 millionar euro på å gå over til open tilgang til forsking. Det viser den første europeiske kartlegginga av utgifter til vitskaplege tidsskrift.

Europa betalar minst 421 millionar euro – meir enn 4 milliardar kroner – for tilgang til forskingsartiklar, vitskaplege databasar og e-bøker, viser kartlegginga som er utført av universitetsorganisasjonen European University Association (EUA). EUA har skaffa informasjon om abonnementsavtalar på vitskaplege tidsskrift frå 27 europeiske land ved å intervjue representantar for konsortia som forhandlar om abonnementsavtalane.

Den reelle summen er sannsynlegvis langt høgare, fordi ein berre har innhenta informasjon om dei tre dyraste avtalane frå kvart konsortium, og fordi ikkje alle har kunna oppgje prisinformasjon av juridiske årsaker.

Kan spare mykje på open tilgang

Basert på tidlegare studiar som peikar på at overgang til eit publiseringssystem med open tilgang kan redusere kostnadane med opp til 45 prosent berre for elektroniske tidsskrift, estimerer ein at 170 millionar euro kan sparast ved å gå over til open tilgang til elektroniske tidsskrift. Denne summen kan så pløyast tilbake til forsking, eller nyttast til å betale for publisering av forsking med open tilgang i staden for abonnement.

Kartlegginga viser også at universitetsleiarar i liten, men aukande, grad tek del i forhandlingane med dei vitskaplege forlaga. Rapporten peikar på at større involvering frå leiinga si side kan gje større tyngde i forhandlingane, og at dette bør vere noko å strekke seg mot gitt at kring halvparten av kostnadane ved tidsskriftabonnement blir dekte direkte frå institusjonane sine eigne budsjett.

Store skilnader mellom land

Tala i kartlegginga er anonymiserte, men viser likevel store prisskilnader mellom ulike europeiske land. Nasjonale utgifter til abonnementsavtalar varierer frå 1,4 millionar euro på det lågaste til 97,5 millionar euro på det høgaste.

Tradisjonelt har informasjon om pris for abonnementspakkene vore halde hemmeleg, men dei seinare åra er slik informasjon blitt tilgjengeleg i nokre land gjennom innsynskrav. Det har lenge vore peika på at hemmeleghaldet fører til sterk maktubalanse i forhandlingane, fordi institusjonane ikkje har informasjon om kva andre betalar for same abonnement, medan forlaga har det.

I lys av rapporten meiner EUA det kan vere tenleg at forhandlingar i større grad skjer på nasjonalt eller europeisk nivå i staden for lågare ned i institusjonssystemet.

Rapporten peikar også på den store kontrasten mellom forlaga sine profittmarginar og finansieringa av universiteta i Europa, som peikar nedover i dei fleste landa. EUA vil gjennomføre ei ny kartlegging i år for å halde oppsyn med utviklinga.

  • Les meir:

Slik kan du lese forskning gratis