Skal Høgskulen i Volda fortsatt stå aleine? Styremedlemmer er ueinige med rektor.
LUKK

Skal Høgskulen i Volda fortsatt stå aleine? Styremedlemmer er ueinige med rektor.

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. mars 2019 kl. 15:38

– Rektor har konkludert med at høgskulen skal fortsetje aleine. Men styret ønskjer tvert imot å opne opp for andre konstellasjonar, seier styremedlem.

Torsdag skal styret ved Høgskulen i Volda (HVO) diskutere om høgskulen skal halde fram som ein sjølvstendig høgskule. Rektor Johann Roppen har skrive ei omfattende saksutgreiing med framlegg til vedtak der han kjem med si tolking av situasjonen i heile Universitets- og høgskulelandskapet, og korleis HVO høyrer heime i dette.

Fakta
<
Etter at den omfattande fusjonsbølgja ramma Noreg, er det svært få høgskular som står aleine igjen. Av statlege høgskular er Høgskolen i Østfold, Samisk høgskole og Høgskulen i Volda dei einaste som ikkje har slått seg saman med andre. I tillegg kjem Høgskolen i Molde, som er statleg vitskapleg høgskule i logistikk.

Er sjølvstende eit hinder?

– Blir dei strategiske måla hindra ved at Volda held fram som sjølvstendig høgskule? spør rektor Johann Roppen. Foto: Tone Solhaug

Volda-rektoren har to gonger gått til val på at Høgskulen i Volda framleis skal vere sjølvstendig. Han meiner det overordna spørsmålet for styret må vere om dei strategiske måla til høgskulen vert hindra av at høgskulen held fram som sjølvstendig høgskule. «Det er vanskeleg å sjå at det er belegg for å seie det i dag», skriv han i saksutgreiinga.

– Kva skal høgskulestyret vedta?

–  Om høgskulen også i tida framover skal ha ein aktiv og samarbeidssøkande strategi til nærliggande institusjonar både i strukturspørsmålet og i faglege samarbeid. Det vil seie om høgskulen skal halde fram på same måten som før, seier Roppen.
Han seier dette er ei stor og viktig sak for styret.

Les også:  «Det er ikkje ein god ide at NTNU skal overta Høgskulen i Volda».

– Aldri vedteke å stå aleine

Terje Heggem, som er eksternt styremedlem i høgskulestyret, meiner rektor Roppens sjølvstendelinje kolliderer med strategien om samarbeid i strukturspørsmålet.

– Roppen har konkludert med at Volda skal vere ein sjølvstendig høgskule, og det var dette han gjekk til val på. Men styret ønskjer tvert imot å opne opp for andre konstellasjonar, seier Heggem, som etter åtte år no går ut av høgskulestyret.

Han seier styret har vedteke ein strategiplan om at Høgskulen i Volda skal ha ei søkjande haldning til moglege partnarar i UH-landskapet, og at ein vil sjå både til UiB, NTNU og Høgskulen i Molde.

Rektor avstår frå å kommentere dette.

Ueinig med rektor

– Det er ikkje sikkert skrivet frå rektor vil få full oppslutning i styret, seier styremedlem Tor-Johan Ekeland. Foto: Høgskulen i Volda

Også professor Tor-Johan Ekeland, som er styrerespresentant for dei vitskapleg tilsette, er skeptisk i forkant av møtet.
– Det er ikkje sikkert orienteringa frå rektor om at vi bør halde fram aleine vil få full oppslutning frå styret. Om det skrivet som er lagt fram, skal vere uttrykk for styret sitt syn, vil eg ikkje vere med på det, seier Ekeland, som har site i høgskulestyret sidan 2014.
Han har heile tida vore ueinig med rektor om retningsvalet.
– Styret har i denne perioden eg har vore med, ikkje gjort noko forpliktande vedtak om aleinegang. Derimot har vi gjort fleire vedtak om å styrke samarbeidet med andre, blant anna med Universitetet i Bergen, og vi gjorde eitt fusjonsvedtak om å fri til Sogn og Fjordane for nokre år sidan, men frieriet kom altfor seint.

Les også: Konspiratorisk fra Volda

Samarbeider med fleire

Høgskulen i Volda har vore aleine etter at invitasjonen til dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane om fusjon ikkje førte fram.
– Vi vart avvist, fordi dei heller ville til Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund. I dag samarbeider vi med fleire institusjonar. Vi har tett fagleg samarbeid med Høgskolen i Molde gjennom felles doktorgradsprogram, og vi har ein samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen (UiB), seier Roppen.
Ifølgje saksutgreiinga vurderer leiinga ved UiB det slik at strukturreforma vil gå vidare og at det vil skje fleire fusjonar. Når det gjeld Høgskulen i Volda seier UiB-rektor følgjande: «Vi ønsker imidlertid velkommen diskusjoner om faglig, organisatorisk og strukturelt samarbeid med Høgskolen i Volda; dette omfatter diskusjon om fusjon dersom det skulle være ønskelig sett fra Høgskolen i Volda sin side».

Molde vil ikkje stå aleine

– Høgskolen i Molde ønskjer fortsatt fusjon med NTNU, seier rektor Steinar Kristoffersen. Foto: Høgskolen i Molde

Høgskolen i Molde vedtok i 2016 at «man primært ikke skal velge alenegang og at man ser NTNU som den mest naturlige fusjonspartneren». Seinare har saka vore opp i styret fleire gonger, og det er også vedteke at det ikkje skal greiast ut andre fusjonsalternativ.
– Styret har halde fast på at Høgskolen i Molde ikkje ønskjer å stå aleine. Vi ser primært på NTNU som ein mogleg fusjonspartnar, seier rektor Steinar Kristoffersen ved Høgskulen i Molde. Han seier alle avdelingane ved høgskulen no er i ferd med å sluttføre faglege samarbeidsavtalar med NTNU.
– Vi skal gå den prosessen til ende før vi ser på alternativ.
– Men NTNU har ikkje vore interessert i Molde?
– Nei, men foreløpig har vi ingen plan B når det gjeld fusjonspartnar. Vi får sjå korleis det går etter vi har ferdigstilt samarbeidsavtalane, seier han.

Inga uro i Østfold

Høgskolen i Østfold har heile tida stått for den sjølvstendige linja.
– Det er ingen diskusjon om dette hjå oss no, seier fungerande rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen.

Han er ikkje uroa over framtida, sjølv om høgskulen har vald å stå aleine. Høgskulen i Østfold har 7500 studentar, det vil seie fleire studentar enn Volda og Molde til saman.

– Vi har ikkje press på oss om fusjon, men likevel er vi i ein konkurransesituasjon. Høgskulen samarbeider både med Noregs miljø- og biovitskaplege universitet  (NMBU) og Oslomet, og vi må heile tida jobbe med å styrke oss fagleg, seier Jelsness- Jørgensen.