Stort forlag med lite kvalitetskontroll
LUKK

Publisering:

Stort forlag med lite kvalitetskontroll

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 28. oktober 2019 kl. 16:28

Tidsskriftforlaget MDPI publiserer raskt ‒ på godt og vondt. – Det er gode artiklar der, men det er også veldig lite kvalitetskontroll, seier forskar Sebastian Eiter om forlaget.

Skriv «MDPI» inn i din føretrekte søkjemotor, og det tek ikkje lang tid før du finn deg sjølv inne på eitt eller anna akademisk diskusjonsforum der fortvilte forskarar stiller spørsmål som: «Eg er blitt beden om å vere redaktør for ei spesialutgåve av eit MDPI-tidsskrift, er dette ein seriøs utgjevar? Bør eg takke ja?»

Spesialist på rask publisering

– Eg har aldri vore med på ein så omfattande jobb som då vi analyserte dette forlaget. Tilbakemeldingane frå forskarar har vore mange og sprikande, seier Vidar Røeggen, sekretær i det nasjonale publiseringsutvalet til Universitets- og høgskulerådet (UHR).

Utvalet har det faglege ansvaret for den norske publiseringsindikatoren, ofte kalla teljekantsystemet. Nyleg var MDPI oppe som eiga sak. Bakgrunnen var at det var kome mange reaksjonar frå forskarar på praksisane til MDPI-tidsskrift.

– Vi må snakke meir om kvar vi publiserer, seier Vidar Røeggen i Universitets- og høgskulerådet. Foto: privat

– Særleg er det mange som melder om svært kort tid frå innsending av manus til ferdig publikasjon. Dei er også veldig tett på fagfellane for å presse fram raske tilbakemeldingar og vurderingar, seier Røeggen.

Med meir enn 200 tidsskrift i porteføljen er MDPI mellom dei største av ein type vitskaplege forlag som har vakse fram sidan vi fekk Internett. Alle tidsskrifta til MDPI er opne, og i staden for å selje abonnement tek tidsskrifta betalt frå forskarane som publiserer artiklar hos dei. Dette er ein variant av «gull» open tilgang, som er den føretrekte modellen i Plan S.

Ikkje røvartidsskrift

MDPI står ikkje bak dei såkalla røvartidsskrifta, som inviterer forskarar til å sende inn manus om alt og ingenting før dei stikk av med forfattaravgifta og lèt forskaren stå att utan korkje prestisje eller publiseringspoeng. Forlaget er indeksert i Directory of Open Access Journals, ein forskarkuratert katalog over opne tidsskrift av høg kvalitet. Fleire av titlane har «impact factor». I skrivande stund er 145 MDPI-tidsskrift innplasserte på nivå 1 i det norske teljekantsystemet. Men samstundes kjem det stadig urolege meldingar frå forskarar som fryktar at forlaget beveger seg i grenseland mot det røvaraktige. Sebastian Eiter, forskar ved NIBIO, er éin av dei. Han har publisert i to av MDPI-tidsskrifta.

Det er gode artiklar der, men det er også veldig lite kvalitetskontroll, seier han.

– Ein får veldig kort tid både til å vurdere andre sine manus og til å revidere sine eigne.

Redaksjonen i MDPI-tidsskriftet Nutrients takka for seg i fjor haust etter det dei meinte var press for å publisere middelmåtige artiklar. Illustrasjon: MDPI

MDPI profilerer seg på at dei kan tilby rask publisering, men på bloggar og diskusjonsforum spør mange om det er viktigare å få publisert mange artiklar, enn at artiklane er gode. Jamleg oppstår kontroversar kring spesifikke tidsskrift, som då heile redaksjonen i tidsskriftet Nutrients takka for seg i fjor haust etter det dei meinte var press for å publisere middelmåtige artiklar.

Logisk utvikling

Til saman teiknar det seg eit bilete av eit forlag som set alt inn på å vekse i den nye publiseringsmarknaden, der open tilgang er utgangspunktet: Ein etablerer nye tidsskrifttitlar, knyter til seg mange redaktørar, som skaffar mange artiklar, noko som aukar prestisjen til tidsskriftet og gjev det innpass i system som den norske publiseringsindikatoren, som igjen opnar for at forlaget kan auke forfattaravgiftene – alt saman heilt logisk åtferd i ein marknad der tidsskrift lever av å selje spalteplass i staden for abonnement.

– At dei har høgt trykk på publiseringsprosessen, er jo bra, for forskarar treng å få ting ut. Men det er ikkje sikkert det er bra for kvaliteten, seier Eiter.

Forskarar som stiller opp som fagfellar i MDPI-tidsskrift, får betalt i form av «tilgodelappar» som gjev rabatt på publiseringsavgifta neste gong dei sjølve publiserer i eit MDPI-tidsskrift.

– Dermed får du eit insitament til å halde deg til dette forlaget, seier Eiter, som peikar på at dersom noko av poenget med open tilgang var å betale mindre pengar til tidsskriftforlaga, er det ikkje sikkert at ein modell med forfattarbetaling representerer noko framsteg.

Ber om innspel frå fagmiljøa

– Publiseringsavgifter har etablert seg som ein forretningsmodell som erstattar den klassiske abonnementsordninga, og vi som utval kan ikkje ta stilling til om det er ei god utvikling eller ikkje – det må andre gjere. Men eit forlag som tek publiseringsavgift, vil sjølvsagt tene meir di meir det publiserer. Vi ser at vi får stadig fleire slike forlag, og at talet på artiklar publiserte etter denne modellen utgjer ein aukande del av artiklane frå norsk forsking, seier Røeggen i UHR.

Samstundes er det ikkje klart at det å publisere mange artiklar i seg sjølv er dumt. Det har vakse fram fleire såkalla megatidsskrift der ein kan publisere det meste så lenge forskinga er solid utført. Der kan ein få publisert forsking som er viktig, men som har vanskeleg for å kome til i tidsskrift med høg refusjonsrate, som replikasjonsstudiar eller studiar som ikkje stadfestar hypotesen.

Flyttinga av tidsskriftartiklar frå papir til nett gjer forskinga meir tilgjengeleg, men kan også opne for tvilsame forretningsmodellar. Foto: David Gonzales

Konklusjonen i publiseringsutvalet var at ein må leggje meir arbeid og ressursar i å vurdere kvaliteten på tidsskrift på nivå 1, det lågaste nivået i teljekantsystemet.

– Rett og slett fordi så mange av desse tidsskrifta ligg i grenseland. Vi kan ikkje gje noka samla vurdering av MDPI, men må vurdere kvart tidsskrift individuelt. Vi ønskjer å bruke nettportalen vår meir aktivt til å kome i direkte dialog med forskarane og få innspel om erfaringane dei har med tidsskrifta, seier Røeggen.

Vanskelegare å skilje

Etter kvart som forlaga femner publiseringsavgifta med begge hender og bruker denne modellen for alt han er verd, blir det vanskelegare å skilje mellom røvartidsskrifta og andre, påpeikar han.

– I starten var det lett, for røvartidsskrifta hadde tydelege kjenneteikn. Men dersom du vil etablere deg som ny aktør på tidsskriftmarknaden i dag, er det dette landskapet du må investere i, og kanskje tek det tid å få rutinane skikkeleg på plass. Eg trur ikkje det er mogleg å starte nye abonnementstidsskrift i dag.

Han meiner at ein av fordelane med den norske publiseringsindikatoren er at vi kan følgje utviklinga tett gjennom dei mange nasjonale fagorgana som jamleg vurderer kvaliteten på tidsskrifta innanfor sine fagfelt.

Vi må diskutere om dette er ei ønskt utvikling, og vi må snakke meir om kvar vi publiserer. Det er ikkje noko vi berre kan overlate til kvar enkelt forskar, seier han.

Ønskjer samla avtalar

Direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, skriv i ein e-post til Forskerforum at Plan S legg opp til fleire andre vegar til open tilgang enn betaling av publiseringsavgifter:

«Vi ønsker en modell på sikt hvor det betales for publisering «en bloc» gjennom samlede institusjonelle eller nasjonale avtaler, og ikke fra den enkelte forsker. Det er ikke noen sammenheng mellom Plan S og eventuelt økt prisnivå for publiseringsavgifter, men det er en ønsket utvikling at totalen av betaling for publisering øker, siden vi ønsker på sikt å slutte å betale abonnementer for lesing.»

Røttingen meiner vi i Noreg har gode mekanismar for å fange opp og ta tak i tidsskrift som prøver å utnytte systemet med publiseringsavgifter.
«Dette gjelder for eksempel det nasjonale publiseringsutvalget og vår liste over godkjente publiseringskanaler. Her bør også prisnivå kunne sees på. Forskere kan også velge å ikke publisere i tidsskrifter med høye avgifter», skriv han.

  • Les meir: