Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Styret ved Høgskulen i Volda forkasta «f-ordet»

Høgskulestyret var splitta i synet på å ta inn ei formulering om at høgskulen aktivt skal avklare moglege fusjonsalternativ.

– Styrevedtaket viser at rektor har eit splitta styre bak seg når det gjeld åleinegang, seier Tor-Johan Ekeland til Forskerforum. Foto: Høgskulen i Volda
– Då har vi to alternativ: eitt framlegg som ligg på bordet, og eitt med f-ordet i seg, uttalte rektor Johann Roppen då styret ved Høgskulen i Volda torsdag skulle røyste over to ulike framlegg om korleis høgskulen skal forhalde seg til strukturspørsmålet framover.  Ordet «fusjon» var nemleg ikkje nemnd i saksframlegget som styret skulle ta stilling til, og eit alternativ forslag kom på bordet. I saksframlegget heiter det at høgskulen også i tida framover skal ha ein aktiv og samarbeidssøkande strategi til nærliggande institusjonar både i strukturspørsmålet og i faglege samarbeid. Styremedlem Tor-Johan Ekeland, som er representantant for dei vitskapleg tilsette, kom med eit motframlegg, der det heiter at «høgskulen skal ha ein aktiv strategi til nærliggande institusjonar for å avklare moglege fusjonsalternativ og samarbeidsordningar». – Framlegget mitt inkluderer ordet fusjonsalternativ, slik det står i departementets tildelingsbrev. Dette er eit meir ope vedtak enn det som er foreslått, men det betyr ikkje at eg her og no går inn for ein fusjon, uttalte Tor-Johan Ekeland. Volda-rektoren har to gonger gått til val på at Høgskulen i Volda framleis skal vere sjølvstendig. I saksutgreiinga skriv rektor at det overordna spørsmålet for styret må vere om dei strategiske måla til høgskulen vert hindra av at høgskulen held fram som sjølvstendig høgskule. «Det er vanskeleg å sjå at det er belegg for å seie det i dag», meiner han. Ekeland har på si side vore ueinig med rektor om retningsvalet.

Usemje om tolking

Terje Heggem, som er eksternt styremedlem i høgskulestyret, støtta framlegget til Ekeland: – Dette står også i strategiplanane for høgskulen, og eg forstår ikkje kvifor vi skal gjere avvik frå dette, uttalte Heggem. Rektor meinte at det var vanskeleg å tolke framlegget til vedtak som låg på bordet slik at det ikkje også kan omfatte fusjon. – Men ordet fusjon står då ikkje der, sa Roppen. Rektor fekk støtte frå fleire av styrerepresentantane, og nokre meinte dette berre handla om nyansar i ordbruken. Men Ekeland var ueinig: – Ein må forstå konteksten dette er fremja i. Det er openbert at dette framlegget til vedtak er ein måte å parkere fusjonsdiskusjonen på, meinte han.

Delte styret i to

Før avrøystinga sa rektor: – Då har vi to alternativ: det som ligg på bordet, og eitt med f-ordet i seg. Saksframlegget fekk seks røyster, medan motframlegget til Ekeland, som hadde fusjonsordet i seg, fekk fem. – Dette var ei grei avklaring som viser at rektor har eit splitta styre bak seg når det gjeld åleinegang, seier Tor-Johan Ekeland til Forskerforum. Les også: 
Undersøkelse: Etter fusjonene ble studentene mindre fornøyde

Fagfellevurdering: Uansett kvar ein tek tida frå, vil det vere ei økonomisk byrde for nokon

– Vi treng fredsvisjonar for Noreg

Politihøgskolen kan bli lagt inn under universitet

Ig Nobel flytter prisutdeling fra USA til Sveits

Kebabforsker fortviler – får ikke støtte

Regjeringen vil bruke 90 millioner kroner på kvinnehelse

Undersøkelse: Menn under 30 vil helst forhandle lønna selv

Diamanttidsskrift ønsker seg en bit av publiseringsmidlene

Lukk meny