Ta Forskerforums påskequiz
LUKK

Ta Forskerforums påskequiz

Av Forskerforum

Publisert 8. april 2022 kl. 12:45

Kor mykje kan du om Ukraina, kvinner i krig og akademia?

Svar er nedst i saka.

Ukraina

a) I kva for tiår utspelte svoltkatastrofen holodomor seg – også kjend som «det sovjetiske folkemordet på ukrainarar»?

b) Korleis er den nye skrivemåten for hovudstaden som tidlegare vart skriven Kiev?

c) Kva heiter det grunne småhavet nord for Svartehavet der ein blant anna finn hamnebyen Mariupol?

d) Kva var yrket til president Volodymyr Zelenskyj før han vart politikar?

e) Kva heiter landets nest største by, der det har vore harde kampar mellom ukrainske og russiske styrkar dei første to vekene av krigen?

Volodymyr Zelenskyy’s show ‘Servant of the People’ Foto: Kvartal 95
Foto: Kvartal 95

Frå akademia

a) Kva for norsk universitet vedtok nyleg å ta frå Russlands utanriksminister Sergej Lavrov æresdoktortittelen han fekk i 2011?

b) Kva for land må kunstsamlaren Martin Schøyen returnere delar av samlinga si til, ifølgje ein rapport som Kulturhistorisk museum har utarbeidd på oppdrag frå regjeringa?

c) Rebecca Jane Cox har fått årets Meltzer-pris for framifrå forskingsformidling etter å ha gitt meir enn 130 avis- og tv-intervju i 2020. Kva er fagfeltet hennar?

Rebecca Jane Cox foto UiB
Rebecca Jane Cox foto UiB

d) Professor Glenn Diesen ved USN har fått sterk kritikk for å publisere innlegg i ein statleg russisk, engelskspråkleg nyheitskanal. Kva er namnet på denne kanalen?

e) Kva for uttrykk blir brukt om det å kopiere og gjenbruke materiale ein sjølv har skrive tidlegare?

Kvinner i krig

a) Kva heitte Noregs første kvinnelege krigskorrespondent, som rapporterte frå den spanske borgarkrigen og seinare vart emne for ein biografi skriven av Sigrun Slapgard?

Foto: Dagbladet/ Stiftelsen Norsk Folkemuseum

b) I kva for krig leidde Jeanne d’Arc dei franske styrkane i kamp mot England?

c) Ho vart seinare ein verdskjend forfattar, og under andre verdskrigen var ho aktiv i den franske motstandsrørsla saman med blant andre François Mitterrand. Kva er namnet?

d) Kitty Grande var den mest kjende av dei rundt 15 kvinnene som var tilknytt Sonderabteilung Lola under andre verdskrig. Kva var Sonderabteilung Lola betre kjend som?

e) Kva år vart verneplikt for kvinner innført i Noreg?

Gult og blått

a) Kva farge får vi ved å blande gult og blått?

b) Kva for fotballandslag er dette?

c) Kva var tittelen på dei to venstreorienterte, samfunnskritiske filmane med erotiske innslag som svenske Vilgot Sjöman stod bak i 1967 og 1968?

d) Kva kallast figuren ein finn på våpenskjoldet i Ukrainas riksvåpen?

Ukrainas riksvåpen
Ukrainas riksvåpen

e) Kva for latvisk-fødd amerikansk kunstnar stod bak måleriet «Untitled (yellow and blue)», som i 2015 vart selt for over 46 millionar dollar?

Svar:

Ukraina

a) 1930-åra (32/33)

b) Kyiv

c) Azovhavet

d) Skodespelar/komikar

e) Kharkiv

Frå akademia

a) UiT Noregs arktiske universitet

b) Irak

c) Ho er virolog.

d) RT (tidlegare Russia Today)

e) Sjølvplagiering

Kvinner i krig

a) Lise Lindbæk

b) Hundreårskrigen

c) Marguerite Duras

d) Rinnan-banden

e) 2015

Gult og blått

a) Grønt

b) Brasil (laget som vann VM i 1970)

c) Jag är nyfiken – en film i gult og Jag är nyfiken – en film i blått

d) Lyster eller trident eller trefork

e) Mark Rothko

Les også: