Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

UiA får universitetsmuseum

Etter mange års kamp måtte kunnskapsministeren trø til for at Agder naturmuseum skulle bli del av Universitetet i Agder.

Torbjørn Røe Isaksen måtte ordne opp for at UiA skulle få universitetsmuseum. Foto: Erik Norrud
I mange år har Agder naturmuseum og botaniske hage (ANM) kjempa for å bli universitetsmuseum under Universitet i Agder (UiA). I mai blir draumen endeleg oppfylt. Vegen dit har vore lang, og Forskerforum skreiv om denne saka alt i 2011. ANM er det einaste reine naturhistoriske museet under Kulturdepartementet. – Alle planar og retningslinjer frå Kulturdepartementet har vore tilpassa kulturhistoriske museum, og ikkje naturhistoriske museum. Fagleg sett høyrer vi difor betre heime som universitetsmuseum under UiA, seier Roar Solheim, som er tillitsvald for Forskerforbundet ved ANM.

Ugleforskar Roar Solheim gler seg til meir fagleg samarbeid med forskarar på Universitetet i Agder.
Foto: Privat

Les også: Vil bli universitetsmuseum Overføring til KD For to år sidan trudde tidlegare rektor ved UiA at universitetsmuseet var i hamn. Universitetet var einige med dei tidlegare eigarane, Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune, om å overta museet. Men eit universitetsmuseum må liggje under Kunnskapsdepartementet (KD), og ikkje Kulturdepartementet, som dette museet hadde gjort. Søknaden om å bli overført til KD har vorte liggande i årevis. Ekspedisjonssjef i KD Toril Johansson sa til Forskerforum i november 2016 at søknaden var til vurdering, men at det først og fremst var eit prinsipielt spørsmål om KD skulle ha fleire universitetsmuseum. Roar Solheim ved ANM meinte at «det må sitje nokre byråkratar i departementet som trenerer denne saka». Ministeren skar gjennom Ordførar Harald Furre (H) i Kristiansand kommune ser ut til å vere einig. Nyleg uttalte han til Fædrelandsvennen at det har vore «betydelig motstand i embetsverket i Kunnskapsdepartementet». Han stadfestar overfor Forskerforum at ingenting skjedde før saka for nokre veker sidan vart løfta opp til høgare politisk nivå. – Kommunen, fylkeskommunen og UiA bad om eit møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), og etter møtet skar han igjennom og fekk vedteke at universitetet skulle få overta museet. – Vart saka trenert av KD? – Eg vil vel ikkje bruke det ordet, men vi stiller oss spørjande til kvifor embetsverket ikkje reagerte etter gjentekne brev frå UiA om denne saka. Gler seg over avgjerda Ordføraren seier at både Kristiansand kommune og fylkeskommunen vil betale same museumstilskottet som før, sjølv om museet blir del av UiA.
Fakta
<
– Museet har ei svært viktig museumsfagleg rolle i byen og heile regionen, og difor har vi sagt oss villige til å fortsetje finansieringa. Eg trur UiA vil bli ein betre heim for naturvitskapen ved museet, seier han. Museumsdirektør Torill Gjelsvik gler seg stort over avgjerda. – Det er tydeleg at det måtte politisk press til. No er vi veldig glade for at det har blitt ein konklusjon. Og det blir spennande og nytt for oss å bli ein del av universitetet. Planen er at vi blir innlemma i UiA frå 1. mai 2017, seier Gjelsvik. Les også: 
– Byråkratar trenerer museumssak
   

Nytt stort museumsbrekk: Mer enn 600 verdigjenstander stjålet i Storbritannia

Nobelprisene delt ut i Stockholm med pomp og prakt

Manglar forsking på oljeutfasing

Tor Grande frykter at en lang periode med vekst i antall stipendiater er over

Sverige: Høyskole skiller forskere og undervisere

Theodor Karlsen droppet advokatstilling og god lønn for å ta doktorgrad. – Synd hvis man går glipp av gode kandidater fordi økonomien ikke tillater det.

– Stipendiatlønn er ikke optimalt

Går av som rektor for EU-universitet etter korrupsjonssiktelse

Kunstsilo i Kristiansand kåret til verdens vakreste museum

Lukk meny