Nyheter | Fredsforsking

Publisert 12. mars 2026 kl. 09:04
– Kva skal til for at vi har fred i Noreg om ti år, tjue år? Eg trur tida er komen for at vi må snakke oss gjennom kva som skal vere den norske fredsmodellen i ei tid der alliansane våre er veldig usikre.
Det seier Kristin Bergtora Sandvik, professor i rettssosiologi ved Universitetet i Oslo (UiO). Ho meiner det er på høg tid at fredsnasjonen Noreg set sine fredsforskarar i arbeid med å undersøke dette spørsmålet.
– Det krev eit intellektuelt engasjement som ikkje har vore der, seier ho.
No når opprusting er første punkt på agendaen både i Noreg, EU og den vidare verda, er det blitt openbert at norske samfunnsforskarar har nokre store blindflekkar, meiner ho. Ikkje minst gjeld det prosessane rundt innkjøp til Forsvaret og dei store pengesummane som er i spel der.
– Der meiner eg at forskarane berre har seg sjølve å skulde på. Anskaffingar til Forsvaret er det nesten ingen som kan noko om. Delvis på grunn av hemmeleghald, men også fordi det har vore litt kjedeleg, seier ho.
Sandvik står bak initiativet CritPeace (Kritisk tenkning om fred), eit nettverk av forskarar som vil sprøyte forskingsbasert kunnskap om fredsbevaring inn i den offentlege samtalen. Dei planlegg mellom anna seminar om forsvarsinnkjøp.
– Initiativet er ein måte vi kan ta meir kritisk ansvar på, seier ho.
Forskerforum har publisert fleire artiklar om «eksnovasjon», eller forsking på korleis vi kan slutte å øydeleggje verda. Våpen og krigføring er openberre døme på destruktive aktivitetar det hadde lønt seg å slutte med: Ikkje berre øydelegg dei liv og infrastruktur i seg sjølv, militær aktivitet forverrar også dei andre globale krisene menneska står oppe i, frå helse til miljø og klima.
Men i tider der internasjonal tillit smuldrar opp, er det vanskeleg å argumentere for nedrusting. I Noreg har regjeringa signalisert tydeleg at sivile forskingsmiljø må bidra meir til forsvarsforsking. Forskingsrådet har frå i år fått eit eige porteføljestyre for forsvarsforsking, og den norske forsvarsindustrien er inne i ein eksplosiv vekst.
Sandvik har i fleire meiningsartiklar peika på farane ved det såkalla «tryggleiksdilemmaet»: Når ein stat rustar opp i møte med internasjonal uvisse, vil andre statar gjer det same, og dess meir landa rustar opp, dess større blir risikoen for at våpena vil bli brukte. Noko av dynamikken handlar om at når våpenindustri og forsvar blir sitjande med mykje av makta og ressursane i eit land, blir evna til å prioritere anna samfunnsbygging mindre.
Men Sandvik meiner ikkje eksnovasjon er eit dekkande omgrep for det ho ønskjer seg.
– Eg tenkjer heller at vi må innovere samfunnsmodellane våre for å stå imot trykket. Eg er ikkje pasifist, eg har ei nokså klar oppfatning av at det er viktig å vere ein del av eit fellesskap og å kunne forsvare dette fellesskapet, men det må gjerast ordentleg. Og det er ikkje ordentleg dersom ingen er kritiske. Då blir det eit samfunn av ja-folk, og eit slikt samfunn er ikkje sunt, seier ho.

Kva rolle har forskarar i spørsmål om krig og fred? Unni Eikeseth underviser i naturfagdidaktikk på Institutt for lærarutdanning ved NTNU og har nettopp gitt ut boka Krigens laboratorium, som handlar om desse spørsmåla. Ideen kom då ho vart klar over at hennar eige universitet har ein samarbeidsavtale med Kongsberg Gruppen som mellom anna omfattar våpenutvikling.
– Det fekk meg til å tenkje: Er det ei oppgåve for eit universitet? Eg vart interessert i å finne ut meir om kva vitskapsfolk og teknologar, folk med min type utdanning, har vore med på å utvikle, fortel ho.
I boka går ho gjennom ei mengd ulike våpentypar, teknologien bak dei og korleis forskarar medverkar i utviklinga. Men ho ser også på korleis forskarar har vore involverte i arbeid for fred og nedrusting.
– Det er lett å forstå at teknologar tykkjer det ligg spennande faglege utfordringar i våpenproduksjon. Eg kjenner meg litt heime når eg snakkar med dei. På same tid verkar det ikkje som dei dveler så mykje ved dei etiske utfordringane, og det får meg til å tenkje at vi må hjelpe studentane våre med å gå djupare inn i dei etiske sidene enn vi gjer i dag, seier ho.
Dei seinare åra er atomvåpen igjen blitt eit element i den europeiske debatten om forsvar, i takt med at det blir stadig større tvil om USA kan reknast som ein påliteleg alliert. Tyskland har byrja snakke om å skaffe seg eigne atomvåpen, og det er blitt eit ope diskusjonstema om dei nordiske landa skal gjere det same for å avskrekke moglege fiendar, i strid med den internasjonale ikkjespreiingsavtalen.
I boka nemner Eikeseth denne ideen om «atomvåpenfreden»:
– Eg tykte det var interessant korleis ein ser på supervåpen, eit våpen som er så frykteleg at det vil avskaffe all krig, seier ho.
Ideen er at vi først vil få bukt med krig når eit våpen blir øydeleggjande nok. Eit våpen som er så destruktivt at det vil utslette alle partar, kan ikkje brukast av nokon og vil dermed verke fredsskapande. Supervåpenet er såleis den ultimate teknologiske løysinga på krigsproblemet. Atomvåpen er det næraste vi har kome eit slikt supervåpen, og likevel finst framleis krig.
– Tidlegare er bombefly også blitt sett på som eit slikt supervåpen. Det viser kor raskt vi normaliserer slike våpen, seier Eikeseth.
I boka refererer ho samfunnsfagleg forsking på ordbruken knytt til supervåpen. Til dømes har forskaren Carol Cohn vist korleis det strategiske språket om atomvåpen fjernar offera frå synsfeltet.
– Ho seier at i atomvåpenstrategispråket eksisterer ikkje omgrepet «fred», illustrerer Eikeseth.

Gitt potensialet for øydelegging og mangelen på prov for at supervåpen verkar fredsskapande, burde atomvåpen vere ein opplagd kandidat for eksnovasjon. Men det er ei utfordrande oppgåve i dagens politiske klima, seier politisk rådgjevar i Nei til atomvåpen, Daniel Gudbrandsen Farsjø.
– Den siste avtalen mellom USA og Russland som set grenser for kor mange kjernevåpen dei kan ha, går ut 5. februar i år. Utfordringa er at presset for å vidareføre slike avtalar blir mindre når statar trur dei treng fleire atomvåpen. Vår oppgåve er å fortelje den norske staten at ein ikkje må medverke til å skape aksept for å gje opp desse avtalane, seier han.
Farsjø fortel at det ligg mykje forsking bak metodar for å verifisere kor mykje atomvåpen ein stat har, kor mykje dei kan skaffe seg, og kor mange som er blitt fjerna. Men utan avtalar kjem ikkje metodane til nytte.
Øvst på ønskelista er ein norsk signatur på FN-traktaten om forbod mot atomvåpen.
– Vi oppmodar Noreg om ikkje å lene seg meir på atomvåpenpolitikk i ein usikker situasjon. Det vil berre leie til ein ny usikker situasjon som no også inkluderer atomvåpen, seier Farsjø.
FNs atomvåpenforbod byggjer på ei stor mengde forsking om kva konsekvensar bruk av atomvåpen vil ha. Forsking viser også at internasjonale våpenavtalar gjer verda meir stabil, peikar han på.
Forskarar har vore involverte i kampen mot atomvåpen like lenge som dei har eksistert.
– Vi ønskjer oss meir forsking på klimakonsekvensane av atomvåpen – ikkje berre dersom dei blir brukte, men også konsekvensane knytte til produksjon, lagring, transport og vedlikehald. Organisasjonen Norske leger mot atomvåpen finansierer ein del forsking på helseeffektar og konsekvensar for beredskap. Dei fleste fagfelt kan bidra, seier Farsjø.
Jusprofessor Kristin Bergtora Sandvik etterlyser samfunnsforskarar som kan tilføre betre argument mot opprusting og ei betre forståing av opprustingsprosessar og konsekvensane av dei.
– Det blir meir tydeleg kvar gong vi får høyre at det er latterleg eller tåpeleg eller kvinneleg å protestere mot opprusting. No er det eit vanvitig kapplaup med store økonomiske interesser, og då er vi nøydde til å ha ein kritisk samtale om prioriteringane. Det er ikkje tåpeleg, men nødvendig, seier ho.
Saken ble først publisert i Forskerforum nr. 1/2026.