
For 40 år sidan skreiv Paul Simon ein song der det tredje verset går slik:

Refrenget i songen byrjar slik: If you’ll be my bodyguard …, og sluttar slik: You can call me Al …
Det følgjer eit irritasjonsmoment med å verta gamal, og det er opplevinga av at representantar for yngre generasjonar i sin vilje til sjølvstende og eigarskap i notida ignorerer eldre generasjonar sin livsvisdom og fornuft. Det er ikkje av vond vilje, men ein del av posisjoneringa som aktør i samfunnsutviklinga. Alt kan ikkje vara ved slik det var før, om samfunnet skal utvikla seg. Det skjønar dei fleste, gamal og ung.

Frode Olav Haara er professor i matematikkdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal
Samstundes har alle vi gamle vore del av dei yngre generasjonar, og irritasjonsopplevinga veks med alderen og opplevingane av at utviklinga medfører at noko som ein ikkje vil mista, faktisk går tapt når det vert erstatta av noko anna. Det heng saman med at eg mister posisjon som aktør, og at andre kvalitetar vert verdsette enn dei eg hegnar om. Men for å skeivsitera frå filmen «Monty Python og Ridderne av det runde bord»: I’m not old, I’m 53. Og det er ein del av irritasjonsmomentet for meg. Vi vert eldre og eldre, samstundes som endringar går fortare og fortare, i alle fall teknologiske endringar.
Dette gir yngre generasjonar moglegheit til å utfordra posisjoneringa i samfunnsutviklinga tidlegare og tidlegare, ikkje berre basert på veksande kunnskap og utvikling av ferdigheiter, men i aukande grad basert på prioritering av tempo, tilgjenge og lettvintheit.
Eg er ikkje klar til å gje frå meg posisjon utan motstand, i alle fall ikkje når eg opplever at det går ut over samfunnsutviklinga, gjennom devaluering av verdien av å inneha kunnskap og ferdigheiter til fordel for kompetanse i å få hjelp til å finna kunnskap og ferdigheiter. Det altoverskyggande dømet no på denne devalueringa er generativ KI.
Den flytande moderniteten, som sosiologen Zygmunt Bauman skildrar, er verkeleg komen i fart, tykkjer eg, mann 53. Samfunnet og vi menneska i samfunnet omfamnar tempoauke, lettvintheit og teknologibasert forenkling i praktiske samanhengar.
Praktisk og teknologisk utvikling er noko av det som gir oss samfunnsutvikling, til dømes gjennom at ein har tatt i bruk hjulet, elektrisitet, Vipps og elsyklar. Effektiviteten i nyvinningar gjer at ein kan gjera meir, og gjera det raskare, men ein tapar i nokre samanhengar noko på vegen. Eg nyt godt av Vipps, men tykkjer at det er leitt at sjølvbetente kasser på butikkar avgrensar tilgangen på kommunikasjon med andre og faktisk aukar uroa for å gjera noko kriminelt på effektivitetens alter.
Kva er så kult med å framstå som ei usjølvstendig nikkedokke som badar i lært hjelpeløyse?
Denne vektlegginga av effektivitet er ei utvikling som eg i aukande grad gjennom mitt arbeid som undervisar i høgare utdanning opplever at òg spreier seg til kunnskap og ferdigheiter.
Eg opplever at dei yngre generasjonar les mindre, skriv mindre, ser meir levande bilete og lyttar meir, fordi dei opplever det som effektivt. Å delta på ei førelesing er i alle fall ikkje freistande, om eg skal tru ein student som i vår uttalte i eit intervju i Forskerforum: «Hvis jeg er på forelesning i fire timer, føler jeg nesten at jeg har kastet bort fire timer jeg kunne brukt på å lære.»
Denne utviklinga er ikkje ein brå overgang, men ei utvikling som går gradvis. I høgare utdanning heng dette saman med at å studera meir og meir vert eitt blant fleire effektive gjeremål. Det viktige vert å få vitnemålet samstundes som ein gjer noko anna.
Å vera student og studera for å læra vert ikkje viktig i seg sjølv. Politikarar, Kunnskapsdepartementet og lærestadane støtter opp om dette gjennom ei finansieringsordning som ropar: «Få studentane gjennom!»

I tillegg er det slik at når noko nytt både vert vurdert til å ha kvalitet og til å treffa si samtid på eit vis som gjer at det vert oppfatta som nyttig, vert dette utslaget av kreativitet sjølvsagt (for mange) å ta i bruk, så lenge det ikkje er ulovleg, farleg eller heilt klart umoralsk. Oppfinning av lyspære, forbrenningsmotor og Post-it-lappar er døme på dette.
Generativ KI ser no ut til å vera i ferd med å skaffa seg ein slik posisjon i samfunnet. Samstundes er det nokre konsekvensar å sjå i horisonten for studentar knytte til generativ KI, i alle fall av moralsk karakter og potensial for å operera i både ulovleg og farleg terreng. Tillitskrise er den første av desse. Når ein av mine søner (mann, 22) viser fram eigenprodusert tekst til venene sine, vert han konfrontert med «Brukt KI eller …?».
Vi les òg om oppgåver som vert leverte til vurdering ved universitet og høgskular der studentane vert skulda for å skrive for godt til at det er truverdig. Korleis skal ein oppretthalda tillit til det som vert arbeidd med og levert av studentane?
Det neste er at kunnskaps- og ferdigheitsutviklinga hos studentane ser ut til å vera under press. Kunnskap og ferdigheiter er noko vi tileignar oss og bevarer og utviklar gjennom bruk. Det er i møtet mellom student, undervisar og lærestoff læring finn stad. I staden møter vi meir og meir ei sjølvsagd oppleving av argumentasjon for at det er tilstrekkeleg å ha kompetanse i å finne kjelder til kunnskap og ferdigheiter når ein treng det.

Konsekvensar av dette, slik eg ser det, er at kunnskap og ferdigheiter vert mindre verdsett, ein beherskar i mindre grad å vurdera kvalitet og korrektheit, og ein vert historielaus og trur med det meir blindt på råd og innspel frå kjeldene ein kan rådføra seg med. I utdanning har vi alltid hatt studentar som i varierande grad utviklar kunnskap og ferdigheiter, men no er kompetanse i å nytta verktøy som kan hjelpa, i ferd med å erstatta utvikling av fagkunnskap og retoriske ferdigheiter – med tap av vitskapleg dømmekraft og sjølvstende når det gjeld utvikling av kunnskap og ferdigheiter, som resultat.
Denne kompetansen er, strippa for all glamour, ein sofistikert måte å strekkja armen i veret på for å be om hjelp. Det er det ein gjer når problemløysingsstrategiar, kritisk tenking og vilje til å streva for å beherska og læra, vert lagde til side. Fordi det er mogleg å gjera det utan å verta stilt til ansvar.
Om vegen til å unngå desse moglege konsekvensane av at generativ KI vert teke breitt i bruk og får anerkjenning i samtida, går gjennom å dyrka sjølvstende og læringsfellesskap som grunnlag for å læra, veit eg ikkje.
Det vil krevja konsentrasjon om verdien av moral, vilje og karakter når det gjeld å stå for eige læringsarbeid, og revitalisert fokus på at læring tek tid – det er ein sakte prosess, som til dømes krev at studentane ser verdi i å bruke lang tid på å skriva dårlege tekstar, slik Anna Kvam i vår poengterte i Morgenbladet.
Ein tenkjer gjennom å skriva, slik til dømes professorane Anders Johansen og Toril Moi poengterer gjennom høvesvis boka Kunnskapens språk og essayet Å skrive er å tenke. Men kanskje er dette fånyttes.
Er det mogleg å ta vekk igjen eit verktøy som har funne anerkjenning gjennom bruk i si samtid? Eller er det berre ein utopisk draum, slik Jan Eggum skildrar i Mor, jeg vil tilbake? Skal ein heller omfamna generativ KI, og bruka det til å undervisa og læra med fokus på utvikling av vitskapleg dømmekraft og sjølvstende?
Skal ein til dømes erstatta eiga skriving av oppgåver med å retta fokus mot andre si skriving og kritisk revidering av polert KI-produsert tekst ved hjelp av generative KI-verktøy? Då vert alle andre delar enn skriving meir verknadsfulle i læringsarbeidet (lesing, idéutvikling, kritisk vurdering av aktualitet og argumentasjon, val av litteratur, kjennskap til innhald i litteratur, produksjon av data, analyse av data, argument i diskusjon av resultat, moglege implikasjonar), og så vert desse gjenstand for diskusjon med faglærarar/sensorar/opponentar.
Er det mogleg å ta vekk igjen eit verktøy som har funne anerkjenning gjennom bruk i si samtid?
Men då kjem ein til å verta dårlegare til å skriva sjølv. Nokre studentar trekkjer kanskje på skuldrene av ein slik konsekvens, men dette er ikkje det same som at ein får slappare muskulatur av å bruka elsparkesykkel. Det kan ein kompensera for med anna trening, om ein orkar det strevet.
Skriving kjem ikkje til å verta vektlagd på andre arenaer enn SoMe, og der har både grammatikk og vilje til å formulera seg vanskelege kår.
Eit tredje alternativ er å overlata denne utviklinga til studenten sjølv. Ikkje anerkjenna generative KI-verktøy som anna enn verktøy for dei som vil nytta det, og så avsløra dei som ikkje har kompetanse til å bruka det utan å vera klønete. Nokre studentar vil då mest truleg beherska kompetansen, men ikkje utvikla vitskapleg dømmekraft. Det vil seia å få papir på ei utdanning der dei ikkje har utvikla den kunnskapen og dei ferdigheitene vi forventar ut ifrå kva vitnemålet seier.
Eg las nyleg ein artikkel av Zhan mfl., publisert i 2025 i det vitskaplege tidsskriftet Higher Education Research & Development. I artikkelen rapporterte ein frå eit forskingsarbeid der ein freista å utforska om det er mogleg, og i så fall kva som skal vera premissar for, at generativ KI skal kunna påverka positivt studentens engasjement og handlekraft knytt til å nytta seg av tilbakemeldingar i høgare utdanning.
I artikkelen vert det argumentert for at den som underviser, bør tilby innføring og trening i å utvikla spørsmål studenten bør nytta for å kommunisera med generativ KI, og at studenten så treng å utvikla ein slik kompetanse sjølv gjennom praksis.
Deretter viser artikkelforfattarane til at undervisaren må hjelpa studenten til å definera sine mål ut ifrå tilbakemeldingane ein har fått frå undervisaren, før studenten søker tilbakemelding via generative KI-verktøy. Då kan generativ KI verta ein ny tilretteleggjar for studenten sitt engasjement knytt til tilbakemelding, for å forbetra studenten sitt læringsutbytte.
Dette er eit døme på forsking som fører oss på ville vegar. Eg spør meg sjølv: Kvifor skal ein erstatta rettleiing og tilbakemelding frå ein kunnskapsrik undervisar og rettleiar med maskinell respons og redigering, utan at studenten skal gjera arbeidet med tilbakemeldingane sjølv, for å læra? Det kan ikkje grunngjevast slik eg finn i den nemnde artikkelen, gjennom at studentar kan finna det strevsamt, vondt og utleverande å få tilbakemeldingar som er kritiske.
Eller i alle fall, eg vonar hardt og inderleg at det ikkje er slike dekadente og hedonistiske signal ein legg vekt på når ein peikar på forventningar til korleis ein skal stilla seg til bruk av generativ KI knytt til høgare utdanning.
Det er ikkje lett å læra. Det kostar ein del å læra, av både krefter og innsats. Det tar tid å læra, fordi mennesket lærer sakte, men godt. Det vi lærer oss fort, blir gjerne gale. «Hastverk er lastverk» har aldri vore meir sant enn no.
Det einaste poenget med kritikk frå undervisaren er å vise studenten korleis ein kan forbetre teksten og lære. Grunntanken er at det positive ligg i kritikken. Ei maskinelt styrt revidering i form av forslag til kva ein kan gjera for å raffinera eit arbeid ein har fått slik tilbakemelding på, eller kritikk, som det jo faktisk er, tilbyr ei forkasting av denne kritikken.
Innkoplinga av det maskinelle gir ein kortsiktig produktgevinst, i form av oppgulp av eksisterande kunnskap basert på generativ KI sin bruk av eksisterande datagrunnlag.
Kva lærer ein av ein slik prosess? Jo, ein legg til rette for at maskinene kan få studenten til eitt nivå, men utan fokus på utvikling av dømmekraft, kompetanse i problemløysing og kritisk tenking. Kor vert det då av kreativitet, leik, originalitet og skaping hos studenten?
Fysiologen Ivan Pavlov er mellom anna kjend for å ha sagt: «If you want a new idea, read an old book.» Kanskje vert det kreative, leikande, originale og skapande utilgjengeleg fordi ein ikkje lenger tileignar seg kunnskap og ferdigheiter som krevst for å utvikla nye og sjølvstendige idéar, men heller berre lærer seg å skaffa seg hjelp?
Totalt sett vert læringa til utvikling av ein kunnskaps- og ferdigheitsforakt, der prioritering av å utvikla eigen kvalitet i å laga velsmakande mat av gode råvarer vert erstatta med ferdiglaga, datostempla hurtigmat frå ei lågpriskjede. Du får det du ber om. Ver så god, sit ned, spis, om du ønskjer.
Når mennesket tek i bruk generativ KI, er det eit forførande møte med noko ukjent som lovar å vera løysinga på alt (Will you be my bodyguard?), der ein vert så overvelda og blenda at ein ikkje ser eigen mangel på kunnskap om det ein opplever, og i alle fall ikkje konsekvensar av å la seg riva med.
Samstundes kan ein sjå det slik at generativ KI treng nettopp oss som støttespelarar (ein bodyguard) for å leva. Det treng å verta nytta og anerkjent for å få ein posisjon, for ikkje å verta forkasta av si samtid.
Slik kan ein òg sjå Paul Simon sitt vers som ei skildring av mottakinga generativ KI opplever å få av menneska. Men ein kan faktisk la vera å la seg forføra, og la vera å opptre som ein støttespelar. Ein kan snu ryggen til og gå. Det er verken avvisande eller ignorant, og verken woke eller anti-woke.
Det er eit døme på grensesetting mot indoktrinering og usjølvstende, som viser at det faktisk er nokre vaksne heime som kan stilla seg spørjande til kva det er som er så kult med å framstå som ei usjølvstendig nikkedokke som badar i lært hjelpeløyse.