Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Då Ragnhild Sollund begynte å forske på dyrs rettar, slutta ho å ete kjøt

Ragnhild Sollund meiner industrielt husdyrhald er ein viktig arena for dyremishandling.

Ragnhild Sollund, som har skrevet bok om menneskers forhold til dyr. Her med lånt hest på Kongsgården på Bygdøy i Oslo. Foto: Anniken C. Mohr / Klassekampen.

Korleis tar vi med oss det vi lærer på jobb inn i resten av livet vårt? Vi har spurt forskarar om korleis fagkunnskapen pregar dei.

Eigentleg forska Ragnhild Sollund på menneskerettar og migrasjon. Men då ho skulle halde prøveførelesinga til doktorgraden sin i 2003, bestemte ho seg for å skrive om spesiesisme: diskriminering på grunnlag av art.

Det har ho halde fram med.

– Migrasjon er framleis eit viktig tema. Men det er så mange andre som forskar på det. Eg føler at det er viktigare at eg er der eg er no, seier Sollund.

I fjor ga ho ut boka Bare et dyr? der ho tar føre seg både dyrs evner og forholda dei lever under. Omtrent samtidig vart ho tildelt prisen «Lifetime Achievement Award» frå DCCSJ, ei avdeling i organisasjonen The American Society of Criminology, for sitt arbeid med grøn kriminologi. Dette handlar om skadar og lovbrot mot miljø og klima, der menneske og andre dyr rammast. Det omfattar også misbruk av dyr.

Mista lysta på kjøt

– Vi lever i ei naturkrise der vi utnyttar artar i ein utruleg fart. Det er viktig å forske på kva som skjer og korleis vi kan stoppe det, seier ho.

Ho meiner at industrielt husdyrhald er ein viktig arena for dyremishandling.

– Systema legg opp til at dyra berre er einingar. Dei får ikkje utøve naturleg åtferd medan dei lever, og i tillegg drepast dei prematurt.

I arbeidet med prøveforelesinga las ho mange tilsynsrapportar frå norske slakteri. Då slutta ho å ete kjøt.

– Eg kunne jo ikkje halde fram.

Ho har også blitt bevisst på korleis spesiesisme går igjen i språket, til dømes skjellsord som «din gris» eller «dum som ei høne». Ho seier sjeldan noko viss ho høyrer det, ønskjer ikkje å øydelegge ei god stemning.

– Men i alt eg skriv, prøver eg ikkje å skrive spesiesistisk. Til dømes kallar eg dyr for «han» eller «ho», ikkje «det».

Ei vanskeleg grense

Ho meiner at bevisstheiten til dyr er ein viktig faktor.

– Biologane seier at det er skilnad på bevisstheitsnivået hos ulike dyreartar. Blåskjel er jo eit dyr, men eg et blåskjel, for eg trur ikkje dei er bevisste på same måte som pattedyr, fuglar eller reptilar. Men det er så mykje vi ikkje veit.

Og det kjem stadig ny kunnskap, påpeikar ho. Til dømes vart det i Storbritannia nyleg forbode å koke krabbar og humrar levande, fordi dei er bevisste vesen.

Godt med ost

Sollund er ikkje veganar. Ho et blåskjel, skaldyr, fisk og ost. Innimellom.

– Kvifor har du ikkje tatt skrittet fullt ut i eige kosthald?

– Eg synest det er vanskeleg. Det er rett og slett godt med ost ein gong iblant.

Men ho har dårleg samvit, fortel ho.

– Det er ein kognitiv dissonans i mi åtferd òg. Eg kan sikkert skuldast for å vere dobbeltmoralsk. Likevel synest eg at det må vere lov til å skrive og snakke om desse tinga.

Ho er opptatt av å leve rett på fleire område, også.

– Men eg kjenner på meg sjølv kor vanskeleg det er å handle moralsk. Samtidig tenkjer eg at viss alle gjer litt, vil det samla utgjere ganske mykje.

Les fleire intervju med forskarar om liv og lære:

– Museene skal bevare fortida, men også være et sted for endring og nye tanker

Født og oppvokst i akademia. Hvor mye har det å si?

– Det finnes definitivt akademikere som kunne tjent mer penger hvis de jobbet i næringslivet

Professor vil ha meir forsking på korleis vi kan slutte å øydeleggje verda

Ingeborg Høvik foran en kopi av Britta Marakatt-Labbas Historjá (originalen er på utlån). – Broderiet viser en sirkulær forståelse av tid og historie, der ånder, guder, gudinner og forfedre er med i nåtiden, sier hun.

Kunsthistoriker Ingeborg Høvik mener historien om Arktis må fortelles på nytt

UiO kobler forskere og kunstnere: – På en måte er kunst og vitenskap to sider av samme sak

– Gi forskere mer frihet

Norsk-ledet forskningsprosjekt skal løse Europas steinaldermysterier

Lukk meny