Det er svært vanskeleg å få publisert tverrfaglege artiklar
LUKK
Annonse
Annonse

Det er svært vanskeleg å få publisert tverrfaglege artiklar

Av Lars Nyre, professor i medievitskap og Bjørnar Tessem, professor i informasjonsvitskap, Universitetet i Bergen

Publisert 16. september 2019 kl. 15:39

Tre tidsskrift avviste studien fordi den var for tverrfagleg. Til slutt måtte dei ofre publiseringspoenga, skriv Lars Nyre og Bjørnar Tessem.

Lars Nyre er professor i mediedesign, journalistikk og teknologi, Universitetet i Bergen. Foto: UiB

Tverrfagleg samarbeid får mykje positiv omtale. Humanistar må jobbe saman med teknologar for å løyse dei store samfunnsutfordringane, seier til dømes Forskingsrådet. Men enkelt er det ikkje!

Det er nemleg svært vanskeleg å få publisert tverrfaglege artiklar i anerkjende tidsskrift, og utan publisering vert samarbeidet svekt. Her skil vi mellom tverrfagleg dialog, til dømes på seminar og konferansar, og tverrfagleg publisering. Konferansar kan vere opne og inkluderande, medan fagfellevurdert publisering i hovudsak er lukka og ekskluderande.

Bjørnar Tessem, professor i informasjonsvitskap, Universitetet i Bergen. Foto: UiB

Eit manuskript som prøver å sameine to ulike fagområde, står i fare for å verte refusert på prinsipielt grunnlag.

Vi arbeider innanfor medievitskap og informasjonsvitskap, og har opplevd kor vanskeleg det er å få publisert forsking som bringer inn sentrale perspektiv frå begge desse faga i ein og same studien.

Konferansar kan vere opne og inkluderande, medan fagfellevurdert publisering i hovudsak er lukka og ekskluderande

Blokkerer tverrfagleg forsking

Dei etablerte tidsskrifta vurderer manuskript ut frå hevdvunne teoretiske og metodiske kriterium. Fagfellane har ekspertise på eitt slikt område og vil vanlegvis gje ei negativ vurdering av tverrfaglege manus fordi dei ikkje følgjer norma frå den eine eller den andre disiplinen.

Det går gjerne greitt å vere tverrfagleg i nærskylde fagområde der slike dilemma ikkje gjev så stort utslag. Det kunne til dømes gjelde samarbeid mellom sosiologi og sosialantropologi, eller litteraturvitskap og medievitskap.

Sarah Byrne var doktorgradskandidat med eit tverrfagleg prosjekt ved Imperial College London, og ho skreiv eit stykke i The Guardian i 2014 der ho beklaga seg over barrierar som blokkerer publisering av tverrfaglege studiar. «Many of us will be familiar with the frustration of submitting papers to subject-specific journals when our work is perceived as lacking the required impact in any one discipline or applying to present at conferences where it’s simply not understood.»

Følgjer ikkje norma

Vi har opplevd denne frustrasjonen i samband med ein studie som kombinerer medievitskap og informasjonsvitskap. Vi intervjua brukarar av støydempande øyretelefonar i London i 2013, og skreiv eit manuskript med tittelen «The perceptual mechanics of noise-cancelling headphones». Studien vart fyrst avvist av New Media and Society, deretter av Human Technology og til slutt av Sound Studies.

Vi anerkjenner at studien er krevjande å vurdere. Vi gjer ein fenomenologisk analyse av lytteopplevingane til informantane, og frå dette utviklar vi matematiske uttrykk for korleis støydempande øyretelefonar strukturerer perseptuell oppleving. Uttrykka gjeld generelt, og viser det vi kallar øyretelefonane sin mekanikk.

Uttrykka er meint å danne grunnlag for vidare utforsking av tekniske løysingar for øyretelefonar baserte på kunstig intelligens, og det overordna føremålet er å gjere lyttarens oppleving av radio, musikk og podkasting meir sensitiv og meiningsfull i bråkete og stressande situasjonar.

For tverrfagleg

Dei tre tidsskrifta avviste studien av omtrent same grunnar; dei oppfatta han som for tverrfagleg. Det var for stor avstand mellom dei fagfelta som var involverte, og tidsskrifta klarte ikkje å finne fagfellar.

Dei som vart spurde, torde ikkje å vurdere studien fordi dei følte at dei mangla kompetanse enten på det eine eller det andre feltet. Ingen av fagfellane sa at argumentet var så dårleg at det ikkje kunne publiserast av den grunnen.

Vi skjønar at fagfellane ikkje er vonde aktørar som forsøker å sabotere tverrfagleg forsking, dei berre følgjer konvensjonen i tidsskriftkulturen. Fagfellar har vanskeleg for å akseptere forskingsarbeid der forfattarane ikkje har full kontroll på metodane og teoriane som gjeld på fagfellane sitt ekspertområde, og redaktørane vil ikkje utfordre denne konvensjonen.

Vi er neppe åleine om å ha slike erfaringar. Vi ynskjer å synleggjera dette dilemmaet, og håper at fagfellar og redaktørar vil reflektere over praksisen sin og finne løysingar som kan gjere tverrfagleg publisering lettare. Det kan på sikt føre til større produktivitet og betre resultat innanfor tverrfaglege forskingsprosjekt.

Dersom vi skulle prøvd eit fjerde eller femte tidsskrift, kunne det tatt endå fleire år å få han på trykk

Publisering utan poeng

Vi trur den tverrfaglege studien vår kan vere fagleg interessant for medievitarar og informasjonsvitarar trass i at han vart avvist av tre tidsskrift, og vi har no publisert studien på den frittståande akademiske nettstaden TekLab. Tittelen er «The perceptual mechanics of noise cancelling headphones». Dersom vi skulle prøvd eit fjerde eller femte tidsskrift, kunne det tatt endå fleire år å få han på trykk, og vi ofrar publiseringspoenga for å gjere han offentleg tilgjengeleg.

Alle som vil, kan oppføre seg som fagfellar og gje oss kritikk og andre kommentarar på e-post eller i kommentarfeltet på TekLab.

Les mer: