Digitale læremiddel: – Institusjonane er lite interesserte og lite støttande
LUKK

Digitale læremiddel: – Institusjonane er lite interesserte og lite støttande

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 8. april 2022 kl. 14:04

Alle vil ha meir digital undervising, men professor Arne Krokan saknar støtte frå leiinga til å gjere noko meir enn å leggje ut videoar på nett.

– Fram til no har ein tenkt mest på at digitale læringsressursar skal vere enkle å handtere for universitetet, men mindre på korleis dei blir opplevd av dei som skal bruke dei, seier Arne Krokan, professor ved Institutt for industriell økonomi og leiing ved NTNU.

I eit innlegg i Forskerforum i mars etterlyste Krokan ein nasjonal infrastruktur for publisering og deling av digitale læremiddel, og tydelege insentiv for å utvikle dei. Krokan har i mange år laga nettbaserte «læringsdesign» på eige initiativ, først og fremst til bruk i etter- og vidareutdanning for tilsette i næringsliv og offentleg sektor. Han ser ei rad barrierar som hindrar fleire å i gjere som han.

Teknikk og pedagogikk

– Erfaringa er at det tek meg tre månader å utvikle eit emne. Det skal skrivast tekstar tilsvarande ei lita bok, det skal spelast inn videoar og lagast oppgåver. Så skal dette publiserast på ei plattform, fortel han.

Sjølv brukar han Open edX, ei plattform opphavleg utvikla av amerikanske Harvard og MIT (Massachusetts Institute of Technology), som er open og gratis tilgjengeleg for andre utdanningsinstitusjonar.

– Visingssidene er responsive, slik at både tekst og bilete blir tilpassa skjermen du ser dei på. Dersom du kopierer tekst frå eit Word-dokument, får du med deg formateringskodar som påverkar visinga av innhaldet. Det vil seie at du må ha innsikt i markeringsspråket HTML, seier han.

Beherskar ein ikkje teknologien sjølv, må ein ha nokon til å hjelpe seg med å leggje inn innhaldet. Har ein lite erfaring med pedagogisk og digital læringsdesign, treng ein hjelp til det også, peikar han på.

– Korleis skal ein formulere oppgåver, til dømes? Eg brukar mellom anna ordskyoppgåver, som eg lagar gjennom ei tredjepartsteneste. Ofte legg eg også inn spørjeundersøkingar eller andre typar skjema, også gjennom tredjepartstenester, og då må det skje på ein måte som hentar skjemaet inn i systemet slik at ein ikkje treng å gå ut av systemet for å fylle inn skjemaet.

Eige tv-studio

Sjølv har han investert i studioutstyr, miksebord, mikrofonar og kamera slik at han kan spele inn videoar med fleire kameravinklar og utsnitt.

– Det blir ein tv-produksjon, noko heilt anna enn opptak av ei forelesing i eit auditorium.

Han meiner kostnadane ved å investere i slikt utstyr er for små å rekne samanlikna med kostnadane ved å undervise dei same grunnemna igjen og igjen for eit par hundre menneske i ein førelesingssal.

– Men vi manglar teknologien, og vi manglar støtteapparatet og folk som kan drive med læringsdesign. Eg har heile tida gjort alt sjølv, på eige initiativ. Eg opplever at leiarar ved institusjonane er lite interesserte og lite støttande. Det finst ingen insentiv til å arbeide slik eg gjer.

Treng involverte leiarar

Leiarar som helst vil halde avstand til det konkrete arbeidet med digitale læreverk, er ein av dei største barrierane mot å få realisert dei, meiner Kari Gerhardsen Vikestad, studieleiar ved radiografutdanninga ved Oslomet.

– Men som leiar kjem du til å be undervisarar bruke digitale læringsressursar, og då er det viktig at du veit kva du ber om, seier ho.

Vikestad peikar på at institusjonane har mykje å hente på å lage og dele digitale læreverk i grunnleggjande emne som blir tilbydd fleire stader. Ho minner om at slike læreverk er noko anna enn å ta i bruk eitt og anna digitalt verktøy i undervisinga.

– Under pandemien var det mange som var på leit etter ulike digitale verktøy, til dømes kvissverktøy, som dei kunne bruke i undervisinga. Men eit læreverk skal innehalde alle ressursane du treng for å kunne bestå eksamen i emnet, organisert i rekkjefølgje så ein kan gå systematisk igjennom dei. Det er viktig at ingenting blir forandra undervegs. Læreverket må vere det same kvar gong du opnar det. Det krev planlegging, for alt må vere klart ved semesterstart.

Men ein skal ikkje undervurdere utviklingsarbeidet som skal til, og det krev god leiing og planlegging, hevdar ho.

– I den augneblinken vi snakkar om læreverk, ligg det jo i sakas natur at det er tid- og ressurskrevjande. Det må ein anerkjenne. Vi har no ei ordning med meritterte undervisarar, og eg meiner slikt arbeid som dette bør vere meritterande.

Endringsmotstand

Ho fryktar derimot ikkje at digitale læreverk vil føre til at undervisarane blir overflødige.

– Då vi laga vårt første emne, spurde vi oss sjølve kva vi ville med digitaliseringa. Og det vi ville, var å bruke meir tid saman med studentane. Tradisjonelt bind ein opp svært mykje av studentane si tid i ein modell med to gonger førtifem minutt forelesing og kanskje nokre spørsmål på slutten. Men dersom dei allereie har høyrt forelesinga før dei møter opp på campus, kan vi i staden bruke den tida til annan type trening eller til kommunikasjon med pasientar. Det frigjer så mykje tid.

Arne Krokan meiner motstanden mot endring er stor. Sjølv om det er mykje snakk om digitalisering av undervising, spesielt med pandemi-nedstenginga friskt i minne, kokar det oftast ned til å leggje ut opptak av førelesingar eller inkludere digitale verktøy – ikkje det han kallar læringsdesign. Etter- og vidareutdanning er eit felt som er fort gjort å sette ut til eksterne, kommersielle leverandørar dersom det ikkje finst insentiv for at tilsette i UH-sektoren utviklar dette sjølve, meiner han.

– Men eg meiner vi treng livslang læring på norsk, tilpassa ein norsk samanheng, som speglar norske verdiar og tek vare på norsk akademisk språk. Då må vi gjere det sjølve.

Les også: