– Ein bevisst politikk å dytte administrative oppgåver over på vitskapleg tilsette
LUKK

– Ein bevisst politikk å dytte administrative oppgåver over på vitskapleg tilsette

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. mai 2019 kl. 08:26

NTNU-professor Per-Olof Åstrand fekk så mange administrative oppgåver at han måtte trekke seg som studieprogramleiar. – Det er openbert at leiinga ser på tida til vitskapleg tilsette som gratis, seier han.

– Hadde eg ikkje trekt meg frå vervet no, hadde eg blitt sjukmeldt, seier Per-Olof Åstrand, professor ved Institutt for kjemi ved NTNU. Fram til 1. april var han studieprogramleiar ved Fakultet for naturvitskap, ei oppgåve han skulle hatt i fire år. Men etter halvtanna år gav han beskjed til dekanen at han måtte trekke seg.

Åstrand skulle ha det faglege ansvaret for eit studieprogram, og denne jobben skulle han utføre i 20 prosent av arbeidstida. Men Åstrand fekk ikkje hjelp med dei administrative oppgåvene.

– Mange av oppgåvene kunne vore utført av eit administrativt støtteapparat, men den støtta fanst ikkje. I periodar måtte eg bruke all tida mi på dette vervet for å få ting ferdig i tide. I tillegg har eg ein professorstilling med undervisning, rettleiing og forsking, som også skal fungere, seier han.

Fakta
<

Åstrand trur det er ein bevisst politikk å legge stadig fleire administrative oppgåver på studieprogramleiarane.

– I staden for å effektivisere eller prioritere mellom dei administrative oppgåvene, blir oppgåvene dytta over på dei faste vitskaplege. Det er openbert at leiinga ser på tida til vitskapleg tilsette som gratis, seier Åstrand.

Han presiserer at denne kritikken ikkje er retta mot enkeltpersonar.

– Flyttar oppgåver til vitskapleg tilsette

Som følgje av ABE-reforma som vart innført i 2015 (sjå faktaboks) har statlege institusjonar vorte pålagde årlege kutt i budsjettet.

– Meir enn ein milliard kroner er kutta berre i UH-sektoren sidan 2015, og dette utgjer svært mange administrative stillingar. Oppgåvene blir ikkje borte, men blir i staden flytta over til vitskapleg tilsette. Det er urealistisk å tru at dette ikkje går ut over den faglege aktiviteten, seier Kristin Dæhli, som er lokal tillitsvald ved NTNU og nestleiar i Forskerforbundet sentralt. 

Ho meiner det Åstrand har opplevd, er eit godt eksempel.

– Kutt i administrasjonen kan ramme fagtilsette indirekte ved at viktige støttefunksjonar ikkje blir erstatta, seier Kristin Dæhli.

– I tillegg til det faglege ansvaret må studieprogramleiarane også utføre administrative oppgåver som tidlegare vart utført av studierettleiar eller andre i administrasjonen. Desse oppgåvene kjem for mange i tillegg til full forskings- og undervisningsplikt. Vi ser at det fleire stader ved NTNU er blitt vanskelegare å få folk i vitskaplege stillingar til å ta på seg fagleg leiing, sjølv om dei får økonomisk kompensasjon for desse ekstraoppgåvene, seier Dæhli.

Har fått store tilleggsoppgåver

Ved NTNU kom ABE-kuttet samtidig med omorganiseringa etter fusjonen, og i tidsrommet 2016-17 vart administrasjonen ved NTNU redusert med heile sju prosent. Øyvind Weiby Gregersen er dekan ved Fakultet for naturvitskap, der Åstrand tidlegare var studieprogramleiar.

– I samband med fusjonen og det store ABE-kuttet ved NTNU måtte også vårt fakultet gå ned i administrativ kapasitet. Men dei to siste åra har vi auka administrasjonen med om lag ti prosent. Vi er likevel klar over at vi ligg lågt, og jobbar med å auke den administrative kapasiteten framover, seier Gregersen.  

– Dei to siste åra har fakultetet hatt ein auke i administrasjonen på ti prosent, seier Øyvind Gregersen. Foto: Thor Nielsen / NTNU

Dekanen fortel at det har kome store tilleggsoppgåver for studieprogramleiarane, blant anna i samband med reakkreditering av studieprogramma.

– Den kneika har vore strevsam for mange, seier han.

– Ikkje ein bevisst politikk

Men Gregersen er ikkje einig med Åstrand i at fakultetet prøver å dytte stadig fleire administrative oppgåver over på dei vitskapleg tilsette.

– Eg er heilt ueinig i at dette er ein bevisst politikk. Ein professor har gjennomsnittleg mykje høgare lønn enn ein administrativ tilsett, så det er ein dyr og lite effektiv måte å drive butikken på. Men ein god del av programleiarrolla må gjerast av folk som har pedagogisk og vitskapleg innsikt. Den jobben kan vi ikkje setje ut til ein studiekonsulent, seier Gregersen.

Hundre stillingar forsvann

Organisasjonsdirektør Ida Munkeby ved NTNU seier det blant anna vart gjennomført kunngjeringsstopp for administrative stillingar i perioden 2016-17.

– Meir enn hundre stillingar forsvann, men vi klarte å unngå oppseiingar, seier ho.

Ifølgje Munkeby er NTNU i år i ferd med å styrke bemanninga på nokre område, det gjeld blant anna EU-rådgjeving og studieadministrasjon.

– Men det verkar som om ABE-kuttet har kome for å bli. Difor må vi sjå på andre område for innsparingar, ikkje berre for administrative stillingar. Det må vere eit administrativt støtteapparat rundt kjerneverksemda vår, og vi kan ikkje ta ned kapasiteten så mykje at det går ut over arbeidsmiljøet eller at vi påfører dei vitskaplege nye administrative oppgåver.


Vil sjå på administativ støtte


– Vi må sjå på andre område for innsparing, ikkje berre for administrative stilingar, seier Ida Munkeby. Foto: Åge Hojem

Munkeby seier det varierer kor mykje administrasjon som blir lagt til rolla som studieprogramleiar.  

– Dette er eit fagleg verv, men det er ein del administrasjon knytt til stillinga. Vi er klar over at dette kan gje ein del utfordringar, og difor har vi tenkt å gå gjennom den administrative støtta kring rolla som studieprogramleiar. Vi er opptekne av korleis vi skal handtere ABE-reforma, og om kuttet påfører dei vitskapleg tilsette for mange administrative oppgåver. Vi har ikkje detaljert oversikt, men på ein del område har vi for lite administrativ kapasitet, seier ho.

Åstrand synest synd på dei som sit i tilsvarande verv ved NTNU og som ikkje maktar å seie frå, slik han har gjort.

– Mange er ganske unge førsteamanuensar som kanskje jobbar med å bli professorkvalifiserte, men som slit seg ut på slike verv. Ikkje alle har pondus nok til å seie frå om at «no er det nok», seier han.

Les også: