Éin forskar slutta å ete kjøt. Ein annan begynte med stressmeistring. Det vi veit, kan påverke kven vi er.
LUKK

Éin forskar slutta å ete kjøt. Ein annan begynte med stressmeistring. Det vi veit, kan påverke kven vi er.

Av Silje Pileberg

Publisert 13. januar 2022

Arbeidsdagen er omme. Du lukkar døra til kontoret. Men i kva grad tar du med deg det du lærer, inn i resten av livet ditt? Vi har spurt fire forskarar om korleis fagkunnskapen deira pregar dei i kvardagen.

Allereie i starten av studia i ernæring merka Karianne Svendsen at ho vart påverka.

– Eg innsåg at eg måtte lære meg å like brokkoli og spinat, seier Svendsen, som no er postdoktor ved Kreftregisteret og forskar i ernæring ved Universitetet i Oslo. I dag er ho bevisst på kva ho et. Ho trenar også. For ho har sett, både i litteraturen og i møte med studiedeltakarar, kva ein sunn livsstil kan bety for helsa.

Karianne Svendsen på tur med hunden. Foto: Erik Norrud

Willy Pedersen reduserte sitt eige alkoholkonsum, men prøver kanskje ein joint i New York

Sosiologiprofessor Willy Pedersen opplevde han tidleg at alkoholmisbruk fekk store konsekvensar for folk han kjende godt. Han opplevde at fuktige lag med venner kunne bli ubehagelege, og han begynte å redusere sitt eige konsum. 

Willy Pedersen har redusert alkoholforbruket og slutta med festrøyking, men han har ikkje kutta alle rusmiddel. – Eg meiner ikkje at eg skal vere eit personleg førebilete. Men når eg blir spurt, er det heilt greitt å svare, seier han.
Foto: Silje Pileberg

Ifølge Pedersen tyder mykje forsking på at cannabis er noko mindre skadeleg enn alkohol.

– Neste gong eg er i New York, kan eg kanskje tenkje meg å prøve ein mild joint. Dei har nettopp legalisert.

– Hadde vi starta på nytt, trur eg mange hadde definert alkohol som illegalt, seier han.

Professor Kristin Linnerud brenn for rettferd 

Kristin Linnerud vaks opp med foreldre som tok vare på tinga sine, og som ofte tok henne med ut i naturen. Ho trur at dette har hatt mykje å seie for haldningane hennar.

– Vi blir gjerne litt makteslause i det daglege. Men gjer vi oss gjeldande som gruppe, kan vi gjere ein skilnad, seier Kristin Linnerud.
Foto: Erik Norrud

Ho har jobba i finansnæringa og gassektoren og hatt styreverv i kraftselskap og industri. Så vart ho klimaforskar. I dag er ho professor i fornybar energi ved NMBU. Djupt inni seg brenn ho for rettferd. – Viss det er eitt ord som speglar berekraft, er det rettferd: rettferd mellom dei som lever i dag, og dei som kjem etter, mellom dei rike i verda og dei fattige, mellom oss menneske og alt anna levande liv. Der har vi nokre svake stemmer. 

Ragnhild Sollund slutta å ete kjøt

I med prøveforelesninga til doktorgraden las kriminolog Ragnhild Sollund mange tilsynsrapportar frå norske slakteri. Då slutta ho å ete kjøt.

– Eg kunne jo ikkje halde fram.

Ragnhild Sollund fekk avsmak på kjøt då ho las tilsynsrapportar frå norske slakteri. – Dei fleste trur at dyr i Noreg har det bra. Det er svært ofte ikkje tilfelle, seier ho. Foto: Anniken C. Mohr / Klassekampen

Ho er opptatt av å leve rett på fleire område også. 

– Men eg kjenner på meg sjølv kor vanskeleg det er å handle moralsk. Samtidig tenkjer eg at viss alle gjer litt, vil det samla utgjere ganske mykje.

– Forskarar har eigd, erfart og følt kunnskapen?

Korleis påverkar kunnskap oss. Ifølgje økofilosof og professor Per Ingvar Haukeland ved Universitetet i Sørøst-Norge er det eit tydeleg samspel mellom kunnskap og handling. Begge deler formar kvarandre, meiner han.

Per Ingvar Haukeland

I studiar av handverkarar har han sett at dei tileignar seg kunnskap gjennom handling. Dei skaper noko, og kunnskapen aukar. Slik er det med forskarar òg, meiner han.

– Forskarar har eigd, erfart og følt kunnskapen på kroppen gjennom handlingar og slik fått eit sterkare band til han enn dei som får fruktene av han servert på TV. Då er det naturleg at dei blir meir prega.

Å bli rørt

Nokre gonger ventar vi at vitskapen skal endre åtferda vår, utan at det skjer. Viss ein person held fram med å røyke, trass kunnskap om skadeverknadene, kan det ifølgje sosialpsykologen Leon Festinger oppstå kognitiv dissonans: ein ubehageleg tilstand som vi gjerne strevar etter å redusere, til dømes ved å bagatellisere risikoen.

Haukeland trur dessutan at kunnskap kan opplevast fjern frå våre levde liv fordi han ikkje rører ved oss. For forskarar som er merksame på den handlingsborne kunnskapen i sitt felt, er det annleis, meiner han.

– Det same gjeld om ein blir kjend med kunnskapen gjennom ei forteljing. Forteljingar kan røre ved menneske. Det er eit tett band mellom den som fortel og den som blir fortalt. Det å lytte og lese er handlingar som formar kunnskap, som igjen kan skape endra handlingar.

Kunnskap og emosjonar

Også Jan-Ole Hesselberg, psykolog og programsjef i Stiftelsen Dam, trur at ein som forskar på eit felt, blir meir bevisst på dette i åtferda si.

– Det ville ikkje overraske meg. Kunnskap byggjer motivasjon. Men åtferdsendring krev også at vi blir emosjonelt aktiverte. Dess meir involvert du blir, både i form av rasjonelle argument og emosjonell aktivering, dess større sannsyn er det for at åtferda endrast, seier han.

Men åtferda vår blir også påverka av ytre faktorar, legg han til, som kva dei rundt oss gjer og kor godt tilrettelagt samfunnet er for åtferdsendring.

Les også: