Forskarar og studentar står i eit krysspress
LUKK

Framtidas utdanning:

Forskarar og studentar står i eit krysspress

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 15. september 2023 kl. 09:51

Kva slags kompetanse treng Noreg for framtida? – Vi blir trekte i mange retningar, seier dekan ved Høgskulen på Vestlandet.

Høgare utdanning skal både sikre behovet arbeidslivet har for arbeidskraft og bidra til grøn omstilling, er den tydelege beskjeden frå styresmaktene. Samtidig skal lærestadene konkurrera om å tilby utdanningar som svarar på studentane sine ønske og interesser, og gi arbeidslivsrelevans.

Men kva når studentane sviktar viktige profesjonar som lærar og sjukepleiar? Kva når bedriftene ber om utdanningar tilpassa akkurat deira situasjon? Og korleis skal ein medverke til det grøne skiftet oppi det heile?

Høgskulen på Vestlandet (HVL), som utdannar kandidatar innan et breitt spekter, frå skule- og helsesektoren i tillegg til ingeniørfag, økonomi og leiing, merkar godt dette krysspresset. Vi spurde folk i ulike roller ved HVL om kva dei tenkjer om det.

Dekanen:

Dekan Jens Kristian Fosse ved Fakultet for ingeniør og naturvitskap, Høgskulen på Vestlandet. Foto: Eivind Senneset, HVL.

Jens Kristian Fosse er dekan ved fakultetet for ingeniør- og naturvitskap, som frå nyttår skal slåast i hop med fakultetet for økonomi og samfunnsvitskap, framleis under leiinga til Fosse.

– Vi blir trekte i mange retningar, seier han.

– Ser vi på utdanningane som no blir samla, er det nye årsstudiet i digital økonomi og leiing kjempepopulært. Skal vi tilpasse oss studentane sine ønske, er det ein vinnar. På ingeniørsida har vi nokre år hatt problem med å fylle studieplassane. Og forventingane frå regionen til at vi skal levere arbeidskraft innan ingeniørfag og teknologi, er veldig høge.

Ingeniørfag er trekte fram som ein flaskehals i det grøne skiftet, og er samstundes fag som følgjer konjunkturane tett, fortel han.

– Difor er det viktig at arbeidslivet synleggjer behovet dei har for denne kompetansen, og gjev tryggleik til dei som vel utdanning. Samstundes ser vi at studentar no er opptekne av å kunne gå til ein jobb som bidreg til noko større.

Ifølgje Fosse står ingeniørfaga i ei spenning mellom å vere i forkant med å byggje opp nye spesialiserte teknologimiljø og å snu seg etter utviklinga i arbeidslivet.

– Vi høyrer det er stort behov for nye ingeniørfag som havvind og batteriteknologi. Men vi ser også at dei etablerte studia, som elektro- og maskinfag, står seg godt i det grøne skiftet. Vi har valt å heller styrkje dei etablerte ingeniørdisiplinane og integrere nye fag i dei gamle.

Studentane:

Masterstudentar i ansvarlig innovasjon og bærekraftig verdiskaping. Bak f.v: Katrine Winterseth, Emilie Hemsett. Foran f.v: Sara Nielsen, Thomas Solberg Irgens, Marie Johansen. Foto: Paul S. Amundsen.

Katrine Winterseth, Emilie Hemsett, Sara Nielsen, Thomas Solberg Irgens og Marie Johansen er alle halvvegs i masterutdanninga i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping.

Er valet basert på rein interesse, eller på signal frå samfunnet rundt?

Eg opplever at vi alle er interesserte i innovasjon, men vi veit jo at det er behov for grøn omstilling, seier Winterseth.

Vi har alle ingeniørbakgrunn, men for min del ville eg ikkje berre drive koding, eg ville ha det store biletet. Kva er det bedrifter treng, og korleis kan vi gjennomføre det? seier Irgens.

Klassen har ei god blanding av studentar som vil starte eiga bedrift, og dei som vil ta tankane om ansvarleg innovasjon med ut i etablerte arbeidsplassar, fortel dei.

Vi som er teknisk orienterte, er vande med at eit problem har eit svar med to strekar under. No tenkjer vi annleis, stiller spørsmål ved utgangspunktet, går tilbake og raffinerer problemstillinga og prøver på nytt, seier Nielsen.

Og vi har lært at sjølvtillit er ein viktig suksessfaktor, seier Irgens.

– Er målet å skape det framtidssamfunnet de ønskjer dykk?

– Ja, seier Hemsett, som allereie driv ei bedrift for reparasjon av klede. Winterseth ønskjer å bidra til eit betre arbeidsliv: 

– Eg er byggingeniør, og vi veit det trengst store endringar i byggjebransjen. Det vil eg vere med på.

Senterleiaren:

Senterleiar Stig Erik Jakobsen ved Mohnsenteret. Foto: Paul S. Amundsen.

Stig Erik Jakobsen er professor i innovasjonsstudium og leier Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling.

– Vi ser store samfunnsutfordringar på alle kantar, difor vil vi at fagmiljøet vårt i innovasjon skal ha ein normativ dimensjon, seier han.

Mohnsenteret ligg til fakultetet for ingeniør- og naturvitskap og merkar godt forventingane frå næringslivet i regionen.

– Dei vil gjerne ha utdanningar tilpassa deira behov, men vi skal ikkje vere ein fagskule, og vi må vere varsame med å lage for spesialiserte utdanningar.

Seinare på dagen skal Jakobsen ha si første førelesing for dei nye masterstudentane i ansvarleg innovasjon.

– Då kjem eg til å snakke om at innovasjon både har ei solside og ei skuggeside. Eg merkar at studentane er utruleg opptekne av ansvarlegheit, samfunnsutfordringar og grøn omstilling. Samstundes er det prosessar som verkar motsett: Oljeskattepakka frå regjeringa set regionen langt tilbake.

Skatteletta oljeindustrien fekk under pandemien, har gjort at mange underleverandørbedrifter som HVL samarbeidde med om grøn omstilling, no heller prioriterer oppdrag frå olje- og gassindustrien, fortel han.

– Det uroar meg, og det er ikkje lett å sjå kva vi som utdanningsinstitusjon kan gjere med det.

Forskaren:

Stipendiat Frida Olsen Engedahl. Foto: Paul S. Amundsen.

Frida Olsen Engedahl er stipendiat og forskar på HVL si satsing på studententreprenørskap, HVL Skape. Det er eit rettleiingstilbod til alle studentar som vil vere entreprenørar på fritida.

– Ph.d.-prosjektet mitt går ut på å sjå om HVL Skape er det tilbodet studentane har bruk for. Korleis kan universiteta leggje opp organisasjonsstruktur og -kultur for å støtte ansvarleg studententreprenørskap utanfor klasserommet? seier Engedahl.

HVL Skape rettar seg mot alle studentar uansett studium.

– Det er alltid ein del som vil starte teknologiselskap og leve «startup»-livet i Silicon Valley. Men mange kjem no med personlege historier bak ideen sin, dei har kanskje hatt utfordringar med helse eller med møte med det offentlege og vil finne løysingar. Dei kjem til HVL Skape for å få verkemiddel og for å høyre om ideen er liv laga.

Ansvarleg innovasjon skal ta omsyn til sosiale, etiske og miljømessige mål i tillegg til dei økonomiske. Det kan vere overveldande for studentane, fortel ho.

– Støtteordningane har hatt mest fokus på eksport og inntening, og vi har heller ikkje konkrete rettleiingsverktøy for ansvarleg innovasjon. Det skal eg finne ut av i ph.d.-prosjektet.

Rektoren:

Rektor Gunnar Yttri meiner HVL på fleire måtar har greidd å svare godt på forventingane frå omverda.

– Vi byggjer til dømes inn berekraft og digitalisering i alle utdanningsprogram. Den store utfordringa no er forholdet mellom kva studentane etterspør, og behova til samfunnet. Rekrutteringa til særleg lærarutdanning, men også sjukepleie, er dårleg. Trass i fleire tiltak har vi ikkje greidd å snu trenden, seier han.

Å auke rekrutteringa til dei store, samfunnsberande utdanningane er ein viktig del av HVLs mandat, som han ikkje ser noka enkel løysing på.

– Vi må også syte for at dei som faktisk vel utdanningane, blir følgde godt opp og kjem inn i gode utdannings- og fagmiljø.

Mangel på arbeidskraft må mellom anna møtast med nyskaping, meiner han.

– Vi har eigne fagmiljø for innovasjon og entreprenørskap, og vi har HVL Skape, der studentar kan utvikle idear som kan svare på behov i samfunnet. Kandidatane våre skal ikkje berre gå ut i arbeidslivet, men forme og skape det, seier han.

– Frå helse- og lærarutdanningane vil mange gå til offentleg sektor, og då handlar nyskaping ikkje så mykje om å skape nye arbeidsplassar, men om å utnytte ressursane best mogleg. Vi ser at ressursdisponering, anten det er snakk om materiale, økonomi eller tid, blir viktigare for at samfunnet skal fungere.

  • Les også: