– Frustrerande å ikkje få tilgang til data
LUKK
Annonse
Annonse

– Frustrerande å ikkje få tilgang til data

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 12. april 2018 kl. 11:33

Mange snakkar om dei norske helseregistera som forskingsgullgruva vår, men informasjonen ligg nedgraven i byråkrati. Ventetida for å få data ligg langt over dei lovbestemte fristane.

– Det er eit kaos utan like. Det sit juristar overalt og overprøver kvarandre og tolkar reglane på kvar sin måte, seier Trond Riise, professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen (UiB). Han er midt i ei lang forklaring på korleis han gjekk fram for å få utlevert data frå helseregister til bruk i eit forskingsprosjekt.

Runddans i systemet

– Vi sende først søknad om konsesjon til Datatilsynet, det var i 2012. Så fekk vi beskjed om å søke godkjenning hos den regionale etiske komiteen, sjølv om eg allereie hadde vore i kontakt med dei og fått beskjed om at det ikkje var nødvendig ettersom vi ikkje skulle bruke personidentifiserbare data. Men Datatilsynet sa vi måtte, så då gjorde vi det. Etter eitt år fram og tilbake slik kunne vi endeleg byrje å søke om utlevering frå dei aktuelle registera, fortel Riise.

Saman med kollegaer i USA og Noreg brukte han data frå det norske reseptregistret til å vise at personar som fekk utskrive ein spesiell astmamedisin, var mindre tilbøyelege til å utvikle Parkinsons sjukdom enn andre. Resultata vart publiserte i Science i fjor haust, fem år etter at dei byrja å søke om data. Ein leiarartikkel i same tidsskriftet peika på reseptregisteret som ein fantastisk forskingsressurs.

– Etterpå er vi blitt kontakta av forskarar frå heile verda som gjerne vil samarbeide med oss om å undersøke effektar av ulike legemiddel ved hjelp av opplysingar i helseregistera våre. Det er ille å måtte seie nei fordi det er så vanskeleg å få tilgang til data, seier Riise.

– Sverige og Danmark har organisert helseregistera sine på enklare måtar, og dei greier likevel å ta vare på personvernet, seier Trond Riise. Foto: Paul Sigve Amundsen

Alt blir registrert

Historia om dei norske helseregistera er på papiret ei solskinshistorie om ein liten og velorganisert nasjon med ei homogen befolkning som gjerne gjev frå seg helseopplysingar i tillit til at dei blir forvalta rett, og til at dei vil føre til betre helsebehandling. Vi registrerer fødslar og dødsfall, vaksinasjonar og utbrot av smittsame sjukdommar, førekomstar av kreft, sjukehusinnleggingar og kven som får kva medisinar – for å nemne noko.

– Datamengdene ligg der rett framfor nasen på oss, det er berre så vanskeleg å få tak i dei, seier førsteamanuensis i helseøkonomi ved Universitetet i Oslo (UiO), Hans Olav Melberg. Han brukte helseregisterdata i doktorgradsprosjektet sitt om kostnad og nytte knytt til rusbehandling, og har halde fram med det fordi dei gjev mykje informasjon.

Helseregistera er oftast etablerte for føremål som behandling, kvalitetsforbetring eller beredskap, men opplysningane i dei er openbert verdifulle for forsking og næringsutvikling. Tal frå OECD viser at Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld innsamling og forvalting av helsedata.

– Du kan ikkje byrje stipendperioden med å søke

– Det finst så mange utruleg gode kjelder til data: Vi har dei lovbestemte nasjonale registera, og dessutan nær seksti nasjonale medisinske kvalitetsregister som er lagde til sjukehusa, og som samlar informasjon om diagnostikk og behandling av særskilde sjukdomsgrupper. Vi har biobankar og store folkeundersøkingar som Den norske mor og barn-undersøkinga og Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag. Desse ressursane blir stadig viste til som Noregs forskingsgullgruve, seier Christian Jonasson, forskar ved NTNU og knytt til HUNT forskingssenter, som har ansvar for nettopp dei store helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT).

– Datamengdene ligg der rett framfor nasen på oss, det er berre så vanskeleg å få tak i dei, seier Hans Olav Melberg. Foto: NTB scanpix

– Men datakjeldene blir forvalta av ulike aktørar. Vil ein utføre litt spenstig forsking, treng ein å kople data frå fleire kjelder. Og registereigarane tolkar ofte regelverket ulikt. Nokre gonger må vi justere søknaden undervegs for å oppfylle vilkåra for å få tilgang til datasetta, og då må vi ut på ein ny runde med å søke hos alle dei andre. Er du stipendiat, bør datasetta allereie ligge klare til deg, du kan ikkje byrje stipendperioden med å søke. Då får du ikkje datasetta før du skal vere ferdig.

Sjølv er Jonasson mellom anna med i eit nordisk forskingsprosjekt der målet er å sjå på effektar av visse nye legemiddel mot diabetes. Det finst indikasjonar på at desse medisinane også har ein førebyggande effekt mot hjarte- og karsjukdommar, i tillegg til andre potensielle effektar, både gunstige og ugunstige. Forskarane ville undersøke om det stemte ved å sjå på ulike utfall hos dei som har fått skrive ut slike medisinar i Noreg, Sverige og Danmark.

– Vi søkte om tilgang til registerdata i alle dei tre landa hausten 2016. Danskane fekk data utlevert i juni 2017, svenskane i august 2017. Vi fekk søknaden juridisk godkjend i desember, og no ventar vi på den tekniske tilrettelegginga. Forskingsprosjektet må altså starte opp utan oss, og det vil bli publisert frå datasetta frå Sverige og Danmark i første omgang, seier Jonasson.

Langvarig problem

Erfaringa hans er at skoen trykkjer fleire stader – både når det gjeld organiseringa, det juridiske og teknologien.

– Men gjennom Helsedataprogrammet er det i alle fall ting på gang, seier han.

Det er nemleg ikkje slik at vanskane med å få utnytta helseregistera i forsking er eit problem av ny dato, tvert imot: Det er godt og vel 20 år sidan den første offentlege utgreiinga om dette temaet vart levert. For ti år sidan sette regjeringa i gang eit arbeid med å modernisere og samordne dei viktigaste helseregistera, eit arbeid som førte til ein nasjonal helseregisterstrategi og fleire handlingsplanar.

I 2017 vart det såkalla Helsedataprogrammet etablert, lagt til det ferske Direktoratet for e-helse, med mål om betre utnytting og sikrare handtering av data i dei nasjonale helseregistera. Parallelt med dette arbeidde eit regjeringsutval med å foreslå tiltak for eit meir effektivt system for utnytting av helseregisterdata i forsking, innovasjon og næringsutvikling.

Alle som får behandling i spesialisthelsetenesta, hamnar i eitt eller fleire helseregister. Målet er at opplysningane skal føre til betre helsetenester ogsjukdomsførebygging. Foto: Paul S. Amundsen

– Når det kjem søknader til registera, til dømes slike som vi i Folkehelseinstituttet forvaltar, så må ein først lese søknaden og sjå om det formelle er på plass, byrjar Marta Ebbing, fagdirektør for helseregister i Folkehelseinstituttet (FHI). Ho leia Helsedatautvalet som leverte rapporten sin sommaren 2017.

– Er det ikkje det, må søknaden sendast inn på nytt. Ofte treng forskarane fleire datasett, og er dei spreidde, tek det tid. Då får du alle dei vanlege problema: Først skal nokon gjere sin bit, så må dei vente på at andre skal gjere sin. Og så er det brått nokon som er vekkreiste eller i permisjon, og ingenting kan skje før dei kjem tilbake. Og forskarane svarar heller ikkje alltid på e-posten sin med ein gong, om det er avklaringar som må gjerast. Og så, når datasetta endeleg er klare, skal dei lagrast på krypterte minnepinnar og sendast i papirposten, og det tek jo dagevis, seier ho.

– Så det vi må gjere, er å slutte å levere ut data og heller gje forskarar tilgang til datasetta inne på eit «sikkert rom», der vi kan logge kva folk gjer medan dei er inne i rommet.

Teknologien kjem

Tekniske løysingar for slik datahandtering finst allereie. Fleire universitet og forskingsinstitusjonar har slike system: Forskarane kan ikkje laste ned sensitive data på sine eigne datamaskiner, men må logge seg inn på eit sentralt system og analysere datasetta der. Aktiviteten blir logga slik at ein kan halde oppsyn med kva som blir gjort med datasetta.

I regi av Direktoratet for e-helse er ei slik løysing under utvikling på nasjonalt plan: ei helseanalyseplattform som skal gje enklare tilgang til helseregisterdata ved at ein innfører tekniske fellesløysingar for helseregistera. Både Jonasson ved NTNU og Riise ved UiB er avventande positive.

– Vi vonar at det kjem gevinstar av dette arbeidet tidleg, men dette er noko som skal byggast ut trinnvis, så det vil nok ta nokre år før vi får fullt utbyte av det. Eg vonar politikarane finansierer denne satsinga, seier Jonasson. Han medverkar sjølv i Helsedataprogrammet som leiar av ei arbeidsgruppe som skal gje innspel og faglege vurderingar om næringsutvikling og innovasjon basert på helseregistera.

– Arbeidet med helseanalyseplattforma ser lovande ut, men eg trur nok det tek litt tid før det er oppe og går, seier Riise.

Rett før påske kunngjorde regjeringa at det er sett av 150 millionar kroner over tre år på Forskingsrådets budsjett, til arbeidet med analyseplattforma. Samstundes vart ein ny nettstad med søknadsinformasjon til forskarar, lansert.

Logikken i EUs nye personvernforordning er at brukarane gjer vurderingar sjølve, seier Marta Ebbing. Foto: Paul Sigve Amundsen

Vil kutte i søknadsmengda

Dei andre tiltaka som fleirtalet i Helsedatautvalet tilrådde, er no til behandling i Helse- og omsorgsdepartementet. Det som har vekt mest motstand, er kanskje forslaget om å skrote dagens ordning der forskarar må søke om førehandsgodkjenning for prosjektet sitt frå dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) eller Datatilsynet. I staden skal forskingsinstitusjonane etter forslaget heller gjere sine eigne etiske og personvernmessige vurderingar – med visse om at dei blir straffa om dei bryt reglane.

– Eg trur det sit langt inne å fjerne førehandsgodkjenninga hos REK, men personleg meiner eg at det ikkje ville vere noko stort tap. Forskarane må sjølve gjere etiske vurderingar opp mot det strenge regelverket for bruken av dei godt beskytta dataa frå helseregistera, seier utvalsleiar Ebbing.

Utvalet skriv at meirverdien av førehandsgodkjenninga for personvernet er liten, og at det snarare fører til meir byråkrati. Registereigarane må uansett vurdere mange av dei same aspekta før dei leverer ut data. EUs nye personvernforordning, som blir norsk lov i løpet av våren, krev heller ikkje førehandsgodkjenning, men legg meir ansvar på institusjonane.

Føreslår hastetiltak

Men alt arbeidet som no er i gang, kor lovande det enn måtte vere, vil ikkje vere fullt realisert før om fleire år.  Kva kan ein gjere i mellomtida?

– Ein kunne til dømes leggje ut anonymiserte data, eller data på aggregert nivå, slik som oversikter over kor mykje astmamedisin som blir selt i Noreg, opplysingar som ikkje kan knytast til personar, seier helseøkonomen Melberg. I tillegg til å forske på registerdata har han lenge vore oppteken av problematikken rundt datatilgang – no for tida som medlem i ei av arbeidsgruppene som gjev innspel til Helsedataprogrammet.

– Eller ein kunne lage syntetiske datasett.

Syntetiske datasett er fabrikkerte, men variablane er statistisk fordelte på same måten som i det ekte datasettet.

– Syntetiske datasett kan brukast til å svare på ein del forskingsspørsmål. Og om dei ikkje gjev forskingssvar direkte, så kan dei brukast i undervising der du ikkje kan vise fram ekte data. Eller du kan bruke dei til å teste metodane dine, så du er klar når det ekte datasettet omsider kjem. Kostnadane treng heller ikkje vere så store. Å lage dei store teknologiske løysingane er mykje dyrare.

Fakta
<
Manglar ressursar

Den enklaste løysinga på kort sikt, meiner Melberg, er likevel å berre auke bemanninga ved registera.

Fleire helseregister har nemleg fått reduserte ressursar på same tid som dei skal handtere fleire førespurnader frå forskarar som får auga opp for det rike forskingsmaterialet i registera. Helsedirektoratet og FHI, som begge er ansvarlege for viktige helseregister, har opplevd budsjettkutt og nedbemanning som følgje av regjeringas avbyråkratiserings- og effektivitetsreform. Helsedirektoratet har ansvar for Norsk pasientregister, som inneheld opplysingar om alle pasientar som har vore i kontakt med spesialisthelsetenesta. Her har ventetida på forskingsutleveringar berre blitt lengre og lengre, og ho ligg no langt over dei lovbestemte fristane på tre eller seks månader, avhengig av type datasett.

Divisjonsdirektør for digitalisering og helseregister i Helsedirektoratet, Jan Arild Lyngstad, seier at dei er i ferd med å tilsette fleire i pasientregisteret.

– Vi har lenge hatt ein situasjon med langt etterslep på levering til forsking, og det er ikkje noko vi ønskjer. No skal vi styrke bemanninga med tre årsverk, som vi vonar å få i produksjon ganske raskt. Vi går også gjennom arbeidsmetodane våre for å identifisere flaskehalsar og sjå på korleis vi kan jobbe meir effektivt, seier han.

Han fortel at talet på førespurnader frå forskarar er ein liten del av totalen, men at desse oppdraga er tidkrevjande fordi dei må skreddarsyast og ikkje kan automatiserast like lett som leveringar til styringsføremål.

– Samstundes opplever vi god respons frå forskarar på dialogen dei har med oss og på kvaliteten på det vi leverer, så det er volumkapasiteten som er det store problemet. Vi har prøvd å skåne utleveringsseksjonen frå nedskjeringane i organisasjonen, og no set vi altså inn ekstra ressursar, seier han.

Klare til å ta fatt

Alle forskarane klør i fingrane etter å kunne ta for seg heile register og leite etter interessante mønster utan nokon starthypotese. Dette er ein framgangsmåte som har stort potensial, men er vanskeleg med det norske regelverket der til dømes kopling mellom helsedata og sosioøkonomiske data frå Statistisk sentralbyrå (SSB) er komplisert og dyrt.

– Vi har eit kjempespennande prosjekt på gang der vi vil ta for oss reseptregisteret og sjå om vi finn nokre interessante effektar av legemiddelbruk. Vi har fått prosjektet godkjent av REK, og vi hadde tenkt å få opplysingar frå SSB om utdanning, som er ein sterk indikator på helseåtferd. Men det gav vi opp, det ville ha teke altfor lang tid, seier Riise ved UiB.

– I staden brukar vi informasjon frå folkeregisteret og skatteregisteret. Då får vi dårlegare data, men til gjengjeld kjem vi i gang.

Melberg ved UiO manglar heller ikkje arbeid han gjerne vil gå i gang med.

– Det er mange som har store tankar om kor bra systemet ein dag skal bli. Men eg vil også ha data no.

Les meir: