Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Debatt | Kunstig intelligens

Vi ønskjer alle forskarar lykke til med sikker transkribering og håper å bidra til betre forsking

Vi beklagar at Nettskjema-diktafon ikkje leverte – automatikk kan svikte.

Vi beklagar at Eggebø har hatt ei dårleg oppleving med datainnsamling ved bruk av mobilappen Nettskjema-diktafon med automatisk transkribering frå tale til tekst. I Nettskjema blir alle lydopptak automatisk transkriberte ved hjelp av ein KI-modell på trygge UiO-eigde serverar plasserte her på Blindern. I samarbeid med Nasjonalbiblioteket har UiO sett opp KI-modellar som er trena på norske dialektar, samt tilgjengeleggjort fleire forskjellige spesialtrente modellar, blant anna ein på svensk.

Løysinga med automatisk transkribering kan til tider gje eit dårlegare resultat, men alt i alt opplever vi at brukarane er fornøgde med resultatet, og tenesta transkriberer fleire tusen lydopptak kvar veke. Tilbakemeldingane vi får er at dette faktisk gjer kvardagen til både forskarar og spesielt masterstudentar mykje enklare.

I dei tilfella der resultatet blir mindre tilfredsstillande, er ofte løysinga å sende opptaket til ny transkribering, gjerne med ein annan KI-modell. Det er beklageleg at dette ikkje går godt nok fram i tenesta Nettskjema, og det skal vi rette opp i.

Foreløpig er løysinga å laste opp lydopptaket til tenesta autotekst.uio.no og transkribere på nytt der. Her har du også moglegheit til å velje andre KI-modellar som er meir tilpassa lydopptaket. Enkelte lydopptak med dårleg lydkvalitet og mykje bakgrunnsstøy kan også gi dårleg resultat.

Vi minner også om at dersom det er lydopptak med sensitive persondata, så må desse sendast til TSD – Tjenester for Sensitive Data. Her er det også fleire KI-modellar tilgjengelege for sikker transkribering av lyddata.

Vi ønskjer alle forskarar lykke til med sikker datainnsamling og transkribering og håper desse tenestene frå UiO kan fortsette å bidra til betre forsking!

Vårt problem er at ikke-statlige aktører bidrar for lite til forskningen

Når forskere angripes for forskningen sin, må spørsmålet fra ledelsen være: «Hva gjør vi nå – sammen?»

Søkning til lærerutdanning – om å forenkle og forlede

Stipendiatene er universitetets au pairer

Musea er del av totalberedskapen

Stiftelser: Norge har noe å lære av Sverige på 1960-tallet

Veileder for å beskytte «skeiv forskning»?

Akademia er blitt et sted der tvangen til å posisjonere seg og hevde seg blir stadig mer gjeldende

Lukk meny