Meir til næringsretta forsking
LUKK
Annonse
Annonse

Meir til næringsretta forsking

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. november 2019 kl. 12:02

Regjeringa prioriterer havnæring og teknisk-industrielle institutt.

– For oss er dei 55 millionane som er løyvde til forprosjekt for Ocean Space Centre, det aller viktigaste i statsbudsjettet. Dette er svært gledeleg og nødvendig for at Noreg også i framtida skal vere ein leiande havnasjon, seier Alexandra Bech Gjørv, konsernsjef i SINTEF.

– Det viktigaste for oss er løyvinga til Ocean Space Centre, seier konsernsjef Alexandra Bech Gjørv i SINTEF. Foto: Thor Nielsen

Planen er at Ocean Space Centre skal bli eit nasjonalt senter for utdanning, forsking og teknologiutvikling for havnæringane. Blant anna skal det byggast nye havlaboratorium. Det nye senteret skal drivast av NTNU og SINTEF.

20 millionar til institutt

I budsjettet for 2019 auka løyvingane til teknisk-industrielle institutt med 40 millionar kroner, og i budsjettforslaget for 2020 kjem nye 20 millionar.

– Vi hadde håpa på ein endå større auke i 2020, men det viktigaste er at dette vil halde fram i åra som kjem, slik at det blir ei reell opptrapping, seier Gjørv.

Ho meiner det er positivt at langtidsplanen for forsking og høgare utdanning blir følgd opp med vidare satsing på teknologi, FoU for næringslivet og kvalitet i utdanning.

– Men det er skuffande dersom det er ein realnedgang i dei samla løyvingane til forsking, slik budsjettet først vart lese. Realiteten i dette er avhengig av korleis eit eittårig kutt til Forskingsrådet i 2020 skal tolkast. Noreg har eit stort behov for grøn vekst og omstilling, noko som krev at det blir satsa offensivt på forsking og innovasjon. I den samanhengen er det gledeleg med ein auke i basisløyvingane til dei teknisk-industrielle forskingsinstitutta, seier ho.

– Urovekkande kutt

Dagleg leiar Agnes Landstad i Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) er også glad for at dei næringsretta forskingsinstitutta får meir.

– Ikkje minst er det viktig at regjeringa vil auke basisløyvinga til dei teknisk-industrielle institutta med 20 millionar kroner. Vi er også nøgde med at regjeringa held fram med å følgje opp prioriteringane i langtidsplanen, sjølv om opptrappingstakten går ned frå 2019.

Men Landstad seier det er illevarslande at regjeringa vel å kutte i forskingsløyvingane.

– Særleg er det urovekkande at regjeringa foreslår å redusere dei strategiske forskingssatsingane. Klimaforsking, fornybar energi, næringsretta forsking og fornying i offentleg sektor er område som burde gjevast mykje større tyngd, seier ho.