«Vi som er på sjøen og fiskar, veit at det er mykje meir sild i havet enn forskarane vil ha det til.»– Vi har ikkje kome så veldig mykje lenger sidan Johan Hjort si tid når det gjeld å føreseie tilveksten i fiskebestandane, seier toktleiar Are Salthaug. – Vi har betre oseanografiske modellar, vi har fått mykje datakraft og langt meir empiri. Men biologien er meir kompleks enn modellane klarer å fange inn. Krympande stamme Sjølv det å måle fiskebestandar i notid er vanskeleg nok. For tida stridest forskarar og fiskarar om bestanden av norsk vårgytande sild (kalla NVG-sild, sjå eiga ramme). Denne sildestammen lever det meste av livet sitt i Norskehavet, og er særs vanskeleg å måle. NVG-silda kan gyte frå Troms til Lindesnes, ho kan spreie seg utover heile havet og klumpe seg saman i fjordane, og ho kan brått endre vandringsmønster. Og Norskehavet er over tre gonger større enn det norske fastlandet.

I sildestriden mellom forskarar og fiskarar er det to kulturer som kolliderer, meiner toktleiar Are Salthaug. Foto: Per Anders Todal
Den store stammen Norsk vårgytande sild er verdas største sildebestand, og har eit anna livsløp enn den haustgytande nordsjøsilda. NVG-silda gyter langs norskekysten i februar-mars. Larvane driv nordover med straumen og veks opp i Barentshavet. Den vaksne silda går ut i Norskehavet og beitar mest på det vesle krepsdyret raudåte. Kring 1970 kollapsa bestanden, og først i 1980-åra kom silda attende for fullt.Akustikk i strid Men har vi gode nok data til å vite kor stor sildebestanden er? Det er det sildestriden står om, og forskarar og fiskarar er rykande usamde om bruken av såkalla akustiske data frå sonar og ekkolodd. På toktet med «Johan Hjort» registrerer både sonaren og ekkoloddet kontinuerleg fisk i sjøen, men det er ekkoloddet som blir brukt til å vurdere mengda. Her er òg rom for skjønn: Toktleiar Are Salthaug syner meg korleis han tolkar informasjonen frå ekkoloddet. Han anslår storleiken på stimane, og vurderer om det er sild eller kolmule. Dei tettaste stimane, dei som gløder raudast på skjermen, er som regel sild. – Men silda kan òg vere vanskeleg å skilje frå kolmulen. Det er ein av grunnane til at vi gjer prøvehal med trålen, seier Salthaug. Sonar og ekkolodd har ulike eigenskapar, forklarer instrumentoperatør Bjarte Kvinge: Sonaren dekkjer eit større område, men er ikkje rekna som presis nok til å vurdere storleiken på fiskestimane. Ekkoloddet er betre til mengdemål, men strålen frå loddet dekkjer mindre areal og fangar ikkje inn sild nær overflata. Sildefiskarane meiner at havforskarane undervurderer bestanden fordi ekkolodda ikkje får med seg sild som står grunt. – Det er på eit vis to kulturar som møtest i denne debatten, meiner Are Salthaug. – Forskarane må basere seg på systematiske undersøkingar og empiri. Men mange av argumenta vi blir møtte med, er ikkje baserte på vitskap. Vi forskarar skal ikkje hovere, vi er heilt klart feilbarlege. Men vi er nøydde til å underbyggje påstandane våre fagleg. Pengane og sanninga Eg forlet «Johan Hjort» under ein kort stogg i Kristiansund. Toktet skal halde fram i over ein månad til. Eg for min del skal prøve å finne ut kvifor striden om sildebestanden har blitt så hard. Ei banal forklaring er at det berre handlar om sildekvotar, altså pengar. Kvotekutt er sjeldan populært blant fiskarane. Rett nok er det ikkje forskarane som fastset kvotane. Kvar haust møtest havforskarar frå ei rekkje land i Det internasjonale rådet for havforsking, ICES, for å bli samde om neste kvoteråd for bestandane i Nord-Atlanteren, mellom dei silda. Kvotetildelinga er opp til nasjonale styresmakter. Men Fiskeridepartementet har lytta til havforskarane sine silderåd dei siste åra, og kvotane er sterkt reduserte. I 2009 var den norske sildekvoten litt over ein million tonn, kvoten for 2016 er på berre 193 000 tonn. Med dagens sildeprisar har den differansen ein verdi på kring fire milliardar kroner. Det står altså mykje på spel. Dette handlar ikkje om pengar, men om å finne sanninga, seier fiskar Torfinn Gangstad, som er svært aktiv i sildedebatten. – Vi som er på sjøen og fiskar, veit at det er mykje meir sild i havet enn forskarane vil ha det til. Forskarane har stor kunnskap, men dei er ikkje så mykje på havet som vi er, seier Gangstad, som har 50 års erfaring frå sildefiske.
«Fiskarane kan hjelpe forskarane om dei er viljuge til å lytte.»I 2014 var han med på å starte prosjektet «Pelagisk Dugnad», der kring 120 reiarlag spleisar på bidrag til sildeforskinga. «Dugnaden» bidrog mellom anna til at forskingstokta for å kartleggje gytebestanden i februar, vart starta opp att. Desse tokta vart stogga av HI i 2008 som eit sparetiltak. Men samarbeidet om gytetokta har ikkje fått slutt på krangelen. Tvert imot. Usemje om tolkinga av sonardata frå toktet sist vinter gav konflikten ei ny omdreiing. Havforskarane vurderte nokre av sildestimane på sonarbileta til å vere under ti tonn. Gangstad og andre sildeskipperar vurderte dei same stimane til å vere på minst 250 tonn. Etter dette har striden eskalert i spaltene til Fiskeribladet Fiskaren. – Ingen er betre enn fiskarane til å vurdere storleiken på sildestimar, seier Gangstad. – For oss er det dyrt å ta feil. Er stimen for stor, kan han sprenge nota. Er han for liten, kastar vi bort tida. Men havforskarane verkar mest opptekne av å vise at dei har hatt rett i det dei har sagt før. – Fiskarane har ein økonomisk motivasjon. Om bestanden blir justert opp, blir det større kvotar? – Det er klart. Men vi har investert langsiktig i dette fisket, og er ikkje interesserte i å ruinere bestanden. Vi vil hauste berekraftig. Gangstad hevdar det er mange feilkjelder i sildeforskinga. Han meiner mykje sild ikkje blir fanga opp av ekkolodda, og at gytetoktet sist februar ikkje fekk med seg store mengder sild ved finnmarkskysten. Forholdet mellom fiskarar og havforskarar står no på spel, meiner Gangstad. – Om ikkje forskarane byrjar å oppføre seg meir konstruktivt, trur eg samarbeidet blir veldig vanskeleg framover. Men vi kan hjelpe forskarane om dei er viljuge til å lytte. Vi har mykje å bidra med sjølv om vi ikkje har doktorgradar. Da silda vart borte

Jens Christian Holst slutta ved Havforskingsinstituttet i protest i 2013. No talar den røynde havforskaren saka til sildeforskarane. Foto: privat
«Det stemmer ikkje at det har gått prestisje i dette spørsmålet for havforskarane.»– Ingen prestisje Havforskarane har i det siste kome noko av kritikken i møte. HI prøver å utvikle ein sonar for å måle storleiken på fiskestimar, og det er planar om at forskarar og fiskarar skal samarbeide om notkast på sildestimar ut frå sonardata, for å få ein fysisk fasit å halde målingane opp mot. – Det stemmer ikkje at det har gått prestisje i dette spørsmålet for havforskarane, seier Katja Enberg, som er programleiar for Norskehavet ved HI, og leiar for ICES-arbeidsgruppa for NVG-sild. – Om det var 20 millionar tonn sild i havet, ville eg blitt glad. Det ville gjort kvardagen min mykje enklare, seier Enberg. – Vi prøver verkeleg hardt å forbetre metodikken. Men skal vi endre systemet, må vi få alle i ICES med oss. Noreg forvaltar ikkje bestanden åleine. Og eg kjenner ikkje til nokon fiskebestand i verda som blir mengdemålt med sonar. – Jens Christian Holst meiner de burde lytte meir til fiskarane? – Vi snakkar med fiskarane i Fagleg utval for ressursforsking, vi har dialogmøte og er med på møta til fiskeriorganisasjonane. Mange viktige prosessar i ICES er òg opne for representantar frå fiskarane. Men likevel er det somme som ikkje kjenner seg høyrde. Eg hadde sett pris på det om dei i større grad framførte synspunkta sine i dei foruma vi har. Sildestriden kan vare lenge enno. Til hausten skal ICES igjen kome med kvoteråd for sildefisket. Ikkje alle kjem til å bli nøgde. Og ingen kjem nokon gong til å kunne seie sikkert kor mykje sild det er i havet. Frå toktet med «Johan Hjort» står særleg eitt minne tydeleg, ein ettermiddag med stiv kuling, da toktleiar Are Salthaug sat på brua og snakka om sjansane våre til å styre noko så mektig som Norskehavet. – Vi trur vi forvaltar dette økosystemet. Men gjer vi det? Vi kan skru noko opp og ned på éin brytar, den som heiter uttak av fisk. Men utover det? Eg er ikkje sikker, sa Salthaug. Vinden ulte, «Johan Hjort» gynga på fem meter høge bårer. Nett da kjendest det ikkje som om vi menneske kunne styre noko som helst.
– Vil overstyre forskere